Tuberkulose

Tuberkulose hos dyr og menneske er ein kronisk sjukdom med eit bredt vertsspekter der årsaka er ulike mykobakteriar. 

Mycobacterium tuberculosis er vanlegast hos menneske, mens årsaka til storfetuberkulose er Mycobacterium bovis. Storfetuberkulose er utrydda i Noreg.

Tuberkulose er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om sjukdommen skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Tuberkulose hos dyr og menneske er ein kronisk sjukdom der årsaka er ulike mykobakteriar. Det finst meir enn 130 ulike artar av desse bakteriane. Mange finst i naturen (jord, vatn og planter) og er ikkje årsak til sjukdom. Mycobacterium tuberculosis complex inneheld ei rekkje artar, mellom anna humane (M. tuberculosis, M. africanus og M. canetti), storfe (M. bovis), geit (M. caprae), gnagar (M. microti) og sel (M. pinnipedii) tuberkelbasillar. Det finst også andre mykobakteriar som kan vera årsak til tuberkuloseliknande lesjonar hos dyr, til dømes M. avium.

Mykobakteriar veks seint. Dei er syrefaste, stavforma bakteriar som tåler ytre påverknad betre enn mange andre bakteriar. M. bovis si evne til å overleva heng saman med miljøtilhøva, men bakterien kan overleva relativt lenge i jord og avføring. På beite kan bakterien truleg overleva i fleire veker. Den er ganske motstandsdyktig mot desinfeksjonsmidlar, men døyr raskt i sollys (UV-stråling) og ved 60 °C i om lag 10 minuttar.

Årsaka til storfetuberkulose er M. bovis, og hovudreservoaret er hos storfe. Sjukdommen kan også råka eit vidt spekter av varmblodige dyreartar, som søramerikanske kameldyr (alpakka og lama), geit, sau, hest, gris, rein, hund og katt. Storfe, bøffel, bison, geit og gris er rekna for å vera mest mottakelege, mens sau og hest er meir motstandsdyktige mot bakterien.  Storfetuberkulose er også ein zoonose, og menneske kan smittast via dråpesmitte, konsum av upasteurisert mjølk og ved nær kontakt med dyr som er infiserte og smitteutskillende. Storfetuberkulose hos menneske er vanskeleg å skilja frå vanleg tuberkulose, men smittar sjeldnare til andre menneske og dyr.

Søramerikanske kameldyr spyttar ei blanding av spytt og mageinnhald. Dette kan føra til overføring av M. bovis via spyttet til menneske. Frå England er det beskrive tilfelle der menneske er blitt smitta av alpakka.

Dei vanlegaste smittevegane for storfetuberkulose er via dråpesmitte til lungene, og i noko mindre grad via munnen til mage/tarm-kanalen. Tuberkelbakteriar kan finnast i spytt, avføring, mjølk, urin, utflod frå skjede og livmor, sæd og i væske frå opne prosessar, til dømes i perifere lymfeknutar. Drikkevatn kan vera kontaminert med mykobakteriar og har vore smittekjelde i enkelte utbrot. Kalvar kan vera fødde med tuberkulose eller smitta gjennom å drikka infisert mjølk. Sæd kan innehalda mykobakteriar. Det er også rapportert at smittespreiing kan skje via mjølkemaskin. Dyr på beite vil ha lågare smitteførekomst enn dyr i fjøs. Dette skuldast tettare dyrekontakt innandørs.

Eksperimentelt er det vist at det tek om lag 90 dagar frå eit storfe er smitta til dyret skil ut bakteriar.

Tuberkulose, der årsaka er M. tuberculosis, smittar hovudsakleg mellom menneske, oftast i form av dråpesmitte.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Tuberkulose spreier seg i kroppen i to stadium. Det dannar seg eit primærkompleks med lokal infeksjon der mykobakteriane først kom inn i kroppen, med infeksjon i lymfeknutar som dekkar området. Frå dette primærkomplekset spreier bakteriane seg til andre delar av kroppen.

Det kan gå kort tid eller månader og år frå dyret er smitta til det viser kliniske sjukdomsteikn. Symptoma heng saman med kva organ som er involvert og kor alvorleg infeksjonen er.

Tuberkulose utviklar seg vanlegvis snikande, men sjukdomsgangen kan variera sterkt. Frå dyret er smitta kan det gå kort eller svært lang tid til dyret viser kliniske sjukdomsteikn. Symptoma heng saman med kva organ som er involvert og kor alvorleg infeksjonen er.

Tuberkulose i lungene og i lungene sine lymfeknutar finst oftast hos storfe, lama og alpakka. Denne forma av tuberkulose gir ein kronisk, ofte undertrykt og fuktig hoste. Dyra kan også få pustevanskar. Forstørra lymfeknutar rundt svelget kan vera årsak til trong passasje, og ein kan høyra lydar synkront med andedrettet. Søramerikanske kameldyr er adaptert til å leva i høgda. Dei har stor lungekapasitet, og kan tapa opp til 90 % av denne før dei viser teikn på sjukdom. Dødsfall av magre individ kan vera einaste indikasjon på tuberkulose hos alpakka.

Tuberkulose i bukhola gir forstørra lymfeknutar som trykkjer på ulike indre organ og dermed er årsak til skiftande symptom. Gradvis avmagring, periodar med feber og diaré seint i sjukdommen kan førekoma.

Bakteriane kan spreiast til juret og føra til kronisk mastitt med utskiljing av bakteriar i mjølka.

Eit smitta dyr treng ikkje utvikla klinisk sjukdom, men hos nokre individ kan sjukdommen bryta ut etter påkjenningar som drektigheit, dårleg fôring og anna stress (reaktivering).

Diagnostikk

På grunn av sjukdomsgangen og eit variert klinisk bilete er diagnosen vanskeleg å stilla klinisk, og diagnostisering av tuberkulose hos levande dyr kan vera utfordrande.

Ved mistanke om sjukdommen kan ein bruka ein tuberkulintest (intrakutan test) som er ein forseinka hypersensitivitetstest. I denne testen måler ein graden av hevelse i huda 72 timar etter injeksjon av eit antigen kalla PPD. Tuberkulintesten er rekna for å vera den viktigaste testen til å diagnostisera sjukdommen hos storfe, og den blir vurdert til å vera relativt spesifikk. Hos lama og alpakka er tuberkulintesten av meir avgrensa verdi fordi testen i mange tilfelle er for dårleg til å plukka ut smitta dyr.

Ved interferon-gamma-testen blir blodprøver stimulerte med delar av bakterien. Testen skal vera i stand til å identifisera smitta dyr relativt tidleg i sjukdomsgangen, men er ikkje nytta til diagnostisering av tuberkulose i Noreg. Infeksjon med eller eksponering for andre, beslekta mykobakteriar kan gi falske, positive resultat ved testing for storfetuberkulose. Bruk av antigen som er spesifikke for M. bovis kan auka spesifisiteten.

Slaktedyr eller dyr som er avliva på grunn av klinisk mistanke, kan undersøkast patologisk og bakteriologisk, spesielt mistenkelege organ og lymfeknutar. Ulike molekylærbiologiske metodar kan også nyttast. Å sikra diagnosen krev dyrking og identifisering av bakteriane, noko som tek minimum åtte veker.

Fordi tuberkulose som skuldast M. bovis er ein alvorleg zoonose, skal ein vera varsam ved mistanke om sjukdommen. Daude dyr bør obduserast i eigna laboratorium, og organprøver bør takast ut utan å punktera infeksiøse prosessar. Klassiske obduksjonsfunn med påvising av syrefaste stavar indikerer tuberkulose, men bakteriologisk dyrking frå infeksiøse prosessar trengst for å vita kva type mykobakteriar som er årsak til sjukdommen. Det kan ta fleire veker før ein får dyrkingsresultatet.

Hos kameldyr kan det vera naudsynt å nytta ein kombinasjon av ulike testar for å auka sjansane for å identifisera smitta dyr. Ved å supplera interkutantesten med serologisk gransking kan ein auka sensitiviteten til det totale testregimet. Serologiske testar er rekna for å ha låg sensitivitet, og antistoff kan som regel berre påvisast seint i sjukdomsgangen. Ved å gjennomføra intrakutantesting 10-30 dagar før ein tek blodprøver for serologisk gransking kan ein auka sensitiviteten på dei serologiske testane.

Kontrollen ved import av kameldyr blir komplisert ved at tilgjengelege testmetodar har låg sensitivitet, og at dei serologiske metodane som er tilgjengelege også har låg spesifisitet. Infiserte kameldyr er ein smitterisiko for andre dyr i buskapen, for andre buskapar ved handel med livdyr, for andre husdyrartar, for menneske som steller dei og for vilt.

Symptoma hos menneske varierer atter kva organ som er råka. Ein kan sjå forstørra lymfeknutar, lungesymptom med kronisk hoste eller fordøyelsesproblem. Inkubasjonstida kan vera frå tre veker og opp til fleire år. Hos ca. 10 % av dei som blir smitta kan sjukdommen koma tilbake mange år etter førstegongs smitte. Tuberkulose hos menneske blir behandla med antibiotika. Ein kan hindra smitte av storfetuberkulose til menneske ved å unngå upasteurisert mjølk og produkt laga av upasteurisert mjølk, spesielt i utlandet. Les meir om tuberkulose hos menneske hos Folkehelseinstituttet.

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for Mycobacterium bovis.

Førekomst

Storfe er, som namnet indikerer, primær vert for M. bovis, men storfetuberkulose kan også råka andre dyreslag, både tamme dyr som gris, småfe, rein og oppdrettshjort, og ville dyr. I land med førekomst av storfetuberkulose reknar ein med at opp til 10 % av tuberkulose hos menneske skuldast M. bovis.

Den norske storfepopulasjonen har, med unntak av utbrot i to besetningar i Sogn og Fjordane i 1984 og 1986, vore rekna som fri for storfetuberkulose sidan 1963. Noreg er tildelt fristatus for storfetuberkulose av EFTA sitt overvakingsorgan ESA. Siste påvising i ein storfebuskap i Noreg var i 1986. Dei nordiske landa har, som Noreg, vore frie for storfetuberkulose i fleire tiår, men Sverige og Danmark har hatt storfetuberkulose hos oppdrettshjort.

I 2022 blei bovin tuberkulose igjen påvist i Noreg. Veterinærinstituttet tok i november 2022 imot organprøver frå ei melkeku som blei slakta i Rogaland. Det blei påvist Mycobacterium bovis i organprøvene. Vidare gransking viste at også 35 andre dyr i besetninga var smitta, i tillegg til fire dyr i ei kontaktbesetning. Mattilsynet følgjer opp utbruddet med prøvetaking og sporingsarbeid for å finne smittekilden. Påvisning av sjukdommen vil ikkje føra til at Norge mister fristatusen for sjukdommen, men dei to besetningane med positive prøver vil miste fristatusen mellombels fram til sanering er gjennomført.  

Infeksjonar med M. bovis er utbreidde i Afrika, delar av Asia og Amerika, New Zealand, og enkelte land i Europa. I Storbritannia, Spania, USA og New Zealand blir smittestoffet halde ved lag hos ville dyr. I Storbritannia, spesielt i Sørvest-England og Wales er storfetuberkulose eit svært alvorleg dyrehelseproblem. Sjukdommen har spreidd seg gradvis sidan 1980-talet, og epidemien er ute av kontroll. I 2012 blei bovin tuberkulose påvist i 5000 nye storfebuskapar, og 38 000 dyr er slakta. Omfattande livdyrhandel og etablering av bakterien hos grevling og ville hjortedyr har komplisert sjukdomskampen.

Tuberkulose hos søramerikanske kameldyr er eit avgrensa helseproblem i dag, og det er få rapportar om infeksjonar med M. bovis hos lama og alpakka i deira naturleg habitat i Sør-Amerika. Sjukdomsutbrot i New Zealand, USA, Nederland, Spania, Irland og Storbritannia i dei siste 15 åra har vist at alpakka og lama kan infiserast med M. bovis, og at dødeleg sjukdom kan råka desse dyreartane.

I Storbritannia, særleg i vest og sørvest, har tuberkulosestoda hos alpakka forverra seg dramatisk i dei siste åra. I august 2013 blei det påvist 80 eksisterande alpakka- og lamaflokkar med storfetuberkulose. Bestanden av søramerikanske kameldyr har vore stigande i dei siste åra, både i Noreg og i resten av Europa. Dyra blir importerte frå land med ein annan dyrehelsestatus enn Noreg, til dømes sørvest-England og Wales. I Noreg finst meir enn 1000 kameldyr, og ein betydeleg del av desse blir haldne saman med småfe og/eller storfe.

Den vanlegaste årsaka til tuberkulose hos menneske i Noreg er M. tuberculosis. Årleg blir det registrert nokre få tilfelle av storfetuberkulose hos menneske her i landet, men desse har alle vore smitta i utlandet.

Overvaking

Alle dyr som blir slakta i Noreg blir kontrollerte for tuberkulose på slaktehuset. Eit overvakingsprogram for tuberkulose blei etablert i 2000. Storfe, oppdrettshjort og kameldyr som ved slakting eller ved sjukdom er mistenkte for tuberkulose, er nå inkluderte i programmet.

Gå til overvakingsprogramma

Tiltak

Tuberkulose er ein liste 2-sjukdom. Storfetuberkulose er utrydda i Noreg, og difor er det viktig at ein ikkje importerer dyr med denne sjukdommen. Risikoen for import av storfetuberkulose ved innførsel av alpakka, særleg frå Storbritannia, har auka i dei siste åra. Kontakten desse dyra har med småfe og storfe kan føra til at smitten spreier seg vidare i drøvtyggarpopulasjonane i Noreg.

Tidleg påvising av tuberkuloseutbrot er viktig for å førebyggja og minska risikoen for smitteoverføring mellom dyr i ein buskap, mellom buskapar, til viltpopulasjonen, og til menneske.

Storfetuberkulose var utbreidd i Europa i siste halvdel av 1800-talet. Dei nordiske landa sette i gang med å bekjempa sjukdommen alt på 1890-talet.  I 1920 hadde ein undersøkt 44 000 buskapar i Noreg, og talet på sjukdomstilfelle var sterkt redusert. I 1932 sette ein i gang ein kampanje for å utrydda M. bovis. Dette målet nådde ein i 1963, bortsett frå to tilfelle på 1980-talet. Vesentlege tiltak for å nå dette målet har vore systematisk tuberkulintesting av storfe, kontroll for tuberkulose i den offentlege kjøtkontrollen og pasteurisering av mjølk.