Lakselus

Lakselus (Lepeophtheirus salmonis) er ein naturleg ektoparasitt på laksefisk i saltvatn på den nordlege halvkula. Lusa et hud, slim og blod på fisken, og kan laga store sår dersom det er mange av dei på ein fisk.

Lakselus er listeført i Noreg (kategori F) og førekomst av lakselus skal rapporterast til Mattilsynet kvar veke ifølgje «Forskrift om bekjempelse av lakselus i akvakulturanlegg».

Verktøy for lakselusberekning

Veterinærinstituttet har utvikla to nettverktøy som skal bidra til betre lusekontroll. Lusekartet gir vekentleg oversikt over forventa smittepress med lus langs heile kysten, inntil to veker fram i tid. Lusekalkulatoren gir moglegheit til å sjå forventa framvekst av lusetalla i kvar merd inntil tre veker fram i tid.

Smittestoff og smittevegar

Lakselus er eit krepsdyr. Det finst fleire artar av lus på fisk, men den dominerande arten i Noreg på laks er lakselus (Lepeophtheirus salmonis). Lakselusa veks ved å skifta skal.

Dei vaksne lusa parar seg på fisken. Hoa slepper dei befrukta egga ned i to lange rekker som heng frå hennar genitalsegment. Ei ho kan laga minst 11 par slike sekker, kvar med fleire hundre egg.

Egga blir klekka og set fri det første av tre frittsømjande stadium, naupilus I. Naupilus II-stadiet blir til kopepodittar, som finn og infiserer fisken. I desse stadia, som kan vara i fleire veker ved låge temperaturar, kan lusa spreia seg over mange kilometer.

Dei neste stadia, chalimus 1 og 2, sit fast på fisken ved hjelp av ein tråd som er festa i huda på fisken. Preadult 1 og 2 og vaksne lus vandrar rundt på fisken, og det er desse som gjer størst skade.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Lusa et hud, slim og blod på fisken. Kor store skadane skal bli, heng saman med talet på parasittar på fisken, og på verten sin storleik og allmenntilstand. Mange parasittar på ein fisk kan laga store sår. Dei kan i neste omgang gje fisken problem med regulering av saltbalansen og gje opphav til sekundære infeksjonar. I verste fall kan alvorlege luseinfeksjonar vere dødelege for fisken.

Førekomst

Smittepresset frå lakselus blir påverka av kor tett fisken står, og det er vist at størst førekomst av lus finst i område med store mengder fisk. Oppdrett av laksefisk gir lusa fleire vertar å formeira seg på. Fleire vertar betyr også større smittepress, både mellom oppdrettsfisk og mot ville laksefiskar.

Lusa si utvikling heng saman med temperaturen, og ved høge sjøtemperaturar aukar smittepresset. Sjølv ved relativt få lus per oppdrettsfisk vil den totale produksjonen av lakselus frå desse vera mykje høgare enn på vill fisk, og desse parasittane  utgjer eit stort smittepress mot ville laksefiskar.

Overvaking

Eit overvakingsprogram styrt av Mattilsynet der Veterinærinstituttet koordinerer programmet, blei sett i gang i 2013 for å beskriva best mogleg effekten av legemiddel mot lakselus og for å gi råd om bruk av legemidlar for å kontrollera lakselus i oppdrett av laksefisk. Frå 2019 blei også resistens mot ferskvatn inkludert i programmet med ein feltstudie for å sjå etter skilnadar i resistens mellom lus frå områder med lav og høgare bruk av ferskvatn til avlusning.  

Gå til overvakingsprogrammet for resistens hos lakselus

Tiltak

Lakselus er listeført i Noreg (kategori F). Regelverket slår fast kor mange lus som per fisk som er tillatne i eit oppdrett, og lusenivået blir overvaka og rapportert rutinemessig.

Tiltak mot lus må setjast inn slik at grensa for kor mykje lus som er lovleg ikkje blir overskriden.

Det viktigaste tiltaket mot lus har vore bruk av legemidlar, men i det siste har ein sett  aukande resistensutvikling mot desse midlane. No er det ikkje-medikamentelle tiltak som brukast mest både til førebygging og behandling av lakselus.

I oppdrettsanlegg blir fisken behandla med legemidlar, eller ein brukar ikkje-medikamentelle tiltak. Legemidlane blir enten sette til i fôret (emamectin benzoat eller flubenzuroner) eller blir gitt som bad (pyretroider, azametifos, hydrogenperoksid). «Badet» blir laga ved å dekka til merden med ein heil presenning, eller fisken blir pumpa inn i ein brønnbåt der den blir behandla i eit lukka system. Bademidlane blir doserte direkte i vatnet.

Nokre lus vil alltid overleva ei behandling med legemidlar, og dersom ein lusepopulasjon blir behandla fleire gonger, vil det bli selektert lus som tåler meir verkestoff. Gena som kodar for slik toleranse vil dermed spreiast i populasjonen, og lusa kan bli resistent mot middelet. I Noreg er det nå utbreidd resistens mot fleire av dei godkjende legemidlane mot lakselus.

Fleire ulike ikkje-medikamentelle tiltak er tatt i bruk. Det mest utbreidde ikkje-medikamentelle tiltaket mot lus er bruk av rensefisk. Rensefisk et lus av laksen, og fisk som villfanga leppefisk eller oppdretta berggylta og rognkjeks kan brukast som rensefisk. Andre ikkje-medikamentelle tiltak er skjerming mot luselarvar (skjørt, nedsenka merd, straumskjørt), helsefôr, avl og andre ulike mekaniske tiltak. Bruk av laser blir også utvikla som ikkje-medikamentelt tiltak mot lus.

Rapporter

Forskningsprosjekter