- ei synleg og viktig leiarstilling med påverknadsmoglegheiter
- aktiv deltaking i Veterinærinstituttet si toppleiing
- eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, faglege utfordringar og mangfald i ein fleksibel og inkluderande arbeidsplass
- gunstige avtalar for lån og pensjonssparing i Statens pensjonskasse, der 2 % av løna blir trekt som innskot
Stillingen blir løna etter Statens lønnsregulativ og plassert som avdelingsdirektør i stillingskode 1084.
Dersom dette verkar interessant for deg, ser vi fram til å motta søknaden din. Søknad med CV, vitnemål, attest og andre relevante dokument skal lastast opp elektronisk i rekrutteringsportalen Webcruiter.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å kontakte administrerande direktør, Gun Peggy Strømstad Knudsen, for ein uforpliktande samtale.
Vi gjer merksam på at CV blir nytta til utvida søkarliste. Dersom du ønskjer å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Opplysningar kan bli gjorde offentlege sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkarlista. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.
Veterinærinstituttet ønskjer å spegle mangfaldet i samfunnet og verdset kompetansen til den enkelte. Vi oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av til dømes alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi ønskjer også søknader frå deg som har vore utanfor arbeid eller utdanning i ein periode og oppfyller kvalifikasjonskrava til stillinga.