Ny rettleiar om fôring av rein

Denne saken er eldre enn to år

Is og store snømengder har låst reinbeita, og det er erklært beitekrise i Nordland og deler av Troms og Finnmark. Veterinærinstituttet og NIBIO lanserer ein oppdatert rettleiar om fôring av rein og fôringsrelaterte sjukdommar.

God helsetilstand på reinen, og lite tap av dyr til rovvilt, gir god dyrevelferd. God helse og velferd for reinen er noko veterinær Ingebjørg Helena Nymo er svært oppteken av. Ho arbeider som seniorforskar ved Veterinærinstituttet i Tromsø, og er ein av dei som har bidrege til NIBIO og Veterinærinstituttets nye rettleiar «Fôring av reinsdyr – og fôringsrelaterte sjukdommar».

– Det er veldig flott med ein slik rettleiar. Den gir meir kunnskap, og det kan vera ein eigen stad å slå opp for å finna informasjon som berre gjeld reinnæringa.

– Me håpar at informasjonen om fôringsrelaterte sjukdommar kan komma reineigarar til nytte, seier Nymo.

Det er allereie mange reineigarar som fôrar, og på grunn av klimaendringane blir det sannsynlegvis endå meir vanleg i framtida.

Det er særleg to ting veterinærane er opptekne av at reineigarane tenkjer på. Det første er at feil fôring kan gi sjukdom. Rein klarer ikkje å fordøya fiber like godt som ku og sau, og mykje grovfôr kan hopa seg opp i vomma og gi sjukdom. Det andre som er viktig er at tilvenninga til kornbasert kraftfôr skjer gradvis over tid.

Veterinærane er òg opptekne av at det kan vera helseutfordringar knytt til å halda rein samla i gjerde over tid. Høgare dyretettleik, dårlegare hygiene og høgare smittepress kan gi auka fare for spreiing av smittsame sjukdommar. I tillegg kan stress svekkja immunforsvaret til reinen og gjera dei meir sårbare for sjukdomsutbrot.

– Dyr som er sjuke bør undersøkjast raskt. Ta gjerne kontakt med lokal veterinær og også den nyoppstarta Reinhelsetjenesten, seier Nymo.

Viktig å gå varsamt fram

Frå naturens side er reinen tilpassa periodar med lite mat i periodar utan å ta større skade av det. Men, om overgangen frå utilgjengelege beite og svolt til fôring blir for rask kan det forårsaka fordøyingsproblem som i verste fall kan resultera i død.

– Ved oppstart av fôring er det derfor viktig å gå varsamt fram, slik at reinen får venna seg gradvis til det nye fôret, seier biolog og forskar Svein Eilertsen ved NIBIO Tjøtta.

– Og noko av det viktigaste er å starta opp fôringa før reinen byrjar å svelta.

Eilertsen har bidrege til fôringsrettleiaren, som også kjem i nordsamisk språkdrakt. Han understrekar at innhaldet i rettleiaren særleg er basert på innhenta kunnskap frå reineigarar som har erfaringar med fôring.

– Dersom reinen har vore utsett for langvarig reduksjon i fôrinntak eller periodar med svolt, har han redusert evne til å tilpassa og nyttiggjera seg det nye fôret han får tilgang til. Dette kjem av at lite mat reduserer talet på mikroorganismar i vomma, forklarer Eilertsen.

Ved skifte av type fôr, eller ved overgang frå beite til fôr, treng dessutan reinen tid til å venna seg til smaken. Dette gjeld særleg rein som aldri tidlegare har vorte fôret.

– Dersom du som reineigar har tilgang på lav, vil innblanding av låg i fôret dei første dagane gjera at reinen raskare byrjar å eta av fôret. Når reinen plukkar ut lavet, får han òg opp smaken for fôret, seier Eilertsen.

I rettleiaren blir gitt ei oversikt og omtale av dei ulike typane fôr. I tillegg er det eit avsnitt om HMS i samband med fôringa.

Samarbeid på tvers av landegrenser

Reinforskarar frå både Noreg, Sverige og Finland samarbeider no med heile reinnæringa for å finna gode løysingar på beitekrisa og korleis ein best krisefôrer reinen. Og samarbeidet med reinnæringa er heilt essensielt.

– Det er viktig å få fram at det er reinnæringa som har gitt oss den kunnskapen som er i rettleiaren, avsluttar forskar Svein Eilertsen på NIBIO.

Les meir

 

Del artikkel