Francisellose

Bakterien som er årsak til francisellose hos torsk i Noreg er identifisert som Francisella noatunensis subsp. noatunensis. Hovudfunn hos sjuk fisk er kroniske betennelsesknutar i organ.

Francisellose er listeført i Noreg (kategori F), og førekomst av eller mistanke om sjukdommen skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

F. noatunensis subsp. noatunensis er påvist både i vill torsk og i oppdretta torsk. Smittevegen ser ut til å vera horisontal, frå fisk til fisk.

Bakterien veks best ved 22 °C. Vekst ved 30 °C er svært svak, og det er ikkje påvist vekst ved 37 °C. Mus injisert med høge dosar av bakterien (70 millionar) og observerte i ein månad viste ingen teikn på sjukdom. Dei hadde ingen patologiske endringar ved histologisk undersøking, og bakterien blei ikkje funnen igjen ved bakteriologisk undersøking. Det finst difor ingen indikasjon på at denne bakterien er eit zoonotisk trugsmål.

Ein variant av F. noatunensis subsp. noatunensis er assosiert med relativt store tap hos laks oppdretta i ferskvatn i Chile. Bakterien har aldri blitt isolert frå eller assosiert med sjukdom hos norsk laks.

Molekylære undersøkingar av isolat frå alle kjende norske utbrot viser at isolata er svært like, men MLVA (multi-locus variable number of tandem repeat analysis) har avdekka at det finst minst tre sub-populasjonar av bakterien hos oppdrettstorsk i Noreg. I smitteforsøk er bakterien svært smittsam.

Ein liknande bakterie, F. noatunensis subsp. orientalis, er funnen i samband med sjukdom hos tilapia i oppdrett på Taiwan og i Sør- og Nord-Amerika, og i marin oppdrettsfisk i Japan

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Ved obduksjon av infisert fisk finn ein moderat til massiv førekomst av lyse knutar i organ, særleg synlege i milt, lever og på hjarte. Nokre fiskar har augeskadar og blodige knutar i huda.

Ved histopatologiske (mikroskopiske) undersøkingar finn ein oftast utbreidde, kroniske, granulomatøse betennelsesreaksjonar med til dels massiv førekomst av betennelsesknutar.

Endringane blir til vanleg funne i gjeller, hjarte, lever, milt, tarmslimhinne, auge og skjelettmuskulatur. I granulom kan ein finna få til mange bakteriar i vakuolar i celler.

Diagnostikk
Lyse knutar i organ hos torsk kan ha ulike årsaker. For sikker diagnostikk er det difor naudsynt med histopatologisk gransking og påvising av bakterien ved hjelp av immunologisk farging (immunhistokjemi), dyrking på ein cysteinrik agar (cysteine heart agar med 5 % saueblod) eller ved hjelp av molekylærbiologiske metodar (PCR).

Førekomst

Sjukdommen blei først diagnostisert på vaksen torsk i Rogaland/Hordaland i 2004/2005, men er etter kvart blitt påvist hos torsk i alle aldersgrupper, så langt nord som Nordland. Sjukdommen er ikkje berre knytt til oppdrettsfisk. Bakterien er også påvist i sjukdomstilfelle hos villtorsk på vestkysten av Sverige og i Nordsjøen.

I tråd med den minkande bestanden av oppdrettstorsk har det vore få påvisingar av francisellose i dei seinare åra. I typiske tilfelle utviklar sjukdommen seg snikande, og når fisken daudar, har han vore infisert lenge. Dødelegheita kan bli høg, særleg om sommaren, men kan minka av etter kvart som det blir kaldare i sjøen utover hausten. Men sjølv om færre daudar om vinteren, ser det ikkje ut til at infeksjonen forsvinn frå populasjonen.

Tiltak

Francisellose er listeført i Noreg (kategori F). I kronisk fase kan sjukdommen ikkje behandlast med medikament. Det finst ingen kommersielt tilgjengeleg vaksine.