Hundens dvergbendelorm
Hundens dvergbendelorm er ein parasitt som lever i tarmen til hundedyr. Parasitten sine egg blir skilt ut i avføringa. Dersom egga blir spist av andre dyr eller menneske, kan parasittblærer utvikla seg i indre organ, dette heiter cystisk ekinokokkose.
Ekinokokkose er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om sjukdommen skal straks meldast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
Hundens dvergbendelorm lever i tarmen hos hundar, ulvar og andre ville hundedyr. Desse dyra er endevertar for parasitten. Det vil seie at parasitten utviklar seg til vaksen orm og formerer seg i tarmen deira. Vaksne ormar skil ut egg som blir spreidde i miljøet gjennom avføringa til endeverten.
Dyr eller menneske kan bli smitta dersom dei får i seg egg frå miljøet, til dømes gjennom forureina jord, vatn eller mat, eller ved kontakt med dyrepels. Etter at egga blir svelgde, klekkjer dei i tarmen. Parasitten vandrar deretter vidare i kroppen, oftast til lever eller lunger. Der lagar parasitten gradvis væskefylte blærer (hydatidcyster). Desse blærene inneheld larvestadia til parasitten. Dyr eller menneske som ber utviklingsstadiet til parasitten, fungerer på denne måten som mellomvertar.
Livssyklusen til parasitten held fram når ein hund eller eit anna hundedyr et organ frå ein smitta mellomvert, til dømes eit byttedyr som inneheld hydatidcyster. Larvane utviklar seg då til vaksne bendelormar i tarmen hos endeverten, og livssyklusen blir fullført.
Menneske kan bli smitta ved å få i seg parasittegg, men smitta blir ikkje ført vidare frå menneske. Menneske blir derfor rekna som tilfeldige vertar i smittesyklusen til parasitten.
Legg merke til at revens dvergbendelorm (Echinococcus multilocularis) er ein annan parasittart og det er viktig å skilje desse frå kvarandre. Hundens dvergbendelorm gjer mindre alvorleg sjukdom enn revens dvergbendelorm.
Hundens dvergbendelorm - Echinococcus granulosus sensu lato-artskomplekset består av ti anerkjente genotypar (G). Desse genotypane er delt inn i fem arter. Dei ulike artane har ulike utbreiielsesområde og ulike dyregrupper/arter som viktegaste mellomvertar. Echinococcus canadensis G10 er den arten/genotypen av E. granulosus sensu lato som finst heilt nord i Europa, nærmare bestemt i Fennoskandia, mens dei resterande artane og genotypane i komplekset finst i sørlege og austlege delane av Europa, samt i store deler av resten av verda.
Genotype | Art | Mellomvert | Endevert | Førekomst |
G1 - 3 | Echinococcus granulosus sensu stricto (tidligere E. granulosus G1 og G3 | Sau | Hund | Storbritannia, sør- og sør-aust Europa. Er årsak til fleirtalet av tilfelle med cystisk ekinokokkose hos menneske i Europa. |
G4 | Echinococcus equinus | Hest | Hund | Sentral- og aust-Europa. Nest vanlegaste årsak til cystisk ekinokokkose hos menneske i Europa |
G5 | Echinococcus ortleppi | Storfe | Hund | Sentral- og Vest-Europa |
G6 - 7 | Echinococcus canadensis | Gris, geit og kamelider | Hund | Sentral- og Aust-Europa |
G8 og G 10 | Echinococcus canadensis | Hjortedyr (rein, elg, rådyr, hjort) | Hund og ulv | Nord-Europa* |
* I Fennoskandia (Noreg, Sverige og Finland) er det Echinococcus canadensis G10 som forekommer. Det finnes bare noen få kjente tilfelle av E. canadensis G10 hos menneske fra hele verden og kun ett tilfelle i Europa (Finland). I en nylig studie fant man at denne arten utgjorde 0,8 % av tilfellene av cystisk ekinokokkose med kjent genotype i Europa i perioden 2000-2020 (Casulli et al., 2022).
Sjukdomstegn og diagnostikk
Rovdyr med parasittar i tarmen viser ingen sjukdomsteikn. Hos mellomvertane blir det danna spredte parasittblærer i indre organ, særleg i lever og lunger. Parasittblærene veks gradvis fortrenger det normale vevet i organet. Dette kan i nokre tilfelle føre til kliniske teikn på sjukdom. Utvikling av parasittblærene tek tid (månader til år). På grunn av den lange utviklingstida er det svært vanskeleg å spore tilbake til når mellomverten blei smitta.
Menneske kan bli smitta med parasittegg, og dermed bli ein mellomvert for parasitten. Les meir om ekinokokkose hos menneske på Folkehelseinstituttet sine heimesider.
Diagnostikk
Levande endevertar kan undersøkast ved å sjekke avføringsprøvar for parasittegg og molekylærbiologiske metodar (PCR) for identifisering av DNA frå parasitten i avføringa.
Dersom endeverten ikkje er levande kan ein gjere ein nøye mikroskopisk undersøking av tynntarmen og bekrefte funn av vaksne bendelormar ved arts/genotyping ved hjelp av molekylærbiologiske metodar.
Hos mellomverten (for eksempel hjortedyr) kan ein påvise sjukdommen ved funn av typiske parasittblærer i indre organ. Ein bruker molekylærbiologiske metodar (PCR) for å bestemme art/genotype av parasitten.
Førekomst
På 1950-talet var om lag ti prosent av reinsdyra i Finnmark smitta av Echinococcus granulosus sensu lato. I lys av dagens kunnskap kan ein ikkje stadfeste kva for ein genotype dei var smitta med. I våre dagar er infeksjon hos rein svært sjeldan. Siste mistenkte tilfelle i Noreg var i 2003. Den viktigaste årsaka til denne utviklinga er sannsynlegvis systematiske tiltak for å bryte smittesyklusen (medikamentell behandling av gjetarhundar og unngå å fôre hundane med rått slakteavfall). Parasitten Echinococcus canadensis G8/G10 blei påvist i lungene til ein elg frå Innlandet fylke i 2022. Under høstjakta i 2023 blei det påvist tre nye smitta elg, to frå Innlandet og ein i Sør-Trøndelag. Hausten 2025 ble det påvist eitt tilfelle av smitte hos elg i Innlandet. Parasitten er så langt ikkje påvist hos ulv eller hos andre hjortedyr enn elg, her i landet. Det har vore nokre få påvisningar av cystisk ekinokokkose hos importerte dyr i Noreg.
Førekomst i Sverige og Finland
Echinococcus granulosus sensu lato er påvist hos ulv i Øst-Finland og cystisk ekinokkose har blitt påvist hovudsakeleg hos hjortedyr (rein og elg) med enkelte tilfelle hos storfe (siste rapport i 1986) i Øst-Finland, og i hest (siste rapport i 1999) i Sør-Finland. I Sverige er Echinococcus granulosus sensu lato påvist i indre organ frå elg to gonger, ein gong på 1980-talet og ein gong på 1990-talet. Undersøkingar gjort av svenske biobankprøver frå ulv frå perioden 2012 -2020 viste to tilfelle av Echinococcus granulosus sensu lato, begge dyr blei felt i 2012. Molekylær artsbestemmelse av prøvemateriale frå hjortedyr frå Sverige og Finland bekrefta funn av Echinococcus canadensis (G10). Echinococcus canadensis (G10) har også blitt påvist hos ein hund i Finland.
Overvaking
Organ frå dyr som blir slakta til humant konsum i Noreg, blir undersøkt for sjukdomsteikn ved slakting. Noreg har per i dag ikkje eit spesifikt overvakings- og kontrollprogram for Echinococcus granulosus sensu lato. Jegerar blir oppfordra av Mattilsynet til å undersøke indre organ frå felte hjortedyr og melde frå til Mattilsynet ved mistenkelege funn. Som følge av jegerane sin innsats har det nå blitt påvist fleire tilfelle av smitte med parasitten til elg.
Tiltak
For å unngå smitte til hundar er det viktig å hindre at hundar får tak i slakteavfall. I tillegg tilrår ein å gje hundar med høg smitterisiko regelmessig ormekurbehandling (kvar 28 dag) med eit preparat som inneheld prazikvantel. Det er og viktig at hundeeigarar plukkar opp hundemøkk og vaskar hendene godt etter handtering av hunden. Desse tiltaka vil og redusere smitterisiko for menneske og miljø.