Klimaendringar med lengre og varmare somrar gir betre vilkår for smitte. Bukhulemark kan gi sjukdom medan betydninga av lymfemark er framleis uklar. Bukhulemark kan behandlast med ivermektin.
Første funn i Noreg på fleire tiår
Bukhulemark (Setaria tundra) blei i 2025 påvist på slakteri hos rein frå fleire distrikt i Finnmark – for første gong i Noreg sidan 1970-talet. Parasitten lever fritt i bukhulen hos hjortedyr, inkludert rein, og kan sjåast som 3-7 cm lange, kvite trådaktige marker. Lette infeksjonar gir ikkje synleg sjukdom på levande dyr og blir først oppdaga ved slakt. Ved slakt sest væske i buken, og dessutan buk- og leverhinnebetennelse i tillegg til parasittane. Ved alvorleg infeksjon sest rein med sid buk, tørr, rufsete og dårleg vinterpels, og redusert kondisjon. Kalvar blir meir påverka enn vaksne.
Lymfemark (Rumenfilaria andersoni) blei i 2024 for første gong funnen hos rein i Noreg, i Aust-Finnmark. Parasitten lever i lymfekara rundt vomma, men kva betydning henne har for helsa til reinen er framleis uklart.
Klimaendringar aukar risikoen
Begge parasittane har ein livssyklus som involverer hjortedyr og blodsugande insekt, som mygg. Når mygg syg blod frå ein infisert rein, tek han med seg umodne larvestadium som blir utvikla vidare i insektet før dei kan smitte nye dyr. Utviklinga i myggen går raskare jo varmare det er, og lange, varme somrar gir både meir mygg og lengre smitteperiode. Dermed aukar risikoen for sjukdom hos hjortedyr.
Bukhulemark kan behandlast med ivermektin
Bukhulemark, som er den av desse parasittane som gir mest sjukdom, kan behandlast med ein injeksjon med ivermektin på same måte som mange allereie behandlar mot brems. Behandlinga må gjerast etter at myggen har slutta å fly, elles kan reinen bli smitta på nytt etter omtrent 2 veker. Det er viktig å hugse at dyra ikkje kan slaktast før det har gått min. 28 døgn etter ein injeksjon med ivermektin. Behandlinga har liten effekt mot lymfemark.