Slik vaktar dei maten vår mot ein usynleg trussel
Frå slakteri, fjellområde og gardsbruk over heile landet blir sende tusenvis av prøvar til Veterinærinstituttet. Der startar jakta på prionsjukdommar som er blant dei mest alvorlege sjukdommane vi kjenner.
Oppdraget er klart: Å dokumentere dyrehelsestatus, oppdage sjukdom som kugalskap, skrapesjuke eller skrantesjuke tidleg og følgje utviklinga over tid. Overvaking av prionsjukdommen kugalskap er dessutan viktig for mattryggleik og folkehelse. Det er sjeldan at noko blir påvist, men fordi konsekvensane er så alvorlege, blir titusenvis analyserte av prøvar frå norske dyr kvart år for å sikre at maten vår er trygg.
Vi er inne på prionlaboratoriet ved Veterinærinstituttet for å lære om den lange reisa tusenvis av prøvar går gjennom for å bli undersøkte for prionsjukdommar.
Her er det viktig med god hygiene og å følgje alle protokollane. Boksen med eingongshanskar «får køyrt seg». Ingeniørane må ta på seg laboratoriefrakk, skotøy og eingongshanskar. Etter kvart laboratoriebesøk må hendene vaskast og tøy skiftast.
Sjukdommar som øydelegg hjernen og gjer den svampaktig
‒ Prionsjukdommar er blant dei mest alvorlege sjukdommane vi kjenner hos dyr, fortel Sylvie Benestad ved Veterinærinstituttet. Ho er mellom anna fagansvarleg for analysar av prionsjukdommar (forkorta TSE), leiar for Noregs nasjonale referanselaboratorium og mangeårig forskar på prionsjukdommar ved Veterinærinstituttet.
På fagspråk blir sjukdommane omtalte som TSE, ei forkorting for transmissible spongiform encephalopathy. Omsett blir det «overførbar svampeliknande hjernesjukdom».
I motsetnad til dei fleste infeksjonssjukdommar kjem av dei ikkje bakteriar eller virus, men feilfolda protein, såkalla prion. Over tid kan desse hope seg opp i hjernen og føre til omfattande skadar. Prionsjukdommane utviklar seg langsamt. Det kan gå fleire år frå eit dyr blir smitta til dei første symptoma oppstår, men utfallet er alltid dødeleg.
– Det som gjer desse sjukdommane så utfordrande, er den lange inkubasjonstida og at det verken finnes behandling eller vaksine, forklarer Benestad.
Overvaking og tidleg påvising er derfor avgjerande for å hindre vidare spreiing. Ved å teste dyr frå ulike delar av landet kan vi oppdage sjukdom på eit tidleg stadium, følgje utviklinga over tid og bidra til at smitta dyr ikkje hamnar i matkjeda, forklarer ho vidare.
Frå fjøs og fjell til laboratoriet
Testinga som Veterinærinstituttet utfører på storfe, småfe og hjortevilt skjer på oppdrag frå Mattilsynet.
‒ Berre i 2025 analyserte Veterinærinstituttet nærmare 38 000 prøvar for prionsjukdom. Desse fordelte seg med omtrentleg 12 000 prøvar frå hjortedyr, 20 000 frå sau og geit og 6 500 frå storfe, fortel overingeniør ved Veterinærinstituttet, Cecilie Augeberg Heggedal.
Fordi prion oppfører seg annleis enn andre smittestoff, krevst det spesialiserte metodar og omfattande kvalitetskontroll for å sikre pålitelege resultat. Éin enkelt prøve går gjennom mange steg for å få gjennomført Elisa-analysen som blir nytta. Viss analysen av prøven kjem ut positiv, skal prøvesvaret stadfestast med ein annan analysemetode kalla Western Blot.
Prøvane som kjem til Veterinærinstituttet, har ofte reist langt. Nokon kjem frå slakteri, andre frå gardar, og mange blir sende inn av jegerar eller fallviltpersonell etter prøvetaking ute i terrenget.
– Bønder, jegerar, veterinærar, slakteri, Biosirk, Mattilsynet og laboratorietilsette gjer ein stor innsats. Saman bidreg dei til å oppdage sjukdom tidleg, verne norske husdyr og halde oppe tilliten til norsk mat og matproduksjon, seier Heggedal.
Av og til følgjer det med overraskingar i prøvekonvoluttane
– Det å ta ut prøvar kan vere krevjande. Særleg for jegerar som er ute i felt har vi forståing for at det kan vere strevsamt å ta ut prøvar. Ver, vind, lysforhold og temperatur kan gjere jobben ekstra utfordrande, fortel laboratorieingeniør Svanhild Zwaantje Kjørsvik Schipper.
– Det speglar seg av stundom i prøvepakkane vi pakkar ut. Ein gong hadde ein innsendar gløymt førarkortet sitt i prøvepakken. Jegeren blei mildast talt overraska då vi ringde og fortalde at vi hadde funne førarkortet hans, seier ho.
– Vi har òg opplevd at saksedyr har følgt med på lasset og komme ut når vi opna pakken, eller at jegerar har lagt prøvane i ymse slag oppbevaringsbehaldarar, noko som fortel oss at dei tok det dei hadde for handa, seier ho. Schipper fortel at i prøvepakkane som jegerar får for å ta prøvar er det vedlagt eit informasjonsskriv der framgangsmåten er illustrert for å sikre at prøvematerialet blir så godt som mogleg. Det er viktig med rett oppbevaring, innpakking og merking.
Viktig for mattryggleiken
Prionsjukdommar er ikkje berre eit spørsmål om dyrehelse. Historia har vist at enkelte av dei òg kan få noko å seie for menneske.
Det mest kjende dømet er kugalskap, eller bovine spongiform encephalopathy (BSE), hos storfe. På 1980- og 1990-talet førte sjukdommen til ein omfattande epidemi i Storbritannia. Nokon hugsar kanskje TV-bilete som rulla over skjermane den gongen: kyr med ukontrollerbare, rykkete rørsler som ikkje klarte å reise seg og berg av storfeskrottar destruerte ved brann. Etter kvart blei det dokumentert at menneske kunne utvikle den sjeldne varianten Creutzfeldt-Jakobs sjukdom (vCJD) etter å ha blitt eksponerte for smittestoffet gjennom mat.
Kugalskapsepidemien førte til eit omfattande løft i overvakinga av prionsjukdommar i Europa. Strenge reglar for fôrproduksjon blei innførte, og testing av risikodyr blei etablert som ein viktig del av beredskapen.
Prion kan finnast mellom anna i hjernevev, ryggmerg og lymfevev hos infiserte dyr. Derfor er systematisk overvaking og testing av prøvar ein viktig del av arbeidet med å verne både dyrehelsa og mattryggleiken.
Tre prionsjukdommar hos dyr som blir overvakt i Noreg
Noreg overvaker tre typar prionsjukdommar hos dyr: Skrapesjuke hos sau og geit, kugalskap (BSE) hos storfe og skrantesjuke (CWD) hos hjortedyr.
Skrapesjuke er den eldste kjende prionsjukdommen hos dyr og har vore beskrive i meir enn 250 år. Den finst både som ei smittsam form som etter kvart blei kalla klassisk og som den sporadiske forma kalla Nor98, som først blei oppdaga av norske forskarar i 1998. Det siste norske tilfellet av klassisk skrapesjuke blei påvist i 2009.
Den klassiske forma for kugalskap – BSE – har aldri blitt påvist i Noreg. Likevel har norske styresmakter gjennom mange år halde oppe eit omfattande overvakingsprogram for å kunne dokumentere sjukdomssituasjonen og oppdage eventuelle tilfelle tidleg.
I dag er påvising av klassisk BSE svært sjeldan internasjonalt. Likevel held overvakinga fram. Eitt tilfelle av atypisk BSE blei påvist hos ei eldre ku i Noreg i 2015. Funnet viste at systemet fungerer: Sjølv svært sjeldne sjukdomstilfelle blir fanga opp gjennom målretta prøvetaking og analyse.
Hos hjortedyr blir sjukdommen kalla skrantesjuke eller Chronic wasting disease (CWD). Noreg fekk internasjonal merksemd då smittsam CWD i 2016 for første gong i verda blei påvist hos villrein i Nordfjella. Oppdaginga utløyste ein av dei største sjukdomsdugnadene som er gjennomførte på norsk hjortevilt. Sidan 2016 er meir enn 200 000 prøvar undersøkte. Sjukdommen er så langt påvist hos 41 dyr: 21 reinsdyr, 17 elgjar og 3 hjort.
Ein del av ein internasjonal innsats
Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for prionsjukdommar og europeisk referanselaboratorium for CWD. Instituttet analyserer alle norske prøvar som blir undersøkte for desse sjukdommane.
Arbeidet stoppar heller ikkje når prøvesvaret er klart. Forskarar og laboratorietilsette deltek aktivt i internasjonale forskingsprosjekt for å lære om korleis prionsjukdommar oppstår, korleis dei kan oppdagast tidleg, korleis dei smittar mellom dyr, kva prionstammar som finst, og kva risiko dei kan utgjere for andre dyreartar og menneske.
På den måten bidreg kvar enkelt prøve ikkje berre til å dokumentere sjukdomssituasjonen i Noreg, men også til ny kunnskap i det internasjonale arbeidet med å forstå og nedkjempe prionsjukdommar.
Les om korleis innsending av prionprøvar skal gå føre seg: Innsendingsskjema landdyr