Revens dvergbandorm

Revens dvergbendelorm er ein parasitt som lever i tarmen til ulike rovdyr, først og fremst rev. Ormen sine egg blir skilt ut i avføringa.

Dersom egga blir spist av andre dyr eller menneske, kan parasittblærer utvikla seg i indre organ, med alvorleg sjukdom (alveolær ekinokokkose) som resultat.

Ekinokokkose er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om ekinokokkose skal straks meldast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Revens dvergbendelorm (Echinococcus multilocularis) er bare nokre få millimeter lang og finst primært i tarmen hos rev (raudrev, fjellrev). Parasitten kan og etablera seg i tarmen hos andre rovdyr som hund, mårhund og ulv. Smitta rovdyr er såkalla endevertar for parasitten. Dei skil ut store mengder parasittegg i avføringa si. Kattar kan også få parasitten i seg, men parasitten produserer berre få egg hos katt.

Andre dyr og menneske som får i seg egg frå rovdyravføring fungerer som såkalla mellomvertar for parasitten. Hos mellomvertane kan det utvikla seg parasittblærer i indre organ. Desse parasittblærene inneheld larvar som utviklar seg til kjønnsmoden bendelorm i tarmen til endeverten når denne et mellomvertar med smittsame larvestadier i.

I naturen blir smittesyklusen halden i gang med rev som endevert og ulike smågnagarar som mellomvertar.

Hundens dvergbandorm (Echinococcus granulosus s.l.) blir ofte forveksla med revens dvergbendelorm, men det er ein  annan parasitt. 

EM livssyklus.png

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Rovdyr som har parasitten i tarmen viser ingen sjukdomsteikn. Hos mellomvertane blir det danna stadig nye parasittblærer i indre organ over tid, spesielt i levra, og etter kvart oppstår det symptom på sjukdom og organsvikt.

Dersom menneske blir smitta med parasittegg frå rovdyravføring, kan det danna seg svulstliknande massar av parasittblærer i indre organ, særleg i levra. Det er ein prosess som tek lang tid, og symptom kan visa seg først etter 10-15 år. Sjukdommen er sjeldan, men svært alvorleg. Slik sjukdom hos menneske kallast alveolær hydatidose eller alveolær ekinokokkose.

Les meir om ekinokokkose hos menneske på Folkehelseinstituttets sine heimesider. 

Diagnostikk

Hos rovdyr kan revens dvergbendelorm påvisast gjennom nøye mikroskopisk undersøking av tynntarmen. Denne metoden er svært tidkrevjande . For undersøking av levande dyr og ved masseundersøking av dyr (rev) kan ein bruka molekylærbiologiske metodar (PCR) for identifisering av DNA frå parasitten i avføringa.

Hos mellomvertar blir tilstanden diagnostisert gjennom påvising av typiske parasittblærer i indre organ.

Førekomst

Parasitten er så langt ikkje påvist i fastlands-Noreg, men den finst i eit avgrensa område på Svalbard.Området rundt Grumant er der det finst der  mest egna smågnagarar austmarkmus og kan reknast som kjerneområdet, men rev kan vandre langt  og smitta rev er funnen så langt som 70 kilometer unna dette områdetI 2011 blei parasitten påvist fleire stader i Sverige. Førekomsten i Sverige er svært låg, og smittefaren til menneske blir førebels rekna for å vera liten.

Revens dvergbendelorm er relativt utbreidd i kontinental-Europa, særleg i Alpeområdet. Den finst i Russland, frå Kvitsjøen i vest til Beringstredet  i aust, og i baltiske land.

Overvaking

Veterinærinstituttet gjennomfører eit overvakingsprogram for revens dvergbendelorm hos raudrev, på oppdrag frå Mattilsynet. Føremålet med programmet er å dokumentera at Noreg enten er fri for eller har svært liten førekomst av parasitten.

Slik dokumentasjon trengst for at Noreg skal kunna stille krav om behandling av hundar mot denne parasitten, dersom dei kjem frå utlandet til Noreg. På denne måten kan norske hundar, ville dyr og menneske i Noreg bli verna mot denne parasitten.

Overvakingsprogrammet starta i 2006, men omfattar i tillegg prøvar frå rev samla inn i perioden 2002-2005.

Programmet er basert på analyse av avføringsprøver frå raudrev felt under ordinær jakt i heile landet. Det blir teke prøver frå ca. 520 raudrev kvart år. I tillegg blir tilgjengelige prøver fra  ulvar og mårhundar som blir felt, undersøkte.

Gå til overvakingsprogrammet

Tiltak

Ekinokokkose er ein listeført sjukdom hos dyr i Noreg, og Mattilsynet vil følgje opp mistanke og påvising av sjukdommen med tiltak for å hindre videre smitte.

Den største faren for smitteintroduksjon til Noreg er truleg irregulær import av kjæledyr (hund) eller regulær innreise av kjæledyr som ikkje er behandla med parasittmidlar etter forskriftene.

Alle hundar som kjem til Noreg frå utlandet, skal behandlast med parasittmiddel som eliminerer E. multilocularis frå tarmen til dyra. Hundar som kjem direkte til Noreg frå Finland, Malta eller Irland er unnatekne frå kravet om behandling. 

Les meir om reglar for behandling mot revens dvergbendelorm hos Mattilsynet.

Ved ferdsel med hund (katt) i område med kjent førekomst av revens dvergbendelorm, blir regelmessig parasittbehandling av hunden tilrådd kvar 4. veke. Dette gjeld særleg for jakthundar som har høve til å røra seg fritt og dermed kan fanga smitta smågnagarar. Dyr som ikkje får høve til å eta smågnagarar blir ikkje smitta.

Smitta hundar kan ha egg i pelsen, i tillegg til å skilja ut egg i avføringa. Ved første gongs parasittbehandling blir samtidig vask av hunden tilrådd. Vask av hunden blir også tilrådd om ein mistenkjer hunden for å ha vore i kontakt med avføring frå rev.