Papegøyesyke - Aviær klamydiose
Papegøyesyke (også kalla psittakose, aviær klamydiose eller ornitose) er ein sjukdom som er forholdsvis vanleg hos selskapsfuglar. Bakterien som forårsakar sjukdommen kan også gje sjukdom hos menneske.
Papegøyesyke er ein liste 2-sjukdom, og førekomst eller mistanke om sjukdommen skal straks meldast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
Årsaka til aviær klamydiose er bakterien Chlamydia psittaci. Det finst fleire genotypar av bakterien, og nokre av desse er vanlegare hos bestemte fugleartar. Svært mange av selskapsfuglane i verda er berarar av desse bakteriane.
Ein smitta fugl kan skilje ut bakteriar sjølv om fuglen ikkje viser kliniske teikn på sjukdom. Infiserte fuglar skil ut smittestoff i avføring, spytt og sekret frå auger og luftvegar. Smitteutskiljing kan skje periodevis. Bakteriar i små vassdropar (aerosol), støv og anna organisk materiale er smittekjelder. Fuglar støvar mykje, og bakterien kan spreiast mellom fuglane sjølv om dei er plasserte med god avstand frå kvarandre. Smittestoffet kan overleve i over ein månad i miljøet, særleg dersom det er verna av organisk materiale. Regelmessig og godt reinhald av bur, mat- og vasskåler er derfor viktig.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Symptom på papegøyesyke hos fuglar kan vere diffuse. Fuglar som er smitta kan ha lett diaré, nedsett matlyst og milde symptom frå respirasjonssystemet. I nokre tilfelle kan sjuke fuglar vise tydelegare teikn på alvorleg sjukdom i luftvegane, hjartesekk, lever, bukhinna og milten. Fuglar som er smitta kan bere med seg smitten i fleire år utan å vise symptom på sjukdom. Dersom det er eit utbrot i ein flokk, er det vanleg at nokre fuglar viser tydelege teikn på sjukdom, mens andre har meir diffuse sjukdomsteikn. Sjukdomsutviklinga avheng mellom anna av smitteveg, fugleart, alder og helsetilstanden til individet, og kor aggressiv den aktuelle bakteriestammen er. Stress ved flytting eller fanging kan utløyse sjukdom.
Inkubasjonstida kan variere frå nokre dagar til fleire månader og opptil år. Vanleg inkubasjonstid er frå fem til 20 dagar.
Diagnostikk
Relevante kliniske teikn og sjukehistorie kan gje mistanke om papegøyesyke. Ved obduksjon av dyr som har ein akutt infeksjon av papegøyesyke, ser ein gjerne generaliserte betennelses forandringar med fibrinøs betennelse i kroppshinner, særleg luftsekker, hjartepose, leverkapsel og bukhinne. Ein finn og gjerne lungebetennelse og forstørra lever og milt. Hos dyr med meir kronisk sjukdom eller hos dyr som har eit mildt sjukdomsforløp finn ein ved obduksjon meir moderate forandringar, eller ingen makroskopiske forandringar.
Endeleg diagnose blir stilt ved påvising bakterien i vevs- eller svaberprøver frå dyret.
Førekomst
Infeksjon med C. psittaci kan gje sjukdom hos mange ulike fugleartar, som til dømes ville fuglar, fjørfe og selskapsfugl. Pattedyr som småfe, storfe, gris og katt kan og bli smitta. Sjukdommen kan óg smitte til menneske, kontakt med selskapsfuglar er vanlegaste smittevei. Les meir om aviær klamydiose/ornitose hos FHI.
Aviær klamydiose har ei global utbreiing. Svært mange av selskapsfuglane i verda er berarar av C. psittaci, og smitte kan følgje med ved import av selskapsfugl. Ville fuglar fungerer som eit reservoar for smittestoffet, og dei kan bere smitten med seg utan å vise teikn på klinisk sjukdom.
Me veit ikkje kor utbreidd dette smittestoffet er her i landet, sjukdommen er mest sannsynleg underrapportert. Dei siste åra har det blitt registrert nokre få tilfelle av aviær klamydiose hos selskapsfugl i Noreg.
Tiltak
Sidan papegøyesyke er ein liste 2-sjukdom, vil Mattilsynet gjere tiltak dersom det er mistanke om eller førekomst av denne sjukdommen. Tiltaka skal mellom anna fjerne smitte og hindre at andre dyr blir smitta.
Etter eit utbrot er det viktig å vaske og desinfisere hus og bur grundig for å unngå at nye dyr blir smitta. Bakterien tåler uttørking relativt godt. Bakterien er følsam for antibiotika og sjuke dyr kan behandlast.