Rabies påvist hos fjellrev på Svalbard - andre påvising i 2025

Veterinærinstituttet har påvist rabies hos endå ein fjellrev på Svalbard i 2025. Rabies er ein svært alvorleg virussjukdom som også kan smitte menneske.

Kadaver av polarrev til undersøking. Foto: Ingunn Ruud, Veterinærinstituttet
Reven blei funnen død og var gått i ròte. Foto Ingunn Ruud, Veterinærinstituttet

Sysselmeisteren på Svalbard sende fjellrevkadaveret til Veterinærinstituttet på Ås for rabiesundersøking. Fjellreven blei funnen på «Alkepynten» ca. 75 km sørvest for Pyramiden der den førre reven smitta reven kom frå Rabies påvist hos fjellrev på Svalbard - Veterinærinstituttet

Sysselmeisteren, som har beredskapsansvaret på Svalbard, sende kadaveret til Mattilsynet og Veterinærinstituttet på Ås for undersøking. Hannreven var tynn og kadaveret hadde komme langt i ròteprosessen.

Tanngarden til den reven som fekk påvist rabies i juli 2025. Foto: Ingunn Ruud, Veterinærinstituttet
Tanngarden til reven som fekk påvist rabies i juli 2025. Foto: Ingunn Ruud, Veterinærinstituttet

Rabies er ikkje påvist hos dyr på Fastlands-Noreg i nyare tid, men blir påvist sporadisk på Svalbard, sist gong i mai 2025.

Sjukdommen, også kalla hundegalskap, er ein svært farleg sjukdom for dyr og menneske og mistanke om rabies hos dyr skal derfor omgåande varslast Mattilsynet. Dersom ein er på Svalbard, skal Sysselmeisteren og Mattilsynet blir varsla.

Rabies har tidlegare vore påvist hos vilt på Svalbard i 1980, 2011 og 2018.

–Dersom du observerer fjellrev eller reinsdyr på Svalbard som viser unormal åtferd eller er døde, meld straks frå til Sysselmeisteren. Ikkje handter dyra sjølv! Hunder må haldast under oppsyn, og unngå å mate rev, seier forskar ved Veterinærinstituttet, Jørn Våge.

Les meir om rabies på Veterinærinstituttets nettsider.

Les meir om rabies hos Folkehelseinstituttets nettsider.

Les meir på nettsidene til Sysselmeisteren.

Les meir på nettsidene til Mattilsynet

Jørn Våge

Seniorforsker vilthelse, skrantesyke/CWD-koordinator
Vis telefonnummer
Send e-post

Del artikkel