
BKD er listeført i Noreg (kategori F), og førekomst eller mistanke om BKD skal straks rapporterast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
BKD er ein verdsomspennande sjukdom hos laksefisk, både i vill- og oppdrettspopulasjonar. Sjukdommen rammar berre laksefisk.
Årsaka til BKD er den Gram-positive bakterien Renibacterium salmoninarum. I Noreg blei BKD første gong påvist av Veterinærinstituttet i 1980 på avkom frå vill stamlaks, og smitta villaks er truleg hovudkjelda til dei BKD-tilfella som er påviste i Noreg dei seinare åra. Siste kjende påvising av R. salmoninarum hos villaks i Noreg var med PCR i samband med helsekontroll av villfanga stamfisk til kultivering i 2019.
BKD er vanlegvis ein kronisk tilstand, men kan gi akutt dødelegheit, særleg hos yngre fisk. Livslang bærartilstand førekjem. Ved kjønnsmodning kan bærartilstand endrast til aktiv sjukdomsutvikling. Ved obduksjon treng ein ikkje då sjå typiske patologiske endringar fordi desse treng tid for å utviklast til typiske BKD-endringar. Infeksjonen kan overførast frå ein generasjon til neste gjennom infisert rogn, trass rogndesinfeksjon, men kan òg smitte frå fisk til fisk.
Sjukdomsteikn
I oppdrett kan oftast BKD påvisast etter unormal dødelegheit ei tid etter utsett av smolt i sjø. BKD kan òg gi akutt dødelegheit, særleg hos yngre fisk. I kultiveringsanlegg og oppdrett med stor fisketettleik kan BKD råka hardt med stor dødelegheit.
Hos fisk i ferskvatn fører skadar i nyrene til problem med osmoreguleringa (saltbalansen) slik at fisken får veske i bukhola og utståande auger. Typiske obduksjonsfunn er anemi (bleike organ) og lyse, ganske store, kvite knutar i nyret, som kan flyta saman. Nyret er ofte oppsvulma. Ved spreiing av infeksjonen til andre organ kan ein sjå mange, små, kvite knutar (<2 mm) som er lettast å sjå i mørke organ som milt. Små daude fiskar kan lett bli vurdert som ueigna for undersøking fordi ein tydeleg renibakteriose på desse kan minna om rotning. Tidleg i sjukdommen kan fisken ha små blødingar i huda som kan utviklast til små, kraterforma hudår.
I sjøvatn kan ein sjå såkalla «svimarar», som av og til kan ha utståande auger pga. plasskrevjande betennelse i augnehola. Fisken kan ha kvite knutar i nyrene og andre organ, og noko veske i bukhola. Ved låg temperatur kan ein sjå kroniske endringar i bukhola der organa er pakka inn i «bomull» (fibrin). Kjønnsmoden regnbogeaure og røye kan ha ein forbigåande tilstand med berre hudår, kjent som «spawning rash».
Diagnostikk
Før dei typisk kvite knutane er tydelege kan diagnosen vera vanskeleg. Fiskane er anemiske, og vev er delvis fordøydd av bakteriane. Ved direkte mikroskopi av materiale frå lesjonar kan det vere vanskeleg å sjå dei ubevegelege bakteriane, og gram-farging gir heller ikkje alltid sterk gram-positiv farge.
Ved første gongs mistanke på ein lokalitet bør ein dyrka bakteriane. Prøvar bør takast ut frå vev med lesjonar i nyre og eventuelt andre organ. Dyrkingsprøvar kan frysast dersom ein ikkje får frakta prøvar med god kjøling rett til laboratoriet. Sår og knutar i organ med blaut tekstur (nekrosar) vil oftast innehalde store mengder bakteriar, medan harde knutar (granulom) har svært variabelt bakterieinnhald.
Bakteriane er lette å dyrka frå sjuk fisk, men veks ikkje på vanleg blodagar. Dyrkning kan ta fleire veker og krevjar spesialmedium som inneheld serum og aminosyra cysteine, til dømes ’kidney disease medium (KDM)’ og ’selective kidney disease medium (SKDM)’. Histopatologisk er endringane ved BKD granulomatøse betennelsesendringar og nekrosar i varierande grad. Yngel/ungar kan ha små vertsreaksjonar, men likevel store nekrosar fulle av bakteriar som kan vera vanskelege å sjå ved standard He-farging. Ved histologi med funn av karakteristiske endringar brukar ein immunhistokjemi for å påvisa bakteriane i lesjonane.
Dyrking kan gi like god eller til og med betre sensitivitet, men PCR gir òg gode resultat for indirekte påvising av R. salmoninarum og blir no brukt rutinemessig i kombinasjon med andre metodar.
Førekomst
Veterinærinstituttet påviste BKD for fyrste gong i Noreg i 1980 i både oppdretts- og kultiveringsanlegg. Dei fleste utbruta av BKD har kome på Vestlandet. Etter mange år med få årlege utbrot (0-3), forverra situasjonen seg betydeleg i 2023 med stadfesta smitte på 11 anlegg i sjøen og eit landanlegg med stamfisk i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. utbruta var hovudsakleg hos laks, men også regnbogeaure blei affiserte. I 2024 blei BKD påvist på til saman åtte anlegg i Møre og Romsdal og Trøndelag. Heilgenomsekvensering har synt at utbruta i Vestland og på Sunnmøre dei siste åra skuldast ein bakterievariant som er såpass ulik bakteriane som er påvist på Nordmøre og i Trøndelag at det er snakk om uavhengige epidemiaer. BKD har aldri vore påvist hos aure frå innlandet eller hos anadrome artar i vassdrag som renn ut i Oslofjorden.
BKD finst globalt i område der det naturleg er laksefisk eller etter utsett, med mogleg unntak for Australia og Irland. BKD blei fyrste gong påvist i Skottland hos vill laks frå elvane Spey og Dee på 1930-talet.
Sjukdommen rammar berre laksefisk, og kjende, mottakelege artar i Noreg er atlantisk laks (Sálmo salar), regnbogeaure (Oncorhynchus spp.), brunaure/sjøaure (Sálmo trutta ),, røye (Salvelinus alpinus) og harr (Thymallus thymallus).
Overvaking
I perioden 2005 – 2011 fanst eit offisielt overvakingsprogram for BKD. I den perioden blei meir enn 22 000 oppdrettsfiskar testa for BKD. Alle var negative. I fleire år fram til 2021 var det overvaking av BKD i ILA-frie soner. Ved stryking av vill anadrom laksefisk til kultivering blir det stilt krav om obduksjon og testing for BKD. Seinast i 2019 blei R. salmoninarum påvist i slike prøvar. Avlselskapa har sine eigne rutinar for undersøking.
Tiltak
BKD er listeført i Noreg (kategori F), og diagnosen skal stillast av Veterinærinstituttet som er nasjonalt referanselaboratorium for fiskesjukdommar. Sjukdomsteikn som tyder på BKD og påvising av R. salmoninarum med minst to laboratorietestar baserte på ulike biologiske prinsipp er grunnlag for diagnosesetjing.
Ved kvart einaste BKD-utbrot er det viktig å spora smitten. Den snikanden utviklinga gjer at sjølv utbrot med få sjukdomsteikn kan vera teikn på at noko har gått gale, til dømes i eit avlssystem. Dersom stamfiskpopulasjonar blir infiserte, er BKD-problem vanskeleg å handtera fordi ingen så langt har greidd å «reinska» ein populasjon for denne smitten.
Det førebyggande arbeidde for å halda stamfiskproduksjonen fri er det viktigaste tiltaket fordi BKD er vanskeleg å behandla og sjukdommen kan overførast vertikalt. Infiserte populasjonar skal slaktast eller destruerast.
Bakteriane er følsame for erythromycin. Slik behandling er neppe aktuelt for anna enn ved kultiveringsarbeid med spesielt verdifulle, utryddingstrua stammar der ein ikkje kan erstatta infisert avlsmateriale med BKD-fri fisk. Injeksjonsbehandling av stamfisk har òg blitt prøvt innan kommersielt oppdrett, men dette kan ikkje anbefalast utan at alle kjelder til BKD-fri stamfisk er borte.
Eit vanleg tiltak er å intensivera overvakinga vår og sommar før stamfisken blir overført til ferskvatn. Då kan ein oppdaga BKD så tidleg at den påtenkte stamfisken kan slaktast og erstattast med smittefri populasjon. Dette vil avgrensa tapa sterkt.
Smoltgrupper med BKD bør ikkje setjast ut, då det kan øydeleggje Noregs unikt gode BKD status som er av stor verdi, over tid langt meir enn nokre smoltgrupper.
Blir BKD oppdaga på slaktefisk som har stått i sjø i lengre tid, må ein rekne med smittespreiing innan anlegget og mogleg spreiing ut av anlegget. Bandlegging av anlegget med omsyn til ut- og innførsel av levande fisk og hygieniske tiltak ved utslakting og brakklegging etterpå, er viktigaste tiltak.
Spreiinga som vi har sett dei siste to åra er mellom anna sett i samanheng med brønnbåtar som er brukt for avlusing og transport. Det er følgeleg viktig å sikre tilstrekkeleg vask og desinfeksjon mellom oppdrag på ulike anlegg.
Det finst ikkje effektive medikament eller vaksinar mot denne sjukdommen, og kamp inneber generelle biotryggingstiltak, screening av stamfisk og utslakting av infiserte bestandar.