Virushepatitt hos and (duck virus hepatitis – DVH)
Virushepatitt hos and (DVH) er ein akutt og svært smittsam sjukdom som først og fremst rammar unge andungar. Sjukdommen er kjenneteikna av høg dødelegheit og typiske skadar i leveren.
DVH er Liste 2-sjukdom, og førekomst eller mistanke skal straks meldast til Mattilsynet.
Smittestoff og smitteveger
DVH blir tradisjonelt delt inn i type I, II og III. Type I er forårsaka av andehepatitt A-virus (duck hepatitis A virus, DHAV), eit virus i slekta Avihepatovirus i familien Picornaviridae.
DVH rammar først og fremst mottakelege andungar under 6 veker gamle, oftast yngre enn 3 veker. Eldre fuglar kan bli smitta, men utviklar vanlegvis ikkje sjukdom.
Viruset blir hovudsakleg spreidd gjennom direkte kontakt med smitta fuglar eller indirekte via forureina miljø, særleg via avføring, forureina vatn og strø. Indirekte smitte via menneske, klede eller transportutstyr kan òg føre viruset vidare.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Inkubasjonstida hos andungar er 18–48 timar. Dei ramma andungane blir sløve, mister balansen, får kramper og døyr ofte i løpet av kort tid. Bakoverbøygd nakke (opisthotonus) er eit vanleg teikn hos alvorleg sjuke fuglar. Dødelegheita kan vere opptil 95 % hos fullt mottakelege andungar. Sjølv om eldre andungar kan bli smitta, er det ikkje sett sjukdomsteikn hos ender som er meir enn 7 veker gamle.
Mistanke om DVH baserast på sjukehistorie og funn av typiske lesjonar. Perakutt førekomst, rask spreiing og eit kort klinisk forløp, saman med dei typiske leverlesjonane, peikar sterkt mot DVH. Sikker diagnostikk krev påvising av viruset med PCR, vanlegvis frå leverprøver.
Førekomst
DVH er rapportert frå fleire land i Europa, Asia og Nord-Amerika. Sjukdomen kan føre til store tap i andeproduksjon på grunn av høg dødelegheit hos unge andungar. DVH er så langt ikkje påvist i Noreg. Sjukdomen er oppført på Liste 2 i Forskrift om dyrehelse (dyrehelseforskrifta), og mistanke om førekomst skal straks meldast til Mattilsynet.
Tiltak
Det finst inga spesifikk behandling for DVH. Det finst vaksinar, men desse er ikkje tillatne å bruke i Noreg. Førebygging og kontroll er derfor basert på god biosikkerheit, særleg ved å hindre introduksjon av virus gjennom smitta dyr, personar, utstyr og miljø.
Les mer om virushepatitt hos and her: