Surveillance for infectious salmon anaemia virus (ISAV HPRdel) in containment areas in Norway 2021

I 2021 vart det teke prøver i 307 anlegg liggjande i 40 ILA-kontrollområde. Det sjukdomsframkallande ILA-viruset, ILAV HPRdel, vart funne ved 16 anlegg. Alle desse anlegga enten hadde eller fekk ein ILA-diagnose i 2021.

Det blir gjennomført målretta overvaking for den sjukdomsframkallande varianten av ILA-viruset, ILAV HPRdel, ved alle anlegg som ligg i ILA-kontrollområde. Formålet med overvakinga er å avdekkja og hindre spreiing av ILAV HPRdel etter ILA utbrot.

Prøvene blir tekne ut av Mattilsynet (bekjempingssona) og fiskehelsetenesta (overvakingssona) og blir analysert ved utpeika laboratorium. Veterinærinstituttet samanliknar data og rapporterer på vegner av Mattilsynet.