Yersinia enterocolitica 

Yersinia enterocolitica er ein bakterie som kan vera årsak til mage-tarminfeksjon, yersiniose, hos menneske. Bakterien kan finnast i tarmen hos husdyr, særleg gris, og ville dyr.

Bakterien finst også i vatn, jord og kloakk. Svinekjøt og svinekjøtprodukt er, saman med ubehandla drikkevatn, dei viktigaste smittekjeldene for menneske. Y. enterocolitica kan veksa i matvarer ved kjøleskaptemperatur.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til yersiniose er bakterien Y. enterocolitica. Av meir enn 70 serogrupper er det berre nokon som gjev sjukdom hos menneske. Serogruppe O:3, biotype 4 er vanlegast ved sjukdom i Norge og Skandinavia, men serogruppe O:9, biotype 2 har også gjeve utbrot. Det finns fleire virulensgener, og ail-genet vert nytta i påvisningsmetoder for sjukdomsframkallande Y. enterocolitica

Y. enterocolitica er tilpassa kulde og kan vekse ved kjøleskåpstemperatur. Bakterien veks i vakuumpakka matvarer og overlever frysing i lang tid. Den overlever ikkje pasteurisering eller vanleg koking og steiking.  Derimot overlever bakterien i miljø og på overflater, så rekontaminering ved kontaktsmitte, til dømes ved oppskjering, kan skje.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Dyr er stort sett friske berarar av Y. enterocolitica. Bakterien er isolert frå fleire dyreartar, mellom anna frå chinchilla, hare, sau og geit i samband med sjukdom, men oftast med andre serogrupper enn dei som er årsak til sjukdom hos menneske. Unntaket er svin der  infeksjonen ofte er subklinisk eller asymptomatisk, men der sjukdomen gjev klinisk utslag er hovudsymptoma lett feber med diaré og/eller oppkast. 

Svin er den einaste dyrearten som konsekvent er knytt til infeksjonar hos menneske. og blir rekna som hovudreservoaret for patogen Y. enterocolitica

Hjå menneske er det den siste 10-årsperioden årleg registrert mellom 60 og 120 tilfelle av yersiniose i Norge. Over halvparten av desse er smitta innanlands. Yersiniose er i dei fleste tilfelle ein mage-tarminfeksjon som varer i 1-3 veker, og dei vanlegaste symptoma er diaré, magesmerter, moderat feber og eventuelt kvalme og oppkast.

Dei fleste sjukdomstilfella har vore sporadiske, men det har vore større utbrot som i hovudsak vore knytte til svinekjøtt, som f.eks. sylte eller svinenakke, og ulike salatprodukt.

For å påvise sjukdomsframkallande Y. enterocolitica i prøver frå dyr og mat vert det brukt ein kombinasjon av PCR og tradisjonell dyrkingsmetodikk. Først blir prøvene analysert for ail-genet som finns i sjukdomsframkallande Y. enterocolitica. Deretter prøver ein å isolere bakterien frå PCR-positive prøver med dyrking. Dyrkingstrinnet kan vere svært tidkrevjande, frå 4-5 dagar opp til en månad. Mogelege Y. enterocolitica isolat blir testa  igjen for ail-genet og biokjemiske testar blir gjort for å verifisere om det er sjukdomsframkallande Y. enterocolitica eller andre Y. enterocolitica som er isolert. For å påvise smittekjelde til sjukdom, blir  isolat frå  menneske og mat/dyr heilgenomsekvensert for sjekke om dei har lik DNA profil.

Nyare informasjon har vist at såkalla Y. enterocolitica biotype 1A kan ha ail-genet. Denne gruppa av Y. enterocolitica (biotype 1A) har vorte rekna for ikkje å være sjukdomsframkallande for menneske, og det er uklart kva for rolle denne gruppa har.

Førekomst

Førekomsten av Y. enterocolitica og yersiniose er størst i land med kjøleg klima og i den kalde årstida.

Sjukdomsframkallande Y. enterocolitica er funnen i tarmen hos ei rekkje dyr, mellom anna hos hund, katt og rotter, men gris er det einaste dyret som ser ut til å vera regelmessig berar av bakterien. Bakterien blir skild ut med avføring, og smittar via ureina mat eller vatn.

Y. enterocolitica kan, i tillegg til i tarmen, også påvisast i munnhola hos gris, og kan finnast i store mengder på tunge og tonsillar. Undersøking av grisar i Noreg på 1980-talet påviste sjukdomsframkallande Y. enterocolitica i munnhola til 89 % av grisane og på 63 % av slakteskrottane. I 1995-1996 blei antistoff mot Y. enterocolitica O:3 påviste hos 80 % av 66 undersøkte avlsbuskapar og hos 35.5 % av dei undersøkte dyra.

På 1980-talet vart det påvist høg førekomst av Y. enterocolitica O:3 i munnhola og på overflata av norske griseslakt, og det vart påvist Y. enterocolitica i ein høg fraksjon av prøvene av rå svinekjøtprodukt. Med bakgrunn i forsking utført i Noreg, Sverige og Danmark, vart det midt på 90-tallet innført endringar i slakteprosessen for å redusere fekal forureining og talet yersiniosetilfelle i befolkninga gjekk ned. I ei undersøking av kverna svinekjøt og svinekjøtdeig frå 2019 vart det påvist sjukdomsframkallande Y. enterocolitica i 17 % av prøvene ved bruk av PCR, og bakterier isolert frå 6 % av prøvene.

I 2022 vart oppskoren frukt, grønsaker og salat; wraps, sandwichar og bagettar; og samansette produkt, samt heile vegetabilier undersøkte. Det vart ikkje isolert sjukdomsfarmkallande Y. enterocolitica frå nokon av prøvene, men 4,5 % gav positivt signal for ail genet på PCR.  Y. enterocolitica biotype 1A vart isolert frå ein av dei PCR positive prøvene, og tydinga av dette funnet for mattryggleiken er uklar.

Nest etter svinekjøt og svinekjøtprodukt er ureint drikkevatn og næringsmidlar som har vore i kontakt med ureint vatn dei viktigaste smittekjeldene for menneske i Noreg. I andre land har mjølk, tofu, spirer og grønsaker vore årsak til utbrot av yersiniose. Les meir om yersiniose hos menneske hos Folkehelseinstituttet.

Tiltak

Funn av Y. enterocolitica hos dyr og i matvarer er ikkje meldepliktig.

Sidan bakterien ofte finns i munnhola (tunge og tonsillar) og i tarminnhald hos grisar, er det viktig med god hygiene gjennom heile slakteprosessen og ved vidare foredling, for å hindra overføring av bakterien til slakteskrottar og produkt frå gris.

Rått svinekjøt og produkt frå svin, som medisterdeig og medisterfarse, må gjennomsteikast/kokast og ikkje smakast på så lenge det er rått. God kjøkenhygiene med vask av hender, knivar, skjerebrett etc. etter dei har vore i kontakt med rått svinekjøt eller rå svineprodukt er viktig for å hindre at bakterien blir overført til matvarer som skal etast utan varmebehandling.

Sikring av tilfredsstillande kvalitet på drikkevatn til folk betyr mykje for å førebyggja og kontrollera human yersiniose.