Tularemi (harepest)

Tularemi er ein bakteriesjukdom som kan smitte både dyr og menneske. Hare og smågnagar er spesielt utsett, og sjukdommen blir og kalla harepest eller lemenpest.

Tularemi er ein liste 3-sjukdom. Førekomst av sjukdommen hos dyr skal meldast til Mattilsynet.

Illustrasjonsbilde av hare i naturen.
Påvising av tularemi hos hare er eit varsel om at bakterien finst i området. Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Smittestoff og smittevegar

Tularemi forårsakast av bakterien Francisella tularensis. Det finst fleire underartar av bakterien. I Europa finst underarten Francisella tularensis holarctica.

Bakterien er svært smittsam, og kan overførast gjennom direkte kontakt med sjuke eller døde dyr, gjennom konsum av forureina vatn eller kjøt, via blodsugande vektorar som mygg og flått, og gjennom innanding av bakterieholdig støv. Bakterien kan overleva lenge i vatn og gjørme.

Mygglarvar kan bli smitta under utvikling i infisert vatn, og videreføra smitte til ferdig utvikla mygg. På den måten kan vaksne mygg overføra tularemi-smitte og utan at den har sugd blod frå eit smitta dyr.

Sykdomsteikn og diagnostikk

Hare er spesielt følsam for infeksjon med Francisella tularensis. Den døyr vanlegvis av blodforgifting få dagar etter smitte. Harar som er smitta utan å vise symptom (tidleg infeksjonsfase), eller harar som har tidlege symptom på sjukdom (går tregt i los), kan bli felt under jakt. Slike hareslakt utgjer ein stor smittefare for jegeren og familien til jegeren.

Mange smågnagarartar er følsame og døyr av denne infeksjonen. Kjæledyr og husdyr er relativt lite mottakelege for denne smitten, men hundar kan bli smitta om dei fangar/eter smågnagarar (lemen). Smitta hundar får stort sett forbigåande symptom på sjukdom (feber, nedsett matlyst), og dei viser vanlegvis symptom kun i få dagar. Nokre hundar vil ha behov for behandling hos veterinær.

Les meir om tularemi hos menneske hos FHI.

Diagnostikk

Harar som døyr av tularemi har eit lite spesifikt obduksjonsbilde. Dei kan ha moderat svullen lever og milt, og av og til små gråkvite prikkar (fokale nekrosar) i lever. Det mest konstante obduksjonsfunnet er fokale nekrosar i beinmargen.

Bakterien kan og identifiserast ved hjelp av genteknologiske metodar (PCR). Videre brukar ein immunhistokjemiske metodar for påvising av bakterien vev hos dyra.

Førekomst

Tularemi opptrer over store deler av den nordlege halvkule, inkludert Skandinavia. Infeksjonen er påvist hos meir enn 200 ulike dyreartar (pattedyr, fuglar, amfibier), men mottakelighet og bakteriens evne til å fremkalle sjukdom varierer sterkt mellom ulike dyreartar. I Noreg blir tularemi oftast diagnostisert hos hare, og dei fleste tilfellene ses på ettersommaren og om hausten. Sjukdommen er og påvist hos lemen her i landet. 

Tularemi opptrer regelmessig hos menneske i Noreg, men antal tilfelle varierer frå år til år. Det er flest tilfelle i år med store smågnagarbestandar. Som hos hare, er dei fleste påvisningane på ettersommaren og hausten, men det er også registrert tilfelle om vinteren. Lokale drikkevatnkjelder (brønnvatn) som er forureina med kadaver eller ekstrement frå smitta smågnagarar er ei viktig smittekjelde. Forureining av drikkevannskilder kan og skje om vinteren i samband med mildvêr og avrenning av smeltevatn. I Sverige og Finland er mygg den viktigaste årsaka til smitte til menneske. Smitte via insekt er og aktuelt i Noreg. I 2019 var insektstikk den vanlegaste årsaka til smitte hos dei som blei meldt inn til Folkehelseinstituttet.

Tiltak

Det er viktig i å sikre drikkevatnkjelder (brønnar) mot smågnagarar og tilsig av overflatevatn, spesielt i år med mykje smågnagar. Desinfeksjon eller koking av drikkevatn anbefalast under slike forhold.

Ver forsiktig og bruk engangshanskar om du må handtere av døde harar og smågnagar. Harar som viser teikn på sjukdom under jakt (går tregt i los), må ikkje slaktebehandlast. Mattilsynet har råd om handtering av døde harar og smågnagarar.

Rapporter

Helseovervåkingsprogrammet for vilt (ViltHOP)

Status harepest utbrudd og statistikk

Kontaktperson

Knut Madslien

Knut Madslien

Fagansvarlig vilt

Les siste nytt fra Veterinærinstituttet

 
Alle nyheter