Listeria

Listeriose er ein sjukdom hos dyr og menneske, der årsaka er bakterien Listeria monocytogenes.

Sporadiske sjukdomstilfelle førekjem relativt ofte hos dyr i Noreg, særleg hos sau og geit.

Smittestoff og smittevegar

Listeria monocytogenes er ein bakterie som kan vera årsak til sjukdom (listeriose) både hos dyr og menneske. Bakterien finst naturleg i miljøet, mellom anna i vatn, jord, vegetasjon og hos ville dyr og husdyr. Den vanlegaste smittevegen for dyr er via ureina fôr, særleg surfôr av dårleg kvalitet.

Bakterien kan etablera seg i næringsmiddelindustrilokale og slik bli ei kjelde til ureining av mat. Bakterien kan formeira seg ved kjøleromstemperatur.

Sjukdomteikn og diagnostikk 

Dyr, og då særleg sau og geit, kan bli råka av sporadiske tilfelle av listeriose. Sjukdommen er og påvist hos tamrein men regnes som sjeldan. Dei fleste viser symptom frå sentralnervesystemet, men kan og få sepsis, abort eller augnebetennelse. Hos drøvtyggjarar kan bakteriane bli skilde ut i mjølka, og upasteurisert mjølk og produkt frå slik mjølk kan vera årsak til listeriose hos folk. Prøvemateriale frå sjuke eller daude dyr, eller mat, kan undersøkast ved dyrking ved tradisjonelle metodar for å identifisera L. monocytogenes (kvalitativt) og eventuelt i kva mengde (kvantitativt), eller ved molekylærbiologiske metodar.

L. monocytogenes blir karakterisert på serogruppe-nivå og delvis på serovar-nivå ved hjelp av immunologiske og molekylærbiologiske metodar. Molekylærbiologiske metodar kan også nyttast til å undersøka om isolat frå menneske og næringsmidlar i utbrot av listeriose er identiske.

Vaksne menneske viser ingen eller milde, influensaliknande symptom etter listeriasmitte. Hos nyfødde, gravide og andre individ med nedsett immunforsvar kan ein sjå alvorlegare sjukdom, som sepsis, hjerne- og hjernehinnebetennelse. Hos gravide kvinner kan infeksjonen føra til smitte av fosteret, sepsis hos fosteret og abort. Inkubasjonstida kan vara frå 24 timar til 3 månader. Les meir om listeriose hos menneske hos Folkehelseinstituttet.

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for Listeria frå fôr, dyr og mat.

Førekomst

L. monocytogenes finst i vatn, jord, vegetasjon og hos dyr. Bakterien kan finnast i pels, på klauver og i tarmen, særleg hos storfe og småfe. På grunn av dette kan råvarer som upasteurisert mjølk, rått kjøt og fisk innehalda L. monocytogenes.

Ein finn sjeldan L. monocytogenes i råvarer i Noreg, men bakterien kan etablera seg i næringsmiddellokale og såleis bli ei kjelde til ureining av matvarer som blir produserte der. Varmebehandla produkt kan også innehalda bakterien dersom dei kjem i kontakt med ureina utstyr, til dømes knivar som er nytta til oppskjering.

Undersøkingar i dei seinaste åra av rå fisk, røykt og grava fisk, rakefisk, reker, kjøt og kjøtprodukt, rå kylling, grønsaker, ost og is har vist at L. monocytogenes kan finnast i slike produkt. Fordi bakterien kan formeira seg ved kjøleromstemperatur, er matvarer med lang haldbarheitstid som blir etne utan vidare varmebehandling, moglege risikoprodukt.

I ein del matvarer, (som til dømes rå fisk og nokre typar varmebehandla kjøtvarer), kan L. monocytogenes formeira seg så raskt at ureining med berre ein bakterie kan føra til ein auke på meir enn 100 bakteriar i løpet av ei veke i kjøleskap, og enda meir om temperaturen stig over 4 °C i delar av perioden. Bakterien veks også godt i vakuumpakka næringsmidlar.

Veksten av L. monocytogenes kan dempast ved bruk av konserveringsmiddel og bearbeidingsprosessar som tørking, salting, røyking og raking. Bakterien blir drepen vad varmebehandling, men ikkje ved frysing.

Talet på registrerte tilfelle av listeriose hos menneske i Noreg har variert mellom 14 og 50 per år frå 1999 til 2013. Dei fleste tilfella har vore hos personar over 60 år, gravide eller personar med underliggjande sjukdom.

Nokre få gonger er utbrot som har omfatta fleire personar rapporterte. Ved eit utbrot i 1992, der 6 personar var råka, var smittekjelda vakuumpakka kjøtpålegg. Ein ureina skjeremaskin på eit storkjøken var årsaka til eit utbrot i 2005 der 3 personar var råka, og i 2007 blei 21 personar smitta og 5 døydde i eit utbrot. Årsaka var ein camembertost produsert ved eit gardsmeieri. I 2013 var det eit utbrot med rakefisk som smittekjelde.

Tiltak

Risikoen for sjukdom hos dyr aukar ved fôring med surfôr av dårleg kvalitet.

Grenseverdien for L. monocytogenes i matvarer er i dei fleste tilfelle sett til 100 bakteriar per gram. Dersom større mengder listeriabakteriar blir påviste, skal partiet trekkjast tilbake. Det finst også retningsliner for korleis matprodusentar kan vurdera vekstpotensialet til L. monocytogenes i eigne produkt, og ved hjelp av desse retningslinene kan ein fastsetja haldbarheitstid og lagringstemperatur for produkta. Ved funn av listeriabakteriar i produkt på marknaden bør produsenten gjennomgå rutinar og vurdering av haldbarheitstid.

Forbrukarane kan hindra oppformeiring av L. monocytogenes ved å senka kjøleskapstemperaturen til 4 °C eller lågare, ved å varmebehandla mat der dette er tilrådd og å eta maten innan haldbarheitsdato.

Spreiing av listeriabakteriar frå kontaminerte matvarer til andre matvarer kan hindrast ved vask av hender, knivar og skjerebrett etter at ein har handsama risikoprodukt, og ved å skifta kjøkenklutar og handklede ofte. Personar med nedsett immunforsvar, som til dømes gravide og folk som er under behandling for kreft, bør unngå risikoprodukt og følgja styresmaktene sine råd om kosthald på Matportalen.