Ny teknologi reduserte lakselus med 44 prosent i prøveprosjekt

Ein ny studie frå Veterinærinstituttet viser at teknologien «LiceDefence» kan redusere lus på oppdrettsfisk ved å tiltrekkje og avlive luselarvar i vassmassane.

Illustrasjon av lusefelle
Slik ser lusefellene ut. Illustrasjon: LiceDefence

Teknologien har blitt testa ut i eit kontrollert småskalaforsøk ved GIFAS havbruksstasjon i Gildeskål. Lusepåslaget blei i gjennomsnitt redusert med 44 prosent når systemet var aktivt. Resultata var statistisk signifikante og konsistente på tvers av analysar.

Lokkar lusa med lys

Med denne løysinga blir lusa lokka inn i feller på kanten av merdane ved hjelp av lys. I fellene blir drepe lusa av klorsamband som blir danna gjennom elektrolyse av sjøvatn.

– Desse resultata viser at det kan vere mogleg å redusere lusepåslag med ein skånsam og førebyggjande teknologi. Samtidig understrekar vi at funna er frå småskala forsøk, og at effekten må dokumenterast vidare i kommersiell drift, seier forskar Lars Qviller ved Veterinærinstituttet.

Teknologien verkar førebyggjande ved å redusere talet på luselarvar i vatnet, utan å krevje handtering av fisken. Analysar av utvalde blodparametrar gav ikkje indikasjonar på auka stress eller fysiologisk belastning hos fisken under dei testa forholda.

Må testast i større merdar

Forskarane peikar på at teknologien må testast i større skala, der avstandane i merdane er større og forholda meir varierande. Dei tilrår òg meir omfattande undersøkingar av fysiologiske effektar, ettersom analysane i denne studien var avgrensa.

Veterinærinstituttet har hadde hovudansvar for dataanalyse og forsøksdesign, inkludert utforming av kontrollar og behandlingsoppsett. Idé, datainnsamling og laboratoriearbeid er vareteke av andre prosjektpartnarar og personell på GIFAS’ forskingsstasjon. Produktet er utvikla i eit prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd som eit innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN).

Les heile rapporten om studien LiceDefence her.