Fugleinfluensa spreier seg i Europa

Talet på utbrot av høgpatogen fugleinfluensa hos fugl i Europa har auka. Trekkfuglane ser ut til å ha sett fart på smittespreiinga.

Krikkand i vårmarkområde
Ein del av påvisingane i Noreg i haust har vore på arten krikkand. Illustrasjonsfoto: Colourbox

I Europa har fleire land, inkludert Danmark og Sverige, rapportert om fleire utbrot av høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) hos kommersielle fjørfehald og hobbyhald den siste månaden.

Nokre land har heva trusselnivået og innført skjerpa tiltak, som auka smittevern og portforbod for alle fuglar i fangenskap for å hindre ytterlegare smitte frå villfugl. Veterinærinstituttet følgjer den internasjonale situasjonen nøye.

– Sjølv om det allereie er mange fugleinfluensautbrot i Europa er det for tidleg å seie kor alvorleg denne hausten og vinteren vil bli samanlikna med tidlegare år, seier fjørfeansvarleg ved Veterinærinstituttet, Silje Granstad.

– Vi oppmodar alle som held fugl, både som hobby og i kommersiell verksemd, til å vere ekstra merksame på teikn på fugleinfluensa. Auka dødelegheit kan vere det einaste symptomet, men også redusert eggproduksjon og nedsett fôr- og vassopptak kan vere tidlege teikn. No er det ekstra viktig å sikre godt smittevern, særleg i område med nærleik til våtmarksområde, understrekar Granstad.

Ved mistanke om smitte med fugleinfluensa hos fuglar og andre dyr, skal Mattilsynet varslast. 

Kan òg påverke Noreg

Også blant villfugl har det vore ein auke i smitte. I Tyskland går det føre seg eit alvorleg fugleinfluensautbrot blant traner, der rundt 2000 fuglar har døydd av fugleinfluensa under det årlege trekket sørover.

– Under hausttrekket aukar sjansane for at friske og mottakelege fuglar kjem i kontakt med smitta fugl, særleg på rasteplassar med store samlingar av fuglar, seier vilthelseansvarleg ved Veterinærinstituttet, Bjørnar Ytrehus.

Utbrot i nabolanda våre kan ha noko å seie for smittefaren i Noreg, særleg dersom det skulle oppstå uvanlege vêrfenomen som påverkar rørslemønsteret til fuglane.

Jegerar og ringmerkjarar blir bedne ta forholdsreglar

Veterinærinstituttet vurderer i den nyaste statusrapporten sin sjansane for nye utbrot i Sør-Noreg som forhøgde denne hausten. Dette kjem av erfaringar frå tidlegare år, men også nylege påvisingar av HPAI-viruset som sirkulerer i Europa hos ville andefuglar i Rogaland.

Les meir i statusrapporten: Auka fare for fugleinfluensautbrot i haust

Sjå oversikt over påvisingar av fugleinfluensa hos villfugl i Noreg

– Særleg andefuglar kan vere berarar av fugleinfluensavirus utan å vise sjukdomsteikn. Jegerar blir derfor oppmoda til å følgje Mattilsynets råd om handtering av fuglevilt. Dette inneber bruk av smittevern, gode arbeidsrutinar ved handtering og reinsing, og dessutan tilstrekkeleg varmebehandling av kjøtet før det blir ete. Også ringmerkjarar bør ta nokre forholdsreglar for å førebyggje smitte, seier Bjørnar Ytrehus.

Mattilsynet har publisert råd om handtering av fuglevilt og informasjon til ringmerkjarar på nettsidene sine.

Veterinærinstituttet overvaker fugleinfluensa som ein del av grunnaktiviteten sin, og deltek i tillegg saman med Folkehelseinstituttet i prosjektet One Health for Surveillance (OH4S) finansiert av EU. Eitt av måla med OH4S er å styrkje overvakinga av fugleinfluensa hos ville fuglar for betre å kunne vurdere risikoen for smitte til menneske. Les meir på Veterinærinstituttets nettsider.

Råd for å førebyggje smitte med fugleinfluensa til menneske finst på Folkehelseinstituttets nettsider.