Brucellose

Brucellose finst ikkje hos husdyr i Noreg i dag.

Brucellose er ein A-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om brucellose skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til brucellose er fleire ulike artar av bakterien Brucella. Bakteriane smittar ved inntak av upasteurisert mjølk og produkt av upasteurisert mjølk, og gjennom kontakt med smitta dyr, særleg storfe, geit, sau og svin.

I zoonosesamanheng er det særleg B. abortus (storfe), B. melitensis (småfe) og B. suis (svin) som er aktuelle. B. canis (hund) kan i sjeldne tilfelle også vera årsak til sjukdom hos menneske. Det er påvist marine brucellabakteriar hos kval og sel.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Hos husdyr fører brucellose til abort og nedsett fruktbarheit.

Hos menneske blir brucellose også kalla svingfeber (febris undulans), Middelhavsfeber og Maltafeber. Sjukdommen viser seg med nedsett allmenntilstand og svingande temperatur. Les meir om brucellose hos Folkehelseinstituttet. 

Førekomst

Storfebrucellose (smittsam kalvekasting) blei rapportert utrydda i Noreg i 1953 etter ein utryddingskampanje som starta i 1935. Brucellose hos sau, geit og gris har ikkje vore påvist her i landet.

Brucellose er vanlegast hos dyr og menneske i Midtausten, Afrika, Asia og Sør-Amerika, men finst også i nokre europeiske land.

Overvaking

Eit overvakingsprogram for Brucella abortus blei sett i gang i 2000. I starten blei mjølkeprøver undersøkte, men sidan 2005 har programmet gått ut på at alle storfebuskapar skal senda inn prøver dersom det har vore minst to abortar innan ein 12 månaders periode mellom 5. drektigheitsmånad og 14 dagar før kalving. Dei siste åra har mellom 8 og 15 buskapar blitt undersøkte kvart år.

Hos småfe har saue- og geitebuskapar blitt overvaka for B. melitensis sidan 2003. Designet på overvakingsprogrammet har variert. Nå blir blodprøver frå ca. 10 000 sauer og ca. 2700 geiter undersøkte kvart år.

Overvåkingsprogram for sau og geit 
Overvåkingsprogram for storfe

Tiltak

Brucellose er ein A-sjukdom. Alle storfe, sauer og geiter som blir importerte skal testast for antistoff mot Brucella. Det same gjeld alle rånar på avlsstasjon for svin.

Ved utanlandsreiser bør ein unngå upasteurisert mjølk og produkt av upasteurisert mjølk for å hindra at ein blir smitta. Bakteriane blir øydelagde ved varmebehandling (pasteurisering).