Infeksiøs pankreasnekrose

Infeksiøs pankreasnekrose (IPN) er ein virussjukdom som først og fremst er knytt til oppdrett av laksefisk. IPN-viruset som er årsak til sjukdommen er globalt utbreidd, og er også påvist hos ei rekkje andre fiskeartar.

Viruset er svært utbreidd i norsk lakse- og regnbogeaureoppdrett. Sjukdommen er årsak til store økonomiske tap for næringa.

Smittestoff og smittevegar

IPN-viruset tilhøyrer genus Aquabirnaviridae i familien Birnaviridae. Viruspartiklane er nakne og genomet består av to dobbelttråda RNA-segment. Viruset er svært motstandsdyktig mot både låg pH og høg temperatur, og kan overleva utanfor verten i lang tid. Det blir inaktivert etter behandling med ulike desinfeksjonsmiddel som ozon, formalin og jod.

Mykje tyder på at IPN-virus kan overførast både horisontalt og vertikalt (via rogn). Ved eit IPN-utbrot vil sjuk fisk skilja ut mykje virus via avføring og urin. Mange individ som overlever eit IPN-utbrot blir persistent infiserte i lang tid etter utbrotet. Slike individ vil skilja ut virus i periodar, noko som kan føra til nye utbrot.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sjukdomsproblem er i hovudsak knytt til oppdrett av laksefisk, og oppdrettsfisk er truleg det viktigaste reservoaret for viruset. Tapa ved sjukdomsutbrot er ofte høgare i ferskvassfasen enn i sjøvassfasen, men det økonomiske tapet er truleg høgare ved sjukdomsutbrot i sjøvassfasen fordi kvar fisk er meir verdfull.

Variasjonen i dødelegheit kan variera frå ubetydeleg til 90 %, og yngel og post-smolt ser ut til å vera mest mottakeleg. I tillegg til alder/utviklingsstadium kan variasjonen i dødelegheit variera med virusstamme eller fiskestamme, men også med miljø- og driftsmessige faktorar.

Diagnostikk
Diagnosen IPN blir stilt histopatologisk i formalinfiksert vev ved påvising av nekrosar (vevsdød) i lever og/eller eksokrin pankreas (den delen av bukspyttkjertelen som produserer fordøyelsesenzym). Dette blir kombinert med positiv immunmerking (immunhistokjemi) av IPN-virus i affisert vev. Ein kan også påvisa IPN-virus i nyre ved virusdyrking i cellekultur og ved realtime RT-PCR.

Fordi mange fiskar er berarar av IPN-virus kan sjukdomsdiagnosen ikkje stillast ved viruspåvising åleine. Funn ved andre sjukdommar, som infeksjon med Flavobacterium psychrophilum eller Yersinia ruckeri, kan likna IPN i yngelfasen, og det er difor viktig å få IPN-diagnosen bekrefta ved laboratorieundersøking.

Førekomst

IPN blei fyrste gong beskriven som smittsam tarmbetennelse hos aureyngel i Canada så tidleg som i 1941. IPN-viruset blei påvist på 50-talet i USA, og første påvising i Noreg var i 1975. Frå 1980-åra har IPN vore eitt av dei største sjukdomsproblema i norsk fiskeoppdrett. IPN-viruset er vidt utbreidd globalt og er årsak til store økonomiske tap også i andre land med stor produksjon av laksefisk, som Chile og Skottland.

Viruset har eit breitt vevsspekter og er påvist hos ei rekkje fiskeartar, men også hos andre artar, som blautdyr, krepsdyr og blekksprut. Kvart år publiserer Veterinærinstituttet statistikk over talet på IPN-utbrot i norske fiskeoppdrett i fiskehelserapporten. Det har vore ein klar nedgang i talet på tilfelle i dei siste åra.

Tiltak

Det er viktig med tiltak for å unngå å få smitte inn i setjefiskanlegg, og i dei siste åra har ein prøvd å fjerna «hus-stammer» av IPN-virus frå setjefiskfasen. Dette har gitt ein merkbar nedgang i talet på setjefiskanlegg med utbrot hos yngel, men også hos post-smolt etter at fisken er sett i sjøen.

Vidare har det i lengre tid vore avla på fisk som er meir resistent mot IPN, og ny teknologi er utvikla for å finna fram til laksegen som kan koplast til IPN-resistens (såkalla QTL). Resultata frå denne forskinga har bidratt til ein merkbar nedgang i talet på årlege IPN-utbrot.

Ein stor del av norsk laks blir vaksinert mot IPN, men effekten av vaksinasjon er usikker samanlikna med dei andre førebyggjande tiltaka. Vaksinering medverkar truleg til å redusera tapa ved sjukdomsutbrot, men hindrar ikkje at smitta fisk blir virusberarar, med etterfølgjande risiko for nye utbrot.

Trass i avl for ein meir motstandsdyktig fisk, smittehygiene i setjefiskfasen og vaksinering, så er tapa ved IPN-utbrot betydelege. Tapa er ofte knytte til stress. God vasskvalitet, rett fôr og drift (good management practice) er difor viktig for å unngå store tap. I tillegg til tap knytte direkte til eit IPN-utbrot kan det svekka fiskar som overlever utbrotet og gjera dei meir mottakeleg for andre sjukdommar seinare i sjøfasen. Mange melder til dømes om betydelege tap pga. HSMB og PD i fiskegrupper som har gått gjennom IPN-utbrot.