Aviær rhinotrakeitt (ART)

Aviær rhinotrakeitt (ART) blir forårsaka av aviært metapneumovirus (AMPV). Sjukdomen blir òg kalla swollen head syndrome (SHS) hos høns og turkey rhinotracheitis (TRT) hos kalkun. Virussjukdomen kan føre til luftvegssymptom og redusert eggproduksjon hos høns og kalkun. ART hos kalkun er ein liste 2-sjukdom og er omfatta av eit nasjonalt overvåkingsprogram.

Smittestoff og smitteveger

ART kjem av infeksjon med aviært metapneumovirus (AMPV), eit virus i familien Pneumoviridae. Det finst fleire subtypar av AMPV (A–D), og utbreiinga av dei ulike subtypane varierer geografisk. Høns og kalkun er dei viktigaste fjørfeartane som får sjukdom, men AMPV kan òg infisere mellom anna ender, fasanar og andre fugleartar. Ville fuglar, særleg vassfuglar, blir rekna som moglege naturlege reservoar.

AMPV er svært smittsamt og kan spreie seg raskt mellom fuglar i ein flokk. Smitte skjer først og fremst ved direkte kontakt og gjennom luftvegsekret, mellom anna via aerosol og dropepartiklar. Indirekte smitte via menneske, klede, utstyr og anna forureina materiale kan òg føre til smittespreiing.

Viruset overlever relativt kort tid utanfor vertsdyret og blir raskt inaktivert i miljøet. Fuglar skil vanlegvis ut virus berre i nokre få dagar etter infeksjon. Dette gjer at viruset kan vere vanskeleg å påvise når kliniske symptom er tydelege.

Vertikal overføring til egg er vist i smitteforsøk, men ser ut til å vere kortvarig og ha liten betydning for den totale smittespreiinga. Virus kan likevel vere til stades i eggleiaren og hamne på eggeskalet, slik at smitte kan overførast indirekte gjennom egg og utstyr som blir brukt ved egghandtering, til dømes eggbrett.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Dei vanlegaste sjukdomsteikna er rennande auge og nase, konjunktivitt, hovne biholer og nysing. Hoderisting, hoste og generelle pustevanskar kan òg førekome. Hos høns kan infeksjonen gi swollen head syndrome, med hevelse rundt auga og biholene. I enkelte tilfelle kan torticollis (vridd nakke) og kloakkprolaps førekome.

Klinikken varierer mellom fugleartar, alder og virusvariant. Kalkun, særleg yngre fuglar, kan få tydelege luftvegssymptom, medan verpehøner ofte har mildare luftvegssjukdom. Hos verpehøner og kalkun kan infeksjonen føre til redusert eggproduksjon og tynne eggeskal eller misforma egg. Fjørfe i alle aldrar kan bli råka.

Smitte spreier seg vanlegvis raskt i ein flokk, og inkubasjonstida er kort, om lag 3–7 dagar. Mange fuglar blir friske i løpet av 7–14 dagar dersom det ikkje oppstår komplikasjonar. Sekundære infeksjonar med bakteriar som Escherichia coli, Ornithobacterium rhinotracheale og Mycoplasma spp. er vanlege og kan gi eit meir alvorleg og langvarig sjukdomsforløp. Dødelegheita varierer mykje og er avhengig av fugleart, alder, allmenntilstand, virusvariant og førekomst av sekundære infeksjonar.

Sjukdomsteikna er for uspesifikke til at ein kan stille diagnosen på grunnlag av kliniske funn åleine. Virus kan påvisast med PCR, særleg frå prøver frå øvre luftvegar tidleg i sjukdomsforløpet. Svaberprøver frå trakea og choana er eigna prøvemateriale. Fordi virusutskiljinga er kortvarig og ofte skjer tidleg i infeksjonen, er tidspunktet for prøvetaking avgjerande.

Serologiske undersøkingar kan brukast til å påvise antistoff mot AMPV. Serologi er særleg nyttig for å undersøkje om ein flokk har vore eksponert for virus, men resultatet må vurderast i lys av eventuell vaksinasjon og tidspunkt for prøvetaking. Ved mistanke om nyleg infeksjon kan undersøking av parvise serumprøver vere aktuelt.

Differensialdiagnoser
Infeksiøs laryngotrakeitt (ILT), infeksiøs bronkitt (IB), aviær mykoplasmose, Newcastle diisease (ND), fugleinfluensa (AI, lågpatogen) og infeksjon med Ornithobacterium rhinotracheale.

Førekomst

AMPV er utbreidd globalt og finst i mange land med kommersiell fjørfeproduksjon. Dei ulike subtypane har ulik geografisk utbreiing.

I Noreg blei antistoff mot AMPV påvist i norske slaktekylling- og verpehønsbesetningar tidleg på 2000-talet. Det vart ikkje påvist virus, og den kliniske betydninga av funna var usikker. Høns vart derfor tekne ut av overvåkingsprogrammet i 2005.

Det nasjonale overvåkingsprogrammet gjeld framleis for kalkun. ART har aldri blitt påvist hos kalkun i Noreg, og den norske kommersielle kalkunpopulasjonen blir rekna som fri for ART.

Overvåking

Infeksiøs laryngotrakeitt og aviær rinotrakeitt hos fjørfe

Tiltak

Det finst både levande og inaktiverte vaksinar mot AMPV, og vaksinasjon er utbreidd i mange land. Vaksinasjon blir ikkje praktisert i Noreg. Det er forbode å vaksinere kalkun mot ART, sidan sjukdomen er ein liste 2-sjukdom hos denne fuglearten.

God drift og høg biosikkerheit er viktig for å førebyggje introduksjon og spreiing av AMPV. Særleg viktig er god ventilasjon, tilpassa dyretettleik, god temperaturkontroll, godt strø og gode rutinar for reinhald og desinfeksjon. Personell, utstyr, transportmiddel og andre kontaktpunkt mellom flokkar bør handterast slik at risikoen for indirekte smitte blir redusert.

Det finst inga spesifikk behandling mot AMPV. Antibiotika kan brukast mot sekundære bakterieinfeksjonar når dette er fagleg og diagnostisk grunngitt.

Kontaktperson:

Silje Granstad

Silje Granstad

Forsker, fagansvarlig fjørfe
Grim Rømo

Grim Rømo

Fagansvarlig fjørfe
Alle ansatte

Aktuelle fagområder