Leddbetennelse hos sped- og smågris

Leddbetennelse (artritt) er ei liding med fleire årsaksfaktorar, som er vanlegast hos spedgris og i mindre grad hos smågris etter avvenning.

Smittestoff og smittevegar

Leddbetennelsar hos spedgris er ofte forårsaka av bakteriemi eller sepsis, der sjukdomsframkallande bakteriar når fram til fleire ledd via blodstraumen og forårsakar polyartrittar. I tillegg er ein vanleg årsak overgriping til ledd frå betente sår på haser, framkne eller klauver.

Dei vanlegaste bakteriane å isolera ved leddbetennelse hos spedgris er beta-heomlytiske streptokokkar (Streptococcus dysgalactiae subspecies equisimilis), Staphylococcus hyicus, E. coli, og Trueperella pyogenes. Andre mikrobar som er påvist er Staphylococcus aureus, Streptococcus suis, Pasteurella multocida og Haemophilus parasuis. Artittar forårsaka av rødsjukebakterien Erysipelothrix rhusiopathiae blir svært sjeldan diagnostisert hos spedgris her i landet på grunn av passiv immunisering etter vaksinering av mordyr.  

Purkene opptrer som det viktigaste smittereservoiret for grisungane, sidan fleire av dei aktuelle bakteriane finst i normalfloraen på slimhinnene og på huda til mordyret. Dermed blir desse organismane enkelt overførte til spedgrisane ved direkte kontakt, til dømes under diing eller ved trynekontakt. Dersom smittetrykket vert for stort, i kombinasjon med predisponerande faktorar som sår i hud og slimhinner, vil bakteriane kunna passera spedgrisen sine umogne forsvarsbarrierar, og spreiast med blodet til ledda. Viktige infeksjonsvegar er tynntarm og tonsillar, i tillegg navlestumpen før tilheling, kastrasjonssår, hudsår over ledd, bitesår eller sår i munnslimhinna. I dei fleste tilfelle finn ein likevel sjeldan ein sikker innfallsport for infeksjonen.

Smågris kan også bli råka av leddbetennelse, særleg i den sårbare perioden der passiv immunitet frå råmjølka minskar og ei rekkje stressfaktorar gjer seg gjeldane, slik som flytting og miljøskifte, kullblanding og overgang til nytt fôr. Leddbetennelse hos smågris skuldast hovudsakleg dei same bakteriane som hos spedgris, men med relativt hyppigare påvising av T. pyogenes. Ofte er betennelsane kroniske og vanskelege å behandla. Mykoplasme-leddbetennelse kan også førekoma i denne aldersgruppa, sjølv om førekomsten i Noreg ikkje er godt kartlagt. Leddbetennelsar forårsaka av H. parasuis er også vanlegare hos smågris samanlikna med spedgris, og kan vera årsak til stressutløyst sjukdom i samband med transport og miljøforandring.  

Også slaktegris kan bli råka av leddbetennelse, men etiologien kan vera litt annleis hos denne gruppa (sjå eige faktaark om leddbetennelse hos slaktegris).

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Leddbetennelsar oppstår oftast når grisane er 1-3 veker gamle, men kan i enkelte tilfelle observerast berre få dagar etter fødsel. Hos smågris ser ein oftast utvikling av leddbetennelse i dagene og vekene etter flytting frå fødebinge til smågrisavdeling. Grisane får feber og blir tydeleg halte, eller går stivt med krum rygg. Ofte er fleire ledd råka samstundes, og desse ledda vil etter kvart bli hovne og varme. Ved obduksjon av dyr i den akutte infeksjonsfasen vil leddvæska vera blodtilblanda og innehalda fine fibrintrådar. Leddkapselen vil vera hyperemisk og ødematøs. Seinare i forløpet er leddvæska vanlegvis grågul og purulent, og leddkapselen fortjukka av fibrotisk vev. I ein del tilfelle blir også det ikringliggjande beinvevet råka av infeksjonen.

Sjølv om spedgris med leddbetennelse er særleg utsette for å døy av svolt eller ihelligging, og enkelte besetningar kan få problem med dødsfall på grunn av sepsis, er leddbetennelse hos gris sjeldan dødeleg.

Til vanleg blir diagnosen stilt på bakgrunn av dei kliniske funna hos sped- og smågris, og det blir sett i gang rask behandling etter tentativ diagnose for best å sikra eit gunstig utfall.

I besetningar med uttalte problem tilrås det å prøveta leddvæska hos akutt sjuke, ubehandla grisar post mortem. Det bør tas prøvar frå 2-3 slike grisar, og frå fleire ledd per gris. Huden flås av over leddet, som deretter blir punktert med ein steril, grov kanyle for aspirering av leddvæske. Alternativt kan leddet opnast ved hjelp av ein steril skalpell, og leddvæska dras opp med ei sprøyte eller pipette. Dersom innhaldet er tjukt, kan ein i staden ta prøven med ein steril bomullssvaber som bli lagt i transportmedium for innsending til Veterinærinstituttet, der innhaldet blir dyrka bakteriologisk med tanke på bakterietype og eventuelt resistensmønster.

Den viktigaste differensialdiagnosen til infeksiøs leddbetennelse hos sped- og smågris er traume.

Førekomst

Leddbetennelsar hos spedgris finn ein sporadisk i dei fleste besetningar, men i enkelte besetningar er leddbetennelse eit besetningsproblem med hyppige sjukdomstilfelle.

Tiltak

Grisar med leddbetennelse må behandlast med antibiotika så raskt som muleg, og spedgris må derfor observerast nøye, fleire gonger om dagen, dei første 2-3 levevekene. Antibiotika gis i 3-5 dagar, med penicillin som førsteval dersom ein ikkje har dyrkingsresultat som indikerer noko anna. Smertebehandling med NSAIDs gis i tillegg. Hos avvende grisungar skal sjuke dyr isolerast i tilrettelagt sjukebinge under behandling og tilheling.

I det leddbetennelsen går over i eit kronisk stadium, har antibiotikabehandling liten effekt, og ofte vil det vera tilrådeleg å avliva slike dyr med tanke på dei dyrevelferdsmessige, etiske og økonomiske aspekta. Grisar som blir gåande med kronisk leddbetennelse har mindre tilvekst, verkar generelt utilpass og blir ofte «taparar» i bingen.

I besetningar der ein ofte opplever problem med leddbetennelsar må det leggjast ned arbeid i å gå gjennom mulege predisponerande faktorar ved drifta og miljøet. Manglande vedlikehald av golv, skarpe kantar og andre faktorar som kan gi sår og skader bør gås over, og ein bør sjå på temperaturregulering og trekk. Driftsopplegg med alt inn-alt ut gjer det enklare å sikra god hygiene med nedvask og eventuell desinfeksjon mellom innsetta.

Det er viktig å sikra spedgrisane tilgang på råmjølk kort tid etter fødselen, og å sørga for rikeleg med strø i bingen. God dagleg hygiene i fødebingen og hygienetiltak ved kastrering og eventuell tannfiling er også viktig med tanke på førebygging. Somme besetningar har nytta førebyggande bandasjering eller plastring av framkne og hasar hos spedgris, sidan sår på desse stadene ofte er inngangsport for bakteriar.   

Det finst per i dag ikkje aktuelle vaksinar som beskyttar mot dei vanlegaste formene for leddbetennelse hos sped- og smågris.