Framleis lite antibiotikaresistens hos dyr og i mat
Det er framleis låg førekomst av antibiotikaresistens hos norske dyr og i mat. Bruken av antibiotika til dyr er rekordlåg.
Situasjonen når det gjeld antibiotikaresistens hos dyr og i mat i Noreg er framleis god. Det viser resultata frå NORM-VET i 2025. NORM-VET er overvakingsprogrammet for antibiotikaresistens i bakteriar frå fôr, dyr og næringsmiddel som Veterinærinstituttet utfører på oppdrag frå Mattilsynet. Veterinærinstituttet oppsummerer òg bruken av antibiotika til dyr.
Det er generelt lite antibiotikaresistens hos norske dyr, og låg førekomst av multiresistens, som betyr resistens mot tre eller fleire klassar av antibiotika.
– Overvakinga viser at vi framleis har ein låg førekomst av antibiotikaresistens hos dyr og i mat i Noreg. Det er viktig å følgje utviklinga over tid, slik at det ved behov kan setjast inn tiltak for å redusere førekomsten, og dessutan vurdere effekt av dei tiltaka som blir sette inn, seier Anne Margrete Urdahl, seniorforskar ved Veterinærinstituttet og prosjektleiar for NORM-VET.
Stabilt over tid
I 2025 blei det undersøkt prøvar frå friske kattar, storfe og griser. Resultata viser at førekomsten av antibiotikaresistens hos storfe og gris har vore relativt stabil dei siste ti åra. Resultata frå kattane er i samsvar med funna frå den førre undersøkinga i 2022.
Det blei òg undersøkt sjukdomsframkallande bakteriar frå katt og gris. Førekomsten av antibiotikaresistens i sjukdomsframkallande bakteriar er vanlegvis noko høgare enn i indikatorbakteriar som blir undersøkte frå friske dyr. Dette var òg tilfelle i undersøkingane i år.
– Overvakinga gir oss eit viktig grunnlag for å følgje resistensutviklinga hos dyr og i næringsmiddel. At nivåa framleis er låge, er positivt, men det er samtidig viktig å halde oppe den systematiske overvakinga, seier Urdahl.
Svært lite resistens i næringsmiddel
Det blei òg undersøkt prøvar av storfe- og svinekjøtt, og dessutan for første gong prøver av blåbær, jordbær og bringebær.
Det blei påvist svært lite antibiotikaresistens i næringsmidla som blei undersøkte. Resistente bakteriar blei funne i under éin prosent av prøvane frå svinekjøtt. I prøvane av storfekjøtt og bær blei det ikkje påvist resistente bakteriar.
Låg antibiotikabruk
Låg antibiotikabruk er eit viktig element i arbeidet mot antibiotikaresistens. Antibiotikabruk kan bidra til at resistente bakteriar blir utvikla og aukar sjansane for spreiing, og redusert og rett bruk er derfor eit sentralt tiltak for å avgrense resistensutviklinga.
I 2025 var salet av antibiotika til landdyr i Noreg på det lågaste nivået sidan rapporteringa starta i 1993. Totalt blei det selt 4272 kilo antibakterielle veterinærpreparat til landdyr. Av dette blei 3905 kilo brukte til matproduserande dyr og 367 kilo til kjæledyr.
– Antibiotikabruken til dyr i Noreg held fram med å halde seg låg. I tillegg var det svært lågt forbruk av dei antibakterielle midlane som Det europeiske legemiddelbyrået har tilrådd å avgrense bruken av, seier Kari Olli Helgesen, seniorforskar ved Veterinærinstituttet og fagansvarleg for legemiddelforbruk.
I fiskeoppdrett blei det brukt 498 kilo antibakterielle midlar i 2025. Det er 99 prosent lågare enn i toppåret 1987.
Norm-VET-rapporten blir lagd fram årleg saman med tilsvarande data for menneske i NORM/Norm-VET-rapporten.
Les meir
- NORM-VET 2025-rapporten
- Overvaking av antibiotikaresistens (NORM-VET)
- Overvakingsprogram for MRSA hos svin
- 25 år med overvaking av antibiotikabruk og antibiotikaresistens
- Nasjonal éin-helse-strategi mot antimikrobiell resistens 2024–2033