Rabies

Rabies er ein dødeleg virussjukdom i hjernen hos dyr og menneske. Ein skil mellom klassisk rabies og flaggermusrabies.

Klassisk rabies finst ikkje på fastlandet i Noreg, men blir sporadisk påvist hos ville dyr på Svalbard. Flaggermusrabies blei påvist hos ei flaggermus på Fastlands-Noreg i 2015.

Rabies er ein liste 1-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om rabies hos dyr skal meldast til Mattilsynet umiddelbart.

Smittestoff og smittevegar for klassisk rabiesvirus

Rabies, eller hundegalskap, er ein hjernebetennelse (encefalitt) som skuldast rabiesvirus – eit rhabdovirus som høyrer til i slekta Lyssavirus. Alle varmblodige dyr er antatt mottakelege for sjukdommen.

Så langt er det identifisert 18 ulike arter av Lyssavirus. Rabies lyssavirus er årsak til klassisk rabies og er knytt til visse rovdyr (hund, rev, katt, mårhund, manguster, mungoar og skunk) som fungerer som smittespreiarar og reservoar for viruset. I Europa er raudrev det viktigaste reservoaret, men mårhund kan òg vera reservoar dersom bestanden er tett. I låginntektstland er hund det viktigaste reservoaret for rabiesvirus, og over 99 % av dei humane tilfella av rabies i disse områda skuldast hundebitt. I område med utbredt smitte tar sjukdommen sannsynlegvis livet av fleire hundre tusen dyr kvart år.

Smitte mellom dyr, og frå dyr til menneske, skjer ved overføring av virushaldig spytt ved bitt, klor og sleiking på slimhinne eller skada hud. Eit rabiessmitta dyr skil ut virus i spytt nokre dagar før dyret viser kliniske teikn på sjukdom og fram til det døyr av rabies.

Sjukdomsteikn for klassisk rabies

Rabies råkar hjernen og gjer ein hjernebetennelse. Smitta dyr kan ha feber, nedsett allmenntilstand og unormal åtferd. Rovdyr vert ofte aggressive (jamfør “hundegalskap”) og hyperaktive, men kan også bli sløve og apatiske. Planteetarar utviklar oftast lammelser i kroppen. Dyret døyr vanlegvis 2-7 dager  etter at dei første teikna på sjukdom viser seg.

Etter at eit dyr har fått virus inn i kroppen, vandrar viruset via perifere nervar til sentralnervesystemet. Viruset held seg heile tida skjult for immuncellene, og det det blir ingen immunrespons mot viruset, heller ikkje antistoffer. Når viruset når hjernen, startar det med å formeire seg der, og etter nokre dagar viser dyret kliniske teikn på sjukdom. Prosessen kor viruset vandrar til sentralnervesystemet, den såkalla inkubasjonstida, kan variera. Vanlegvis varer inkubasjonstida i 1–2 månader, men ho kan vere både kortare og lengre, frå nokre veker til fleire månader.

Førekomst av klassisk rabies

Fastlands-Noreg har vore fritt for klassisk rabies sidan tidleg på 1800-talet. Rabies er derimot påvist hos ville dyr på Svalbard, hovudsakleg hos fjellrev og reinsdyr. Sjukdommen blei første gong diagnostisert på Svalbard i 1980. Då blei rabies påvist hos 12 fjellrev, tre Svalbardrein og ein ringsel. Fram mot 1999 var det enkelte påvisningar hos fjellrev. I 2011 blei rabies påvist hos fem fjellrev og ti reinsdyr, medan det i 2018 vart påvist hos fire fjellrev og eitt reinsdyr. Rabies blei påvist hos ein fjellrev i 2024 og hos tre fjellrevar i 2025.

Klassisk rabies finst på alle verdas kontinent unnateke Australia/Oceania og Antarktis. I høginntektsland finst sjukdommen hovudsakleg hos ville dyr, f.eks. rev og flaggermus, medan i låginntektsland førekjem sjukdommen primært hos hundar. I EU er rabies nærmast utrydda etter bruk av åtevaksinar til ville dyr. Sjå situasjonen hos dyr i Europa her.

Flaggermusrabies - smittestoff, smittevegar og førekomst

Flaggermusrabies blei påvist første gong i Europa i 1954. Det finst minst fem variantar av flaggermusrabiesviruset i Europa: European Bat Lyssavirus 1 og 2 (EBLV-1 og EBLV-2), Bokeloh Bat Lyssavirus (BBLV), Lleida bat lyssavirus (LLEBV) og West Caucasian Bat virus (WCBV). Ulike flaggermusartar er reservoar for desse virusa. EBLV-2 blei påvist for første, og førebels einaste gong i Noreg i 2015, hos ei vassflaggermus.

Flaggermus blir sjølv sjeldan sjuke av flaggermusrabiesvirus. Men flaggermus som er berarar av flaggermusrabiesvirus vil kunne smitte andre pattedyr dersom dei bit. Det er likevel få rapporterte tilfelle av dette. I løpet av dei siste 25 åra er det rapportert om fire humane dødsfall av EBLV-infeksjon, og to av desse var årsaka av EBLV-2. Fem sauer i Danmark, ein steinmår (Martes foina) i Tyskland og to kattar i Europa er blitt rapportert smitta med EBLV-1. Klassisk rabies er aldri påvist hos flaggermus i Europa. Det vert rådd til å ikkje å ta på daude eller sjuke flaggermus.

Førekomst av rabiesvirus hos flaggermus i Noreg er ikkje systematisk kartlagt.

For meir informasjon, sjå spørsmål og svar om flaggermusrabies.

Diagnostikk av rabies

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for rabies hos dyr. Sikker diagnostisering av sjukdommen skjer ved påvising av virus i hjernen ved molekylærbiologiske eller immunologiske metodar. Diagnosen kan kun stillast på daude dyr.

Serologisk gransking av antistoff mot rabiesvirus blir utført for å undersøkje dyrets immunrespons etter vaksinering. Antistoffundersøkelse er ikkje egna ved mistanke om rabies, for immunforsvaret rekk ikkje å utvikla antistoffer før dyret døyr.

Tiltak

Rabies er ein listeført sjukdom hos dyr i Noreg, og Mattilsynet vil følgje opp mistanke og påvising av sjukdommen med tiltak for å hindre videre smitte til andre dyr eller menneske.

Vaksine mot rabies kan førebyggje mot sjukdom. Det er svært sjeldan at vaksinerte dyr utviklar rabies.

Reise med hund, katt og ilder - eller import av desse

For å hindre rabiessmitte finst det egne reglar for å ta hund, katt og ilder inn til Noreg, etter opphald i utlandet. Det er krav om å vaksinere hundar, katter og ilder mot rabies dersom dei har vore i utlandet, og før dei kan tas inn til Noreg (unntak frå Sverige).

Dei fleste dyr er verna mot rabies etter vaksinering, men nokre hundar treng fleire vaksinasjonsdosar for å vere sikra mot sjukdommen. Eit antistoffnivå på minimum 0,5 IE/ml sikrar godt vern under opphald i rabiesendemiske område.

Du kan lese meir om kva slags reglar som gjeld for reise med hund, katt og ilder hos Mattilsynet.