Verotoksinproduserande E. coli (VTEC/STEC)

Nokre variantar av bakterien E. coli produserer eit toksin, verotoksin eller shigatoksin. Slike bakteriar kan vera årsak til sjukdom hos menneske, som alvorleg tarminfeksjon (blodig diaré).

Menneske kan bli smitta ved inntak av ureina mat, direkte kontakt med smitteberande dyr og/eller avføring frå desse, via badevatn og via nær personkontakt.

Smittestoff og smittevegar

Verotoksinproduserande E. coli (VTEC) – også kalla shigatoksinproduserande E. coli (STEC) – er bakteriar som finst i tarmen hos drøvtyggjarar.

VTEC O26, O103, O111, O145 og O157 er ofte assosiert med sjukdom hos menneske. Av desse er VTEC O157 best kjend. Den blei første gong påvist i samband med eit større utbrot i USA i 1982. Smitten blei spora til hamburgarkjøt, og bakterien er difor også kalla «hamburgarbakterien».

To viktige eigenskapar hos VTEC er knytte opp til sjukdom hos menneske. Den eine er evna til å produsera verotoksin (VT) eller shigatoksin (Stx) som dei også er kalla, og den andre er evna til å produsera Intimin (koda av eit gen kalla eae), Intimin er viktig for at bakterien skal kunna festa seg i tarmen hos menneske, og er rekna som viktigaste årsak til sjølve diarésjukdommen hos menneske.

Smitte frå dyr til menneske kan skje ved inntak av mat eller vatn som er ureina med avføring frå smitteberande dyr, eller ved direkte kontakt med slike dyr og/eller deira avføring. Kjøtprodukt er fleire gonger sett i samband med sjukdom hos menneske. I tillegg er upasteurisert mjølk og mjølkeprodukt, ubehandla drikkevatn, badevatn , og grønsaker vatna med ureina vatn funne som årsak til sjukdom.

Person til personsmitte er også beskrive, men då i hovudsak smitte frå små born til deira omsorgspersonar.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Desse bakteriane er til vanleg ikkje årsak til sjukdom hos dyr.

Nokre variantar av VTEC er årsak til alvorleg sjukdom hos menneske, tarmbetennelse, og blir då kalla EHEC (enterohemoragisk (blodig) diaré) E. coli. I nokre tilfelle kan ein sjå alvorlege komplikasjonar (hemolytisk uremisk syndrom, HUS) med  nyresvikt og eventuelt død. Born, eldre og menneske med nedsett immunitet er spesielt utsette for sjukdom der årsaka er VTEC. Les meir om VTEC/EHEC hos menneske hos Folkehelseinstituttet.   

Diagnostikk

Det er ofte vanskeleg å påvisa VTEC/EHEC. Mange av typane har ikkje spesielle biokjemiske eigenskapar som kan skilja dei frå andre E. coli.

Noko som også gjer påvising av dei fem vanlegaste sjukdomsframkallande O-gruppene vanskeleg er at dei kan vera til stades utan å gi sjukdom. I tillegg kan det vera vanskeleg å finna bakteriane fordi berre få bakteriar kan vera til stades.

VTEC O-157 har ein spesiell biokjemisk eigenskap som gjer at det noko enklare å påvisa denne enn mange av dei andre O-gruppene. Den atypiske VTEC O-157 manglar denne eigenskapen.

Prøvemateriale (matvare eller avføringsprøver) blir undersøkte ved hjelp av PCR for påvising av DNA, for spesielle sjukdomsframkallande eigenskapar og for O-gruppe. Dersom prøva er positiv, går ein vidare med ein magnetisk kuleteknikk der ein spesifikt dreg E. coli av den spesielle O-gruppa ut av prøva. Ein kombinerer dette med standard dyrkingsmetodar og påvising av sjukdomsframkallande eigenskapar ved hjelp av molekylærbiologiske metodar (PCR).

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for VTEC frå fôr, dyr og mat.

Ei kartlegging av E. coli hos sau blei gjennomført på Veterinærinstituttet i 2006-2007, på oppdrag frå Mattilsynet.

Veterinærinstituttet er også rådgivarar og utfører faglege vurderingar og risikoanalysar når dette er aktuelt. I tillegg har Veterinærinstituttet forskingsprosjekt på VTEC.

Førekomst

VTEC generelt er vidt utbreidd i som del av dyra sin normalflora i den norske drøvtyggjarpopulasjonen. VTEC O26, O103, O111, O145 og O157 er berre funne i under 1 % av buskapane (hos mindre enn 0.3 % av dyra). Dette er ein låg førekomst samanlikna med mange andre land.

Unge drøvtyggjarar skil ut større mengder VTEC O157 i avføringa enn vaksne dyr, og fleire studium har vist ein topp i utskiljing på seinsommar/haust.

Ein har mest kunnskap om VTEC O157, fordi denne varianten var den første ein var merksam på, og fordi den blei rekna som spesielt sjukdomsframkallande hos menneske. VTEC O157 er lettare å påvisa enn dei andre variantane, og i tillegg til overvakingsprogram er det blitt utført fleire studium både nasjonalt og internasjonalt på denne varianten. Det finst også atypiske VTEC O157 (såkalla sorbitolfermenterande), og desse er det vanskelegare å påvisa.

Overvaking

Styresmaktene har sidan 1998 gjennomført enkelte undersøkingar med omsyn til førekomst av VTEC hos dyr og i mat.

Overvakingsprogram for patogene E.coli

Tiltak

Funn av VTEC hos dyr er ikkje meldepliktig som dyresjukdom.