Røykt laks og ørret mistenkt som kjelde til utbrot av listeriose

Folkehelseinstituttet (FHI) har oppdaga eit utbrot forårsaka av bakterien Listeria monocytogenes. Så langt er det påvist smitte hos fire personar. Veterinærinstituttet støttar FHI og Mattilsynet i etterforskinga av smitteutbrotet.

Alle dei fire personane, tre kvinner og ein mann, vart sjuke i juni i år og har vore innlagde på sjukehus. Alle er no friske eller i betring. Dei er i alderen 50 – 80 år og busetja i Viken (2), Vestland og Oslo. Det er påvist listeriabakteriar med lik genetisk profil i prøvar frå alle personane.

Gravide, personar med nedsett immunforsvar og eldre med svekt allmenntilstand bør vera merksame på matprodukt som kan gje risiko for listeriose, som til dømes røykt, raka og graven fisk og mjuke modningsostar.

Utsette personar tåler mindre av bakterien

-Risikoen med slike produkt aukar utover i lagringstida. Listeria kan formeire seg i mange matvarer sjølv med god kjøling, og raskare om temperaturen er høgare. Risikoen for sjukdom aukar med auka konsentrasjon av Listeria. Normalt friske personar kan tåle mykje, men utsette personar tåler mindre av bakterien. Rådet til utsette personar er derfor å unngå slike matvarer, bruke dei i rettar der dei blir varmebehandla, eller eta dei godt innanfor utløpsdatoen. Varer som er nedprisa rett før utløpsdatoen er ikkje egna for utsette personar, seier seniorforskar ved Veterinærinstituttet Taran Skjerdal. Dette gjeld sjølv om matvarene smakar som vanleg. Listeria påvirkar diverre ikkje lukt, farge eller andre ting ein kan merke med sansane, seier ho.

Om listeriabakterien

Listeria monocytogenes er ei bakterie som kan gje alvorleg sjukdom, spontanabort, og til og med død. Bakterien finst i naturen og har god overlevingsevne både i naturen, på utstyr og andre stader i produksjonsmiljø. Det er derfor ikkje uventa at Listeria nokre gonger finnst i mat. Risikoreduserande tiltak er god kjøling, god prosesshygiene, og avgrensing av lagringstida. Listeriose kan gje ulike symptom som diaré, milde influensaliknande plager, blodforgifting eller hjernehinnebetennelse. Bakterien kan også smitta frå mor til barn under graviditeten og føra til alvorleg sjukdom hos fosteret.

Listeria smittar vanlegvis gjennom mat, spesielt kjølelagera matvarer med lang haldbarhetstid som blir eten utan vidare varmebehandling. Tida frå smitte til sjukdom er vanlegvis frå nokre dagar til tre veker, men i sjeldne tilfelle opp til tre månader. Infeksjonen kan behandlast med antibiotika.

Brei etterforsking går føre seg

Folkehelseinstituttet har samarbeidd med Veterinærinstituttet, Mattilsynet og aktuelle kommuneoverlegar for å kartleggje om personane kan ha ei felles smittekjelde. Mattilsynet har gjennomført intervju med personane og innhenta aktuelle prøvar som Veterinærinstituttet har analysert.

Veterinærinstituttet har analysert prøver av mat, sekvensert og analysert Listeria monocytogenes som er funne i prøvene ved hjelp av bioinformatiske analyser av arvestoffet. Vi har også delteke i vurderingar av mogelege smittekjelder og tiltak for å redusere omfanget av utbrotet.

Bakteriestammen i dette utbrotet er lik utbrotsstammen påvist i utbrotet av listeriose i 2022 der røykt laks var mistenkt smittekjelde.

Råd til utsetja grupper:

Kontaktperson ved Veterinærinstituttet:

Del artikkel