Mykje fugleinfluensa hos villfugl – berre eitt utbrot hos fjørfe

Trass i mange viruspåvisingar hos villfugl i 2025 blei det berre registrert eitt utbrot av fugleinfluensa hos fjørfe her til lands.

I 2025 blei det påvist høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) hos mange ville fuglar av ulike artar over store delar av landet. Illustrasjonsfoto: Colourbox

– Overvakingsprogramma for fugleinfluensa viser at det sirkulerer fugleinfluensavirus blant villfugl fleire stadar i Noreg, men at det er svært uvanleg at smitten blir overført til fjørfebesetningar. Dette skil seg frå situasjonen i mange andre europeiske land som har liknande smittesituasjon hos villfugl, men der utbrot hos fjørfe førekjem langt hyppigare, sig Silje Granstad, fagansvarleg for fjørfe ved Veterinærinstituttet.

Veterinærinstituttet overvaker fugleinfluensa i Noreg i samarbeid med Mattilsynet. I 2025 blei det påvist høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) hos mange ville fuglar av ulike artar over store delar av landet, medan det blei gjort berre eitt funn av viruset hos tamfugl. Det var i september, i ei kommersiell besetning med 7500 verpehøner i Hadsel kommune i Nordland. Påvisinga kom etter mistanke om sjukdom på grunn av auka dødelegheit.

– Vi tolkar den låge førekomsten hos fjørfe her til lands som eit teikn på at den norske fjørfenæringa tek biotryggleik på alvor, og at det er sett i verk velfungerande tiltak for å førebyggje smitte, seier Silje Granstad.

Den rutinemessige, aktive overvakinga av kommersielt fjørfe, der det blir teke prøvar av dyr i besetningar utan teikn til sjukdom, avdekte heller ingen teikn til at smitten hadde spreidd seg utan å bli oppdaga.

Påvist hos 18 artar av villfugl

Ulike variantar av influensavirus blei påviste i 161 av 880 undersøkte villfuglar. Blant desse var det 77 fuglar som hadde høgpatogen fugleinfluensa. Dei fleste av desse blei undersøkte fordi dei viste teikn til sjukdom eller blei funne døde. Samtidig viser prøvetakinga som blei gjord blant tilsynelatande friske villfuglar som blei ringmerkte eller skotne under jakt, at dei òg kan vere smitteberarar. Dette inneber at viruset kan sirkulere i villfuglbestanden utan at ein ser store utbrot.

– Situasjonen i Noreg er tilsvarsande den vi ser i resten av Nord-Europa, der viruset blir jamleg påvist hos ei lang rekkje artar, men særleg hos andefuglar, rovfuglar og sjøfuglar, forklarer Bjørnar Ytrehus, fagansvarleg for vilt ved Veterinærinstituttet.

Totalt blei høgpatogen fugleinfluensa påvist hos 18 ulike villfuglartar. Dei fleste tilfella kom av H5N1-virus, men også H5N5-virus og virus som ikkje kunne klassifiserast fullstendig (H5nx) blei identifisert.

Les meir i overvakingsrapporten for 2025 for aviær influensa hos fjørfe

Les meir i overvakingsrapporten for 2025 for aviær influensa hos villfugl

Smitte hos ville pattedyr

Fugleinfluensavirus blei òg påvist hos seks ville pattedyr i 2025. Fem fjellrevar og éin raudrev testa positivt for HPAI H5N5-virus. Funna viser at viruset ikkje berre rammar fuglar, men også kan smitte pattedyr, sannsynlegvis gjennom kontakt med sjuke eller døydde fuglar.

Ved mistanke om smitte med fugleinfluensa hos fuglar og andre dyr, skal Mattilsynet varslast.

Del av europeisk overvaking

Overvakinga av fugleinfluensa blir gjennomført av Veterinærinstituttet i samarbeid med og på oppdrag frå Mattilsynet, og er ein del av EUs overvakingsprogram for aviær influensa. Programmet kombinerer aktiv overvaking, der dyr blir testa systematisk, med passiv overvaking basert på testing av rapporterte sjuke eller døde dyr.

Overvakinga blir òg styrkt gjennom EU-prosjektet One Health for Surveillance (OH4S), som skal gi betre forståing av korleis smitte blir overført mellom dyr, menneske og miljø. Veterinærinstituttet samarbeider tett med Folkehelseinstituttet om å tolke kva overvakingsresultata på dyr betyr for folkehelsa.