Hugs å varsle om sjukdom, dødelegheit og dårleg velferd hos villfisk

Sommaren er her og det er høg aktivitet hos hobby- og sportsfiskarar i sjø, vatn og elv. Dersom du oppdagar sjukdom eller dødelegheit, eller mistenkjer dårleg velferd hos villfisk, skal du varsle Veterinærinstituttet med ein gong via Sjuk villfisk-portalen.

Laks svekte av saprolegniose. Foto: Steinar Gilleberg Stensli, Veterinærinstituttet
Laks svekka av sjukdom i samband med saprolegnioseutbrotet i Gaula i 2025. Foto: Steinar Gilleberg Stensli, Veterinærinstituttet

Alle har plikt til å varsle, og varsling til Veterinærinstituttet varetek denne varslingsplikta. Veterinærinstituttet vil vurdere om det er behov for nærmare undersøkingar. Ved særskilde tilfelle vil instituttet eventuelt varsle vidare til Mattilsynet: Alle har plikt til å varsle om sjukdom eller dårleg velferd hos villfisk (Mattilsynet)

Her varslar du: Sjuk villfisk-portalen

Fisk bør oppbevarast kjølig (Nb! kjøleskapstemperatur og ikkje i vatn) inntil du får svar frå Veterinærinstituttet om vi ønskjer å undersøkje fisken vidare. Ved inngang til helg og i helga bør fisk frysast ned. Bidraget ditt er viktig og kan gjere ein skilnad for å oppklare sjukdom og fiskedød.

Varsle om all slags fisk

Så langt har Veterinærinstituttet teke imot flest varsel om dødelegheit og sjukdom hos laksefisk i elvar og vatn. Veterinærinstituttet oppmodar derfor til varsling ved observasjonar hos annan fisk i ferskvatn og marin fisk.

Kontaktpersonar: