Meticillinresistente stafylokokkar
Meticillinresistente stafylokokkar er resistente mot betalaktamantibiotika (til dømes penicillinar og cefalosporinar). Stafylokokkar er ei stor bakteriegruppe som er svært vanleg som ein del av normalfloraen hos menneske og dyr, og nokre av desse kan forårsaka infeksjonar.
LA-MRSA (livestock associated meticillinresistente Staphylococcus aureus) hos storfe, småfe og gris er liste 2-sjukdommar i Noreg. Ved påvising av MRSA veit ein ikkje om det er LA-MRSA før vidare undersøkingar er gjennomførte. Difor skal all mistanke om eller påvising av MRSA hos desse artane varslast Mattilsynet straks. MRSA hos andre dyrearter og MRSP (meticillinresistente S. pseudintermedius) er meldepliktig som liste 3-sjukdom, og skal meldast til Mattilsynet innan 7 dagar.
Du finner informasjon om korleis varsle og melde om antibiotikaresistente bakteriar på nettsidene til Mattilsynet.
Meticillinresistente stafylokokkar er resistente mot alle betalaktamantibiotika. S. aureus er ein av de viktigaste stafylokokkane og ein vanleg årsak til bakterielle infeksjonar hos både menneske og dyr. S. pseudintermedius liknar på S. aureus, men er vanlegare hos dyr og sjeldan hos menneske.
Både meticillinresistente S. aureus (MRSA) og meticillinfølsame S. aureus (MSSA) er opportunistiske bakteriar som i nokre tilfelle førar til infeksjonar, men som vanlegvis finst som ein del av normalfloraen hos friske dyr og menneske (friske berarar) utan å gje sjukdom. På same måte er S. pseudintermedius ofte ein del av normalfloraen, særleg hos hund. Den kan også gje infeksjonar. Infeksjonar med MRSA eller MRSP er ofte vanskelegare å behandla enn dei som er forårsaka av meticillinfølsame variantar.
Stafylokokkar (også meticillinresistente) smittar vanlegvis via direkte kontakt, men bakteriane har også overleva i miljøet (på flater, i støv og avføring, på transportmiddel, i husdyrrom, og på klinikkar). Bakteriane kan smitta mellom dyr innan same art, til andre dyreartar og til menneske. Menneske kan også smitta dyr.
Stafylokokkar kan gi infeksjonar mellom anna i hud, øyrer, jur og ledd.
Det er vanlegvis ingen skilnad på sjukdomsframkallande eigenskapar hos meticillinresistente og meticillinfølsame stafylokokkar, men ved infeksjon med resistente bakteriar er det reduserte moglegheiter for antibiotikabehandling.
Hos menneske med svekka helse kan MRSA (og LA-MRSA) vera årsak til alvorlege infeksjonar. Du finn meir informasjon om kva LA-MRSA betyr for menneske hos Folkehelseinstituttet.
Diagnostikk
Ein tek prøver av sjuke dyr frå infisert hud/sår. Frå friske dyr tek ein prøver frå naseslimhinne, eller frå huda bak øyrene, eller frå innsida av låra (dette varierer mellom dyreartar). Ein kan også ta støvprøver frå dyra sitt miljø.
Prøver blir analyserte ved dyrking og artsidentifisering av det aktuelle stafylokokkisolatet, etterfølgt av testing for resistens, og påvising av genet som kodar for meticillinresistens.
Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for antibiotikaresistens (NRL-AMR) hos bakteriar frå fôr, dyr og mat. For å overvake førekomsten og eventuelt oppdage utbrot ønskjer NRL-AMR at MRSA og MRSP sendes inn for vidare karakterisering.
Ta kontakt med NRL-AMR på NRL-AMR@vetinst.no for nærmare avtale om innsending av isolater.
Spesielle «husdyrtilpassa» variantar av MRSA kallas LA-MRSA (livestock associated MRSA). LA-MRSA kan definerast som MRSA som har vist eller viser evne til å etablere og spreie seg mellom dyr og besetningar. Den vanlegaste varianten av LA-MRSA høyrer til det klonale komplekset (CC) 398.
Gris blir rekna som det viktigaste reservoaret for LA-MRSA, men bakterien kan også finnast hos fjørfe, storfe, småfe, hund, katt og hest. I smitta besetningar finst LA-MRSA på slimhinnene til dyra, særleg i nasen, og på huda. Bakterien kan ofte isolerast frå støv i miljøet. LA-MRSA kan smitte mellom dyr og menneske, og smitte kan skje begge vegar (både frå dyr til menneske og frå menneske til dyr).
Svinekjøtt er ikkje rekna som ei viktig kjelde til smitte av LA-MRSA frå gris til menneske.
LA-MRSA hos storfe, småfe og gris er liste 2-sjukdommar i Norge, og er meldepliktig. Hos alle andre arter er funn av MRSA liste 3 meldepliktig og skal meldast til Mattilsynet innan 7 dagar.
Førekomst
LA-MRSA blei påvist i prøver frå norske grisar første gong i ei kartlegging i 2011 og deretter i 2012. I 2013 blei det oppdaga tre utbrot av LA-MRSA hos gris med 22 besetningar involvert, og det blei satt i gang ein sanering av disse besetningane.
Frå 2014 blei det implementert eit nasjonalt overvakingsprogram for å hindre utbreiinga av MRSA hos gris. Overordna mål er å halde den norske grisepopulasjon fri for LA-MRSA, slik at grisebesetningar ikkje skal utgjere eit reservoar for smitte til menneske. Formålet med programmet er å identifisere MRSA-positive besetningar, for vidare utbrotsoppklaring og sanering.
LA-MRSA hos gris i Europa har hovudsakleg vore knytt til CC 398, sjølv om MRSA tilhøyrande andre CC også kan etablere seg og spreiast hos husdyr og slik kunne definerast som husdyrassosiert MRSA. Ein stor del av grisepopulasjonen undersøkast kvart år. I figuren under er det vist ei oppsummering av funn av MRSA hos gris i årene 2013-2025.
Førekomsten/berarskap av MRSA hos hest, hund, storfe, sau og geit i Noreg er lav (< 1 %) i kartleggingar gjort i overvakingssamanheng (beskrive i NORM/NORM-VET rapportane), og påvisast også sporadisk som årsak til infeksjonar hos dyr.
Tiltak
For å unngå at husdyrbesetningar blir ei kjelde til smitte med MRSA til menneske, med moglegheit for vidare smitte til helseinstitusjonar og sjuke/svekte menneske, leggast det i Noreg stor vekt på å førebygge og bekjempe førekomsten av LA-MRSA hos produksjonsdyr og da særleg gris. Ved funn av MRSA hos gris vurderast det først om det er ein LA-MRSA, før det ved LA-MRSA blir sett i verk smittesporing og sanering gjennom utslakting, vask og desinfeksjon. Først etter en viss tomtid, og når saneringa er godkjend av Mattilsynet, kan det igjen settast inn gris.
Ved funn av LA-MRSA hos storfe og småfe kan tiltak som utslakting av enkeltdyr med påvist smitte vere aktuelt. Ved funn hos andre artar vil ikkje Mattilsynet iverksette tiltak, utover å registrere påvisinga. Dyr med kliniske symptom på liste 3-sjukdommar skal likevel, ifølge dyrehelseforskrifta, ikkje ha kontakt med dyr frå andre dyrehald. Dette inneber at dyr med kliniske symptom på MRSA, til dømes i form av et infisert sår eller ein ørebetennelse, ikkje kan delta i løp eller utstillingar, men skal sjukmeldast av behandlande veterinær.
Generelt anbefalast det at man er nøye med handvask etter all kontakt med dyr, samt å bruke hanskar når man utfører sårbehandling. Ein bør i størst mogleg grad unngå å behandle MRSA-infeksjonar med antibiotika. Postoperative infeksjonar bør undersøkast bakteriologisk slik at ein raskt kan identifisere eventuelle MRSA-positive dyr. Det er utarbeida retningslinjer for handtering av kjæledyr og hest smitta med antibiotikaresistente bakteriar, inkludert MRSA.
Meticillinresistente Staphylococcus pseudintermedius blir kalla MRSP.
S. pseudintermedius blei fram til 1976 karakterisert som S. aureus, frå 1976 til 2005 som S. intermedius, og frå 2005 klassifisert som ein eigen underart.
S. pseudintermedius finst først og fremst hos hund, men menneske kan og vere berarar av bakterien, og han kan gi infeksjonar. Få slike tilfelle er rapporterte, men bakterien er truleg underrapportert fordi han ofte blir feilidentifisert som S. aureus.
I Europa er sekvenstype (ST) 71 vanlegast, mens ST68 er vanlegare i USA. MRSP ST71 er kalla «Monsterklonen» fordi den i tillegg til å vera resistent mot betalaktamar også kan vera resistent mot ei rekkje andre typar antibiotika.
MRSP blei første gong påvist i Noreg i 2008. Sidan den gong har Veterinærinstituttet påvist MRSP sporadisk i kliniske prøver frå hundar. Kartleggingar i regi av NORM-VET har vist at førekomsten/berarskap av MRSP hos friske hundar er lav (<1%).
På smådyrklinikkar kan det førekome utbrot av MRSP, der hundar som har gjennomgått kirurgiske inngrep (særleg implantat) eller som har nedsett immunforsvar av andre årsaker, er særleg utsette for infeksjonar med MRSP. Hundar som har vore behandla med antibiotika kan også vera meir utsette.
MRSP er meldepliktig, og skal meldast til Mattilsynet innan 7 dagar.
Tiltak
Ved funn av MRSP vil ikkje Mattilsynet iverksette tiltak, utover å registrere påvisinga. Dyr med kliniske symptom på liste 3-sjukdommar skal likevel, ifølge dyrehelseforskrifta, ikkje ha kontakt med dyr frå andre dyrehald. Dette inneber at dyr med kliniske symptom på MRSP, til dømes i form av et infisert sår eller ein ørebetennelse, ikkje kan delta i løp eller utstillingar, men skal sjukmeldast av behandlande veterinær.
Generelt anbefalast det at man er nøye med handvask etter all kontakt med dyr, samt å bruke hanskar når man utfører sårbehandling. Ein bør i størst mogleg grad unngå å behandle MRSP-infeksjonar med antibiotika. Postoperative infeksjonar bør undersøkast bakteriologisk slik at ein raskt kan identifisere eventuelle MRSP-positive dyr. Det er utarbeida retningslinjer for handtering av kjæledyr og hest smitta med antibiotikaresistente bakteriar, inkludert MRSP.
- Framlegg til definisjon av LA-MRSA (pdf)
- MRSA - Informasjon til personar i kontakt med husdyrbesetningar (pdf)
- HMS-tiltak ved henting og slakting av grisar frå LA-MRSA-smitta besetningar (pdf)
- MRSA i storfe- og småfebesetningar - råd om smittevern (pdf)
- HMS-tiltak ved henting og slakting av drøvtyggjarar frå MRSA-smitta besetningar (pdf)
- Retningslinjer for handtering av kjæledyr og hest smitta med resistente bakteriar (pdf)