Virusenteritt hos and (duck virus enteritis – DVE)
Virusenteritt hos and (DVE), også kalla duck plague, er ein akutt og ofte dødeleg virussjukdom som rammar andefuglar. Sjukdomen kan gi høg dødelegheit, diaré, omfattande blødingar og vevsskadar i indre organ.
DVE er Liste 2-sjukdom, og førekomst eller mistanke skal straks meldast til Mattilsynet.
Smittestoff og smitteveger
DVE forårsakast av duck viral enteritis virus (DVEV), eit herpesvirus i slekta Mardivirus i underfamilien Alphaherpesvirinae. Som andre herpesvirus kan DVEV forårsake latente infeksjonar, og reaktivering kan utløyse utbrot. DVEV kan skade lymfocytter og svekke immunforsvaret, noko som ofte fører til sekundære bakterieinfeksjonar hos andungar.
Viruset blir overført ved direkte kontakt mellom smitta og mottakelege andefuglar eller indirekte via forureina vatn og miljø. Vatn blir rekna som ei viktig smittekjelde. Smitte kan overførast når tamme andefuglar kjem i kontakt med vasskjelder der ville andefuglar har tilgang, til dømes dammar. Vertikal smitte (frå avlsdyr til andungar via egget) er vist eksperimentelt, men er ikkje dokumentert ved naturlege utbrot.
Fuglar som har kome seg, kan bære viruset latent og spreie det periodisk. Sjukdomen rammar hovudsakleg medlemmar av andefamilien (ender, gjess og svaner), medan andre fuglar, pattedyr og menneske ikkje blir smitta.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Sjukdomsteikna varierer noko med alder, men sjukdomen utviklar seg ofte raskt og har høg dødelegheit. Inkubasjonstida er 3–7 dagar. Det første teiknet på DVE er ofte brå død, og dødelegheita er ofte høgare hos vaksne ender enn hos andungar. Sjuke fuglar får gjerne nedsett appetitt, aukande tørste, sløvleik, svakheit og diaré. Etter kvart kan dei bli så svekte at dei ikkje klarer å stå opp. Eggproduksjonen kan falle kraftig i verpeflokkar. Hos andungar kan sjukdomsforløpet vere meir langvarig enn hos vaksne fuglar. Dei blir ofte dehydrerte og taper vekt, og kan utvikle augeinflammasjon og blodflekker på fjørdrakta på buken. Dødelegheita varierer mellom utbrot, men kan vere svært høg og i enkelte tilfelle nær 100 %.
DVEV skadar blodkar og kan føre til omfattande blødingar og vevsskadar i fleire organ, som tarm, mage, lever, pancreas, milt, thymus og bursa Fabricius. Lymfoid vev blir særleg ramma hos andungar. Mikroskopisk kan ein sjå intranukleære inklusjonar i epitelceller i fleire organ.
Mistanke om DVE byggjer på sjukdomshistorie, kliniske teikn og typiske obduksjonsfunn. Diagnosen blir stadfesta ved påvising av DVEV ved PCR basert på organprøver.
Viktige differensialdiagnosar er andehepatitt, pasteurellose, nekrotiserande enteritt, koksidiose og enkelte forgiftingar.
Førekomst
DVE er rapportert hos både tamme og ville andefuglar i Europa, Asia, Nord-Amerika og Afrika. Sjukdomen kan gi høg dødelegheit og store økonomiske tap i kommersielle andeflokkar. Sjukdomen er også påvist i Sverige, der utbrota har vore knytte til moskusender.
DVE er så langt ikkje påvist i Noreg. Sjukdomen er oppført på Liste 2 i Forskrift om dyrehelse (dyrehelseforskrifta), og mistanke om førekomst skal straks meldast til Mattilsynet.
Tiltak
Det finst inga effektiv behandling mot DVE. Vaksinering blir brukt i enkelte land, men er ikkje tillate i Noreg. For førebygging er ein derfor avhengig av god biosikkerheit, der det viktigaste er å hindre direkte eller indirekte kontakt med ville andefuglar.
Auka dødelegheit hos andefuglar bør alltid undersøkjast av veterinær. Ved mistanke om DVE bør døde fuglar sendast inn til obduksjon for vidare undersøking.
Les mer om virusenteritt hos and her: