
Gyrodactylus salaris er årsak til gyrodactylose og ein infeksjon med G. salaris er lista som ein F-sjukdom i Noreg. Førekomst av eller mistanke om parasitten skal straks meldast til Mattilsynet
Smittestoff og smittevegar
I Noreg finst Gyrodactylus salaris i fleire ulike genetiske og morfologiske variantar, men alle, med eitt unntak, har så langt vist seg å vera patogene for alle stammar av norsk atlantisk laks. I andre land er det observert at ulike laksestammar er variable mottakeleg for parasitten, og i laboratorieforsøk er det vist variabel patogenitet. Denne variasjonen kan forklarast med ulik evne hos laksestammane til å iverksetje ein immunrespons mot parasitten. Vasskvaliteten i enkelte elvar kan og vere med å regulere parasittpopulasjonen. Varianten av Gyrodactylus salaris som er påvist på røye i Numedalsvassdraget ser ikkje ut til å vera dødeleg for laks. Truleg har parasitten kome til vassdraget via utsetjing av fisk, til dømes med utsetjing av regnbogeaure (Oncorhynchus mykiss), men opphavet til parasitten i Numedalsvassdraget er ikkje kjend.
Laks (Sálmo salar), regnbogeaure og røye (Salvelinus alpinus) er mottakelege for Gyrodactylus salaris, medan vanleg aure (Sálmo trutta) er kjend som svært lite mottakeleg.
Sjukdomsteikn
Det er ingen tydelege teikn som skjel fisk med gyrodactylose frå fisk med andre ektoparasittinfeksjonar. Laks med gyrodactylose får ofte ein meir kvitaktig utsjånad på grunn av auka mengd slim på huda og tjukkare hud. Tidleg i infeksjonsperioden er det typisk at fisk gnir huda mot underlaget («flashing»), men etter kvart som talet på parasittek aukar, blir fisken mindre aktiv og til slutt apatisk. Parasittane sit festa med krokar til huda på fisken, og dei eit av fisken si hud. Etter kvart som talet aukar, blir det ei stor belastning for laksen. Han kan stryka med, anten på grunn av parasittinfeksjonen eller ved at parasitten disponerer for sekundære sjukdommar, som til dømes soppinfeksjonar. Høge Gyrodactylus salaris infeksjonar fører til fysiologiske endringar i fisken som kan vera døydelege.
Diagnostikk
Molekylærbiologiske metodar (PCR) og morfologi.
Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium (NRL) for fiskesjukdommar og WOAH referanselaboratorium for Gyrodactylus salaris.
Førekomst
Døydelege variantar av Gyrodactylus salaris har i alt blitt påvist på laks i 54 norske vassdrag. I tillegg er parasitten påvist på røye i fleire innsjøar i Fustavassdraget i Nordland. Ein ikkje-dødeleg variant er funnen på røye i fleire innsjøar i Numedalsvassdraget, Buskerud.
Pr. desember 2024 har 6 elvar kjent førekomst av Gyrodactylus salaris, 43 elvar er friskmelde etter behandling og fem elvar er under friskmelding.
Gyrodactylus salaris er innført til Noreg minst fire gonger, kanskje fleire. Kunnskap om ulike hendingar og genetiske undersøkingar bekreftar dette. Innførselen har skjedd med levande infisert fisk som har blitt importert i ulike samanhengar og til ulike føremål. Primærspreiinga har fyrst og fremst vore til anlegg med fiskeproduksjon, men også direkte til elv.
Parasitten har spreidd seg vidare frå infiserte anlegg med fiskeproduksjon via transport og utsetjing av fisk i andre anlegg og elvar, og ved rømming av fisk. Infisert fisk som har vandra i brakkvatn mellom elvar har ført til at parasitten er spreidd vidare.
Det er så langt ikkje kjent at Gyrodactylus salaris har blitt spreidd på andre måtar, til dømes med utstyr som er flytta frå eit infisert vassdrag til eit anna. Denne spreiingsmåten kan likevel ikkje utelukkast.
Overvaking
Veterinærinstituttet gjennomfører fleire overvakingsprogram for Gyrodactylus salaris på oppdrag frå Mattilsynet.
I tillegg gjennomfører Veterinærinstituttet epidemiologiske kartleggingsprogram på oppdrag frå Mattilsynet når parasitten blir påvist i nye vassdrag
Aktuelle overvakingsprogram:
- Overvakingsprogrammet for Gyrodactylus salaris i anlegg og elvar
- Friskmeldingsprogrammet for Gyrodactylus salaris
- Overvaking av Gyrodactylus salaris i Drammenselva
Tiltak
Norske styresmakter ønskjer å utrydja Gyrodactylus salaris i alle vassdrag der ein vurderer dette som mogleg. Dette blir i hovudsak gjort med rotenon som drep all fisk og dermed også livsgrunnlaget for parasitten. Rotenon drep òg andre dyr som pustar med gjeller, men dei fleste dyr har rekolonisert elvane raskt, først og fremst ved at dei kjem drivande nedover frå område som ikkje har blitt behandla. I Lærdalselva har aluminiumsulfat vore hovudkjemikaliet for å utrydja parasitten. Ved denne metoden blir parasitten drepen, medan fisk overlever.
Veterinærinstituttet er ansvarleg for å planleggja, gjennomføra og rapportera dei tiltaka som blir setje i verk på oppdrag frå Miljødirektoratet.