Trikinar

Trikinar er parasittar (små rundormar) som er årsak til sjukdommen trikinose. Dyr og menneske  blir smitta ved å eta larvar innkapsla i rått eller dårleg varmebehandla kjøt.

Trikinose er ein liste 2 sjukdom, og førekomst av eller mistanke om trikinose skal straks rapporterast til Mattilsynet. Dyr blir vanlegvis ikkje sjuke av infeksjonen.

Smittestoff og smittevegar

Trikinar (Trichinella spp.) er parasittar (rundormar) som er årsak til sjukdommen trikinose. Parasittane har eit vidt spekter av vertar, hovudsakleg pattedyr. Trichinella spp. går gjennom alle stadia i livssyklusen, frå larvar til vaksen orm, i ein og same vert.

Fire artar av Trichinella spp er truleg aktuelle under norske tilhøve. Dei kan alle smitta menneske, men det varierer kor effektivt dei infiserer svin. Dei har også ulik kulderesistens, vertsspekter og geografisk utbreiing.

  • T. nativa er einaste trikinart hos ville pattedyr i arktiske strok(vanleg hos isbjørn og polarrev på Svalbard). På fastlandet i Noreg er denne arten vanleg hos raudrev. T. nativa er lite infektiv for svin.
  • T. britovi er utbreidd frå Skandinavia i nord og ned til dei sørlege delane av Europa. Den er rekna for å vera moderat infektiv for svin. T. britovi er påvist hos norsk raudrev.
  • T. pseudospiralis er også vidt utbreidd hos ville dyr i Europa. Denne arten finst også hos fuglar. Den er blitt rapportert frå våre granneland, men ikkje frå Noreg. T. pseudospiralis er moderat infektiv for svin.
  • T. spiralis er svært infektiv for svin og er den Trichinella-arten som til vanleg smittar menneske gjennom konsum av svinekjøt. Den førekjem hos både tamme og ville pattedyr i heile verda, men er mest utbreidd på den nordlege halvkula. Førekomst hos ville dyr er oftast assosiert med slakteavfall frå svin i område der parasitten finst hos tamgris. Infeksjon med T. spiralis hos tamgris er ofte assosiert med produksjonssystem der det ikkje er fysiske barrierar mot ville dyr (inkludert rotter). Denne parasitten er så langt ikkje påvist hos raudrev her i landet.

Dyr og menneske blir smitta ved å eta rått eller dårleg varmebehandla kjøt og kjøtprodukt med infektive larvar. Larvane utviklar seg deretter til vaksne ormar i tarmen. Hoene produserer levande larvar som vandrar ut til tverrstripa musklar.

Menneske blir oftast smitta ved å få i seg lite varmebehandla svinekjøt, men også hestekjøt og kjøt frå andre artar, som bjørn, isbjørn og villsvin, har vore årsak til trikinose.

Trikinar i svinekjøt blir vanlegvis drepne ved frysing (-20° C i 2 veker) og varmebehandling (68° C), mens trikinar frå arktiske strok og alle trikinartar i hestekjøt kan tåla frysing betre.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Dyr blir vanlegvis ikkje sjuke av parasitten. Hos menneske er viktigaste symptom muskelsmerter, og alvorlege infeksjonar kan føra til døden. Les meir om trikinose hos menneske på Folkehelseinstituttet sine heimesider.

Diagnostikk

Tradisjonelt blir trikinar påviste ved å undersøkja tverrstripa muskulatur for larvar (fordøyingsmetode). Vidare artsdiagnostikk skjer ved genetiske metodar (PCR og sekvensering).

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for Trichinella spp.

Førekomst

Trikinar er i dag uvanlege hos husdyr i Noreg, og siste funn hos grisar var i 1994. Dei positive grisane blei slakta i Tønsberg og kom frå to buskapar. Dette var første påvising av trikinar hos svin sidan 1981.

Reservoaret for smitte til svin i Noreg er vill fauna. I ein studie utført ved Veterinærinstituttet i 1994/1995 og i 2002-2005 blei Trichinella-larvar påviste i 19 av 393 undersøkte raudrevar (4,8 %)

Trikinose hos menneske smitta her i landet har ikkje vore rapportert sidan 1980. Fleire land, særleg i Aust-Europa, rapporterer årleg om nye tilfelle av trikinose hos menneske som har ete  kjøt eller kjøtprodukt med trikinar frå svin eller hest.

Overvaking

Alle grisar (inkludert villsvin) og hestar blir kontrollert på slakteriet, og positive slakt blir kasserte. Andre artar av rovdyr/altetarar som blir etne (til dømes bjørn) bør også kontrollerast for trikinar.

Tiltak

Trikinose er ein liste 2-sjukdom. Som førebyggjande tiltak er det forbode å fôra grisar med usteriliserte matrestar. Opphaldsrom for grisar må haldast fri for rotter. Det er også forbode å gi pelsdyrskrottar som fôr til andre pelsdyr.