I 2024 blei siste behandling mot Gyrodactylus salaris gjennomført i denne regionen då øvre og nedre delar av Driva blei behandla med klor, og dessutan noko rotenon i nedre delar.
– Dette er svært gledeleg og gir grunn til vidare optimisme for at kampen i sin heilskap har vore ein suksess, seier Helge Bardal ved Veterinærinstituttet som er prosjektleiar for tiltaket i Drivaregionen.
Dette er ein stor region med mange og store vassvegar. Drivaregionen består av elvane Driva, Batnfjordelva, Litjdalselva, Usma og Gylelva.
– Å behandle ein så stor region med elvestrekningar og sikre at alle parasittar blir fjerna, er utfordrande, men gjennom erfaring, kunnskap og bruk av ein kombinasjon av klor og rotenon i behandlinga mot parasitten har elvestrekkane blitt grundig behandla. Det ligg ein stor innsats bak, ikkje minst frå lokale krefter som også bidreg i arbeidet med å setje ut fisk igjen i vassdraga. Resultata så langt er som forventa første år etter tiltak, men er ei god stadfesting på at vi er på rett veg og styrkjer trua på at Drivaregionen skal bli kvitt parasitten, seier Bardal.
Dette skjer i friskmelding-programmet
Haakon Hansen som er seniorforskar og paraittolog ved instituttet har ansvaret for friskmeldingsprogrammet for Gyrodactylus salaris som blir gjord på oppdrag frå Mattilsynet.
Dette programmet vil truleg halde fram i seks år, fram til 2030. Han fortel at gjennom friskmeldingsprogrammet blir det samla inn prøvar av laksungar som er eitt år og eldre, og at dette skjer to gonger i året, med minst ein månad mellom kvar innsamling.
– Prøvane samlar vi inn ved hjelp av elektrofiske, og deretter undersøker vi dei for å sjå om vi finn G. salaris på fiskane under eit stereomikroskop (lupe), forklarar han. I tillegg til dette er det i Driva også samla inn miljø-DNA-prøvar som er analyserte med omsyn til G. salaris.
Foto: Jannicke Wiik Nielsen, Veterinærinstituttet
Til saman er 498 laks undersøkte, og det er ikkje gjort funn av G. salaris på nokon av desse fiskane. Heller ikkje miljø-DNA-prøvane viste til stades DNA frå G. salaris i nokon av prøvane. – Så langt er dette altså svært oppløftande resultat, avsluttar Hansen.
I 2024 blei siste behandling mot Gyrodactylus salaris gjennomført i denne regionen, då øvre og nedre delar av Driva blei behandla med klor.
Ei utfyllande rapport kjem i årsrapporten for friskmeldingsprogrammet som blir gjeven ut i første halvdel av 2026.
Les tidlegare saker:
Suksessfull parasittnedkjemping i Driva-vassdraget gir håp for framtidig laks (vetinst.no)
Slik blir gyronedkjempinga i Driva i 2024 (vetinst.no)