Infeksiøs lakseanemi 

Infeksiøs lakseanemi (ILA) er ein alvorleg, smittsam virussjukdom hos laks. ILA-viruset er også påvist hos oppdretta regnbogeaure og hos vill sjøaure.

ILA er ein Liste 2 sjukdom, og førekomst av eller mistanke om ILA skal straks meldast til Mattilsynet. Påvising av ILA-virus skal også meldast til den internasjonale dyrehelseorganisasjonen (OIE), og funn kan påverke eksport av laks og aure.

Smittestoff og smittevegar

Viruset som er årsak til infeksiøs lakseanemi er eit akvatisk orthomyxovirus som liknar strukturelt på dei influensavirusa som er årsak til sjukdom hos fugl og pattedyr.

Viruset etablerer seg først i cellelaget (epitelet) som kler overflata av fisken, dvs slimhinner på gjeller og hud, for så å etablera ein infeksjon i cellelaget (endotelet) som kler innsida av blodkar og hjartet. Sjukdomen er smittsam. Til vanleg startar eit utbrot i ei merd og spreier seg til nabomerdar i løpet av veker og månader. ILA kan på mange måtar karakteriserast som ein «ulmebrann», men det er også registrert tilfelle med svært høg dødelegheit. Ein kan ikkje sjå bort frå at vertikal overføring av ILA-virus frå stamfisk til avkom førekjem, men dette betyr truleg lite for spreiing av ILA i norske oppdrett (sjå VKM si risikovurdering).

Epidemiologisk gransking av førekomst og spreiing av genetisk ulike variantar av ILA-virus har vist at ei avirulent form (HPR0) er vanleg utbreidd, særskilt knyta til hud og gjeller. Det er mykje som tilseier at mesteparten av laks i oppdrett gjennomgår ein eller fleire episodar med infeksjon med ILAV HPR0 i løpet av livet. Det er verken påvist sjukdom eller endringar i organ (patologi) ved funn av denne varianten av viruset. Det er no allment akseptert at HPR0-typen, gjennom spesielle mutasjonar, er opphav til sjukdomsframkallande (HPR-deletert) virus. Kjennskap til risikofaktorar som kan knytast til utviklinga av ILAV HPR-del ved funn av ILAV HPR0 er mangelfull, både når det gjeld kor ofte dette skjer, samt kva som driv denne utviklinga. Men, samanstilling av epidemiologiske data tyder på at overgangen frå ILAV HPR0 til virulent HPR-del virus skjer skjeldent.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

ILA-viruset gjev alvorleg anemi og angrip blodårene til laksen. Ved obduksjon finn ein til vanleg teikn på sirkulasjonsproblem, og meir eller mindre alvorlege blødingar i hud og på eller i indre organ. Ein ser ulike manifestasjonar av ILA. I nokre tilfelle ser ein berre anemi og generelle teikn på sirkulasjonsproblem, slik som ødem og opphoping av væske i buken, medan ein andre gonger finn mørke levrar, svulne nyrer eller milt, eller opphoping av blod i tarmen.

Eksakt lokalisasjon varierer, og blødingane kan mangla i dei tidlege stadia av sjukdomen. Sjukdomen endar med alvorleg anemi og tynt, utvatna blod.

Det daglege tapet i merdar med sjuk fisk er lågt, typisk 0,5 – 1 promille, men kan auka i tidleg sumar og vinter.

Når ein gjer innleiande diagnostiske utgreiingar er det andre sjukdomstilstander som kan forvekslast med ILA, særskilt i høve der det fins anemi, forstyrringar i sirkulasjonssystemet og blødingar. Det er fleire kjende tilfelle av ILA der ein først har mistenkt CMS, og ILA har også blitt knyta til problem med vintersår og generaliserte infeksjonar med Moritella viscosa.

Diagnostikk
Personell frå fiskehelsetenesta eller Mattilsynet utfører som oftast obduksjon av fisk og uttak av relevante prøvar i felt. Veterinærinstituttet tek imot ei oversikt over sjukehistorie og synlege endringar saman med prøvar av vev frå ulike organ. Prøvane blir undersøkte med histopatologiske teknikkar for å sjå etter endringar som er karakteristiske for ILA. I tillegg utfører ein viruspåvising i ulike prøvar frå vev. Til dette kan ein nytta fleire ulike metodar; immunhistokjemi (farging av virus i snitt frå vev) og testar for førekomst av virus (RT-PCR, dyrking i cellekultur). Det er krav om at funn av virus skal stadfestast med to ulike metodar for påvising. Alle virusisolata frå alle utbrot blir sekvenserte og genotypa for å bestemma slektskap mellom dei ulike virus-isolata, og eventuelt å kunna påvisa smittevegar.
Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for fiskesjukdomar og OIE referanselaboratorium for ILA.

Førekomst

Utbrot av ILA har til no berre vert kjend hos atlantisk laks i oppdrett, og vart første gong påvist i Noreg i 1984. Talet på ILA-utbrot pr. år hadde ein topp i 1990 med meir enn 80 utbrot. På slutten av 80-talet og i byrjinga av 90-talet sette Noreg i verk ei rekkje tiltak mot sjukdommen for å kjempe mot denne. Sidan 1993 har det i gjennomsnitt vore 10 utbrot av ILA pr. år i Noreg (variasjon 1-20 pr. år).

Virulent virus er også påvist hos regnbogeaure i samband med utbrot av ILA hos laks, men det er ikkje påvist sjukdom hos denne arten. Kva rolle infeksjon hos regnbogeaure har for smittespreiing, er ukjent. Men, det er påvist at infeksjonen hos regnbogeaure kan vare ved i mange månader.

Utbrot av ILA er blitt meldt frå dei fleste land med kommersielt lakseoppdrett, inkludert Skottland, Færøyane, Chile, og austkysten av Canada og USA.

Forekomst av ILA i Norge

Grafen viser antall tilfeller av ILA per år.

Månedlig oppdatering

Veterinærinstituttet oppdaterer månedlig utbrudd av ILA.  

Tiltak

ILA er ein Liste 2 sjukdom, og utbrot av ILA blir møtt med strenge tiltak. Ved påvising av ILA fastset Mattilsynet ei kontrollområdeforskrift. Kontrollområdet inneheld ei sone kor ein kjemper mot sjukdomen og ei sone for overvaking med detaljerte forskrifter om driftstilhøve, intensivert sjukdomsovervaking og prøvetaking. Normalt vil Mattilsynet krevja at sjuk fisk vert slakta ut så raskt som mogleg. All fisk i eit anlegg med ein ILA-diagnose vert rekna for å vera smitta, men Mattilsynet avgjer i kvar enkelt sak kor lenge klinisk frisk fisk kan verte ståande i anlegget. Risikoen for smittespreiing til naboanlegg er viktig for Mattilsynet si vurdering. Målet med tiltaka er å kjempe ned virusinfeksjonen og å avgrensa smittespreiing.

Det er utvikla vaksine mot ILA som kan nyttast i spesielle tilhøve, men vaksinen gjev ikkje fullt vern. Det er likevel ikkje tillate å vaksinera mot ILA i område som har fristatus for sjukdomen, i område som har godkjent overvakingsprogram eller der det ikkje er kjennskap til om sjukdomen er til stades ( § 8 i sjukdoms- og omsetningsforskrifta).