Campylobacter

Campylobacter er ei gruppe bakteriar der nokre kan gi sjukdom, særleg hos menneske. Tamme og ville dyr og fuglar er ofte friske berarar.

Det er særleg dei termotolerante (tåler varme) bakteriane som C. jejuni og C. coli som kan vera årsak til sjukdom hos menneske.

Smittestoff og smittevegar

Campylobacter blir skilt ut med avføring. Den smittar via ureina mat eller vatn, og ved kontakt med infiserte dyr eller menneske.

Bakteriane formeirar seg normalt ikkje i mat, men kan overleva lenge ved kjøleskapstemperatur. Frysing fører til sterk reduksjon av mengde bakteriar.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Dyr kan av og til bli sjuke, men oftast er dei symptomfrie berarar av bakteriane. Diaré kan førekoma, særleg hos unge individ. Mange tamme og ville dyr og fuglar er friske smitteberarar.

Campylobacteriose hos mennesker

Campylobacteriose er den vanlegaste registrerte årsaka til bakteriell tarmsjukdom hos menneske i Noreg. Om lag halvparten av sjukdomstilfella her i landet er smitta innanlands. Ein har i Noreg funne at udesinfisert drikkevatn, fjørfeprodukt kjøpte rå, dårleg hygiene under grillmåltid og ved tillaging av fjørfeprodukt, uhygienisk kontakt med husdyr og upasteurisert mjølk er risikofaktorar. Les meir om campylobacteriose hos menneske hos Folkehelseinstituttet

Prøvemateriale frå dyr og mat kan undersøkast for Campylobacter ved bakteriologiske dyrkingsmetodar eller ved PCR.

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for Campylobacter frå fôr, dyr og mat.

Førekomst

Norsk slaktekylling er blitt undersøkt for Campylobacter sidan 2001. Resultata frå overvakinga viser at det er stor sesongmessig variasjon; i vinterhalvåret er det svært få positive flokkar, mens det i sommarhalvåret har vore veker med over 20 % positive flokkar. Det blir nå påvist Campylobacter i om lag 6% av slaktekyllingflokkane i sommarhalvåret. 

Bakteriane er vanlege i heile verda. C. jejuni er den vanlegaste varianten hos fjørfe og storfe, C. coli finst oftast hos gris mens C. upsaliensis finst oftast hos hund og katt. 

Campylobacter kan ofte isolerast frå ubehandla overflatevatn.

Overvaking

Handlingsplanen mot Campylobacter hos slaktekylling blei etablert i 2001. Sentralt i denne planen er eit overvakingsprogram med prøvetaking av alle slaktekyllingflokkar som blir slakta i perioden mai – oktober.

Gå til overvakingsprogrammet

Tiltak

Dei fleste (ca. tre firedelar) av dei positive slaktekyllingflokkane som er inkluderte i overvakingsprogrammet blir oppdaga før slakting, og produkta frå desse flokkane blir frosne ned i minst 3 veker eller varmebehandla slik at bakteriane døyr.

Campylobacter skal ikkje finnast i mat som er klar til å etast.