Leddbetennelse hos slaktegris

Dei fleste slaktegrisprodusentar opplever frå tid til anna at grisar vert råka av leddbetennelse. Omfanget og etiologien kan variera i stor grad. Fullstendig tilfriskning er avhengig av at tilstanden blir oppdaga og behandla tidleg i forløpet.

Smittestoff og smittevegar

Leddbetennelsar er vanlegvis ikkje eit stort problem hos slaktegris, men er ein vanleg komplikasjon ved raudsjuke (Erysipelothrix rhusiopathiae) og kan koma av bakterielle infeksjonar med Trueperella pyogenes, streptokokk- og stafylokokkinfeksjonar, ulike mykoplasmer, samt ved transportsjuke (Haemophilus parasuis). Internasjonalt er Mycoplasma hyosynoviae ofte implisert i artrittar hos denne aldersgruppa og relevansen av denne mikroben hos norske slaktegrisar blir for tida undersøkt.

Inngangsportar som er aktuelle hos slaktegris er halesår, sår og skadar på ledd og systemisk sjukdom som når blodbanen via tarm eller luftvegar.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Infeksjonar i ledd gir halting, hevelse over ledda, og feber i den akutte fasen.

Ved obduksjon ser ein hevelse over dei sjuke ledda. Innhaldet i ledda varierer med ulike smittestoff og etter alderen på infeksjonen, men kan vera alt frå ein auke i innhaldet av serøs leddvæske til varierande mengder fibrin og/eller puss. Leddkapselen er hyperemisk og ødematøs, eventuelt fortjukka ved kroniske infeksjonar.

Hos slaktegris råka av infeksjonar med E. rhusiopathiae er biletet meir spesifikt med kraftig, villøs hypertrofi i leddkapselen, ref. eige faktaark om raudsjuke.

M. hyosynoviae gir liknande forandringar i leddkapselen som ved raudsjuke, men dersom infeksjonen ikkje blir komplisert av ein underliggjande osteochondrose skjer det ofte ei gradvis og fullstendig tilheling. M. hyosynoviae bør særleg vera ein del av differesialdiagnostikken dersom mange individ blir halte i løpet av dei tre første vekene av eit innsett med slaktegris. Ved mistanke om mykoplasmeinfeksjon må det tas kontakt med Veterinærinstituttet før prøveuttak.

Leddforandringane er ikkje spesifikke for den enkelte infeksjon, og etiologisk diagnose kan ikkje setjast utan bakteriologisk undersøking. Dette er særleg aktuelt ved uttalte besetningsproblem. I slike tilfelle bør det tas prøvar post mortem frå fleire akutt sjuke, ubehandla grisar. Huda flås av over det aktuelle leddet, som så blir punktert med ei steril, grov kanyle for oppsuging av leddinnhald. Eventuelt kan leddet opnast ved hjelp av ein steril skalpell før oppsuging av leddvæske. I nokre tilfelle vil innhaldet vera for tjuktflytande til å kunna sugast opp i ei sprøyte. I slike tilfelle kan ein nytta sterile bomullssvaber sendt inn i transportmedium. Veterinærinstituttet undersøkjer prøvematerialet bakteriologisk med tanke på fastsetjing av agens og eventuell resistensprofil.

Dei viktigaste differensialdiagnosane til infeksiøs leddbetennelse ved observert halting hos slaktegris er osteochondrose og traumar.

Førekomst

Leddbetennelse førekjem sporadisk i dei fleste slaktegrisbesetningar. På norske slakteri fekk 0,4% av slaktegrisane merknad for leddlidingar i 2020.  

Tiltak

Penicillin er tilrådd som førsteval ved alle bakterielle leddbetennelsar dersom ein ikkje har dyrkingsresultat som indikerer noko anna. Det bør alltid setjast i gang smertebehandling med NSAIDs i tillegg til antibiotikabehandling. Det er viktig med eit medvite forhold til handtering av leddsjukdom heilt frå fødsel, med rask behandling og påfølgjande avliving av individ som ikkje responderer.

Miljøtiltak i form av sjukebinge med mjukt underlag og tilpassa temperatur er sjølvsagte supplement til medikamentell behandling.

Leddbetennelse forårsaka av mykoplasmer går vanlegvis over utan bruk av antibiotika, og det vil ofte vera nok med NSAIDs og miljøtiltak. Dersom antibiotika blir vurdert som nødvendig, er tiamulin førstevalet.

Tørt bingemiljø og godt vedlikehald av golvareal og innreiing er med på å førebyggja utvikling av leddbetennelse. Sameleis vil det vera tenleg å unngå unødvendig flytting og omgruppering av dyr, samt andre situasjonar der sårskadar gjerne oppstår. 

Det finst vaksine mot raudsjuke, som er tilrådd å nytta rutinemessig på avlsdyr og som også kan nyttast førebyggjande hos slaktegris ved behov. Dei andre årsakene til infeksiøs leddbetennelse diskutert her finst det ikkje tilgjengelege vaksinar mot.