Lymfemark (Rumenfilaria andersoni)

Lymfemark er ein parasitt som smittar rein og andre hjortedyr, særleg etter varme og våte somrar med mykje insekt. Ved kraftige infeksjonar kan reinen få redusert kondisjon, men som oftast sest lite sjukdom hos levande dyr. Ved slakt kan det sjåast utvida lymfekar på vomma med ormar inni. Parasitten er tidlegare påvist hos fleire hjortedyrartar i Fennoskandia og blei påvist for første gong i Finnmark, Noreg i 2024. Behandling med Ivomec veit.® fjernar ikkje alle parasittar.

Sjukdomsteikn 

Ved alvorleg infeksjon med lymfemark (Rumenfilaria andersoni) kan ein sjå redusert kondisjon hos reinen, men generelt er det lite sjukdom å sjå hos levande dyr. Lette infeksjonar gir ingen sjukdomsteikn. 

Ved slakt kan ein sjå utviding av lymfekara på vomma, med levande marker inni lymfekara (Sjå bilete under). Rundt markene kan det vere lokal hevelse, betennelsesreaksjon, og eventuelt arrvevsdannelse. 

Vaksne lymfemark (Rumenfilaria andersoni) inne i lymfekara på vomma hos ein rein (kvite piler markerer synlege parasittar som lange kvite trådar). Bilete: Sauli Laaksonen.
Vaksne lymfemark (Rumenfilaria andersoni) inne i lymfekara på vomma hos ein rein (kvite piler markerer synlege parasittar som lange kvite trådar). Bilete: Sauli Laaksonen.

Smittestoff og smittevegar 

Lymfemark har ein livssyklus som inkluderer hjortedyr og eit ukjent blodsugande insekt. Parasitten er påvist hos rein i reindrift og ei rekkje andre hjortedyr i Fennoskandia. 

Den vaksne kjønnsmodne parasitten i lymfekara lagar larvestadium (mikrofilariar) som går ut i blodet. Det tek omtrent 5 månader frå ein rein smittes til ein kan finne umodne larvestadium i blodet. Når etinsekt syg blod frå ein infisert rein blir utvikla parasitten vidare slik at han kan smitte ny rein. 

Smittestoff og smittevegar 

Lymfemark har ein livssyklus som inkluderer hjortedyr og eit ukjent blodsugande insekt . Parasitten er påvist hos rein i reindrift og ei rekkje andre hjortedyr i Fennoskandia. 

Den vaksne kjønnsmodne parasitten i lymfekara lagar larvestadium (mikrofilariar) som går ut i blodet. Det tek omtrent 5 månader frå ein rein smittes til ein kan finne umodne larvestadium i blodet. Når etinsekt syg blod frå ein infisert rein blir utvikla parasitten vidare slik at han kan smitte ny rein. 

Førekomst 

Lymfemark blei påvist for første gong i Fennoskandia hos finsk rein i reindrift i 2004. Parasitten er sidan påvist hos finsk skogrein, og dessutan elg, rådyr og kvithalehjort. Den blei påvist hos rein i reindrift i Norrland, Sverige i 2024 og 2025 og i Aust-Finnmark i 2024. Utbreiinga av denne parasitten er dårleg dokumentert. 

Prøvetaking 

Parasitten kan påvisast ved inspeksjon av lymfekara på vomma under slakting eller obduksjon (Bilete 1). Parasittane har ei kroppslengd på 3 - 10 cm. 

Nærværet av umodne larvestadium i blodet kan påvisast hos levande dyr. Blodprøvar for påvising av umodne larvestadium blir tekne i EDTA-blodprøveglas for å hindre koagulering, og kan frysast ned før innsending. Etter smitte tek det 5 månader før umodne larvestadium kan påvisast i blodet, tidlegast i november. Mengd umodne larvestadium aukar deretter fram mot neste sommar når insektaktiviteten er mest intens og forholda for vidare spreiing ligg til rette. Viss ein ønskjer ei oversikt over førekomst i ein flokk, kan ein t.d. undersøkje blod under vinterskilling. 

Behandling 

Infeksjonar med lymfemark kan delvis behandlast ved å gi Ivomec veit.® injeksjon (1 mL/50 kg under huda). Verkestoffet ivermektin drep berre umodne larvestadium i blodet og ikkje vaksne parasittar i lymfekara. Studiar viser at parasitten dukkar opp igjen i blodet etter omtrent to månader etter behandling. 

Førebygging 

Ein kan redusere smitte frå bukhulemark hos rein ved å bruke lufteområde når det er mykje insekt. Det betyr å flytte dyra til beite over tregrensa, ofte på høgfjellet, der kulde og vind gjer at mange insektartar ikkje trivst. 

Erstatning 

Det er mogleg å søkje Landbruksdirektoratet om erstatning ved omfattande tap av dyr til sjukdomsutbrot. Søknadskrava er beskrivne i Forskrift for Utviklingsfondet for reindrifta, kapittel 2. For meir informasjon om korleis dette har blitt gjort ved hjernemarkutbrot sjå artikkel i Reindriftsnytt 2020, nr. 2, side 18-23.

Meir informasjon 

Har du spørsmål om bukhulemark eller annan sjukdom på rein, ta gjerne kontakt med Reinhelsetjenesten på telefon 48 50 70 06 eller e-post: post@reinhelsetjenesten.no

Se også spørsmål og svar om lymfemark.

Kontaktperson:

Alle ansatte