Blåtunge

Blåtunge er ein virussjukdom hos tamme drøvtyggarar og hjortedyr. Sjukdommen blei påvist i Noreg i byrjinga av september 2024. Før det blei blåtunge sist påvist i Noreg i 2009.

To sauer ute i naturen.
Blåtunge rammar i første rekkje sau og storfe. Foto: Berit Djønne, Veterinærinstituttet

Smittestoff og smittevegar

Blåtunge er ein liste 1-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om blåtunge skal straks rapporterast til Mattilsynet. Årsaka til blåtunge er eit orbivirus, og det er påvist minst 27 variantar (serotypar) av viruset. Utbrot av blåtunge hos sau og storfe i Europa i dei siste åra har vore knytte til serotype 8. Sidan hausten 2023 har også serotype 3 forårsaka utbrot i fleire land i Europa.

Sjukdommen smittar ikkje direkte mellom dyr, men viruset blir overført frå dyr til dyr med blodsugande sviknott (slekta Culicoides). Sjukdommen oppstår i sesongar, med flest tilfelle om hausten.

Viruset overlever ikkje ute i naturen, men i den blodsugande sviknotten  og inntil ein månad i sau, og inntil to månader i storfe. Blod, sæd og avkom frå infiserte dyr kan innehalda virus.

Blåtunge råkar i fyrste rekke sau og storfe, men andre drøvtyggarar som geit, ville hjortedyr, kamel og lama kan bli smitta. Storfe viser i mindre grad kliniske symptom enn sau, men er det viktigaste reservoaret for virussmitte. Det er uklart om hjortedyr kan fungera som smittekjelde for husdyr.
 

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Førekomst

Blåtunge finst på alle kontinent. I Noreg blei blåtunge funnen hos storfe på Sørlandet i 2009. I september 2024 blei blåtunge igjen påvist på Sørlandet. 

Les mer på siden Status blåtunge

På slutten av 1990-talet blei blåtunge endemisk i ein del europeiske middelhavsland. I august 2006 blei sjukdommen første gang påvist i Nederland, og i dei neste to-tre åra var det omfattande utbrot av blåtunge serotype 8 i Nord-Europa. Utbrotet spreidde seg også til Noreg, og i februar 2009 blei det påvist smitte i fire storfebuskapar på Sørlandet. Smitten kom truleg med infisert sviknott ført med vinden frå Danmark hausten 2008.

Blåtunge er fortsatt endemisk i fleire land i Sør-Europa. Serotype 8 er endemisk i Frankrike, men hausten 2023 rapporterte Frankrike om ein ny variant av serotype 8 som sirkulerer og gir alvorlege symptom hos sau. Nederland har sidan utbrotet i 2006 gjenoppretta fristatus for blåtunge, men i september 2023 melde Nederland om eit nytt utbrot av blåtunge hos sau, forårsaka av serotype 3. Utbrotet spreidde seg også til Belgia, Tyskland og Storbritannia i løpet av hausten 2023. I 2024 er serotype 3 påvist i Nederland, Belgia, Tyskland, Frankrike, Luxemburg og Danmark.

Overvaking

Det har vore eit overvakingsprogram for blåtunge hos drøvtyggarar sidan 2009. Tankmjølkprøver frå oktober og november (etter sviknottsesongen) frå buskapar i Sør-Noreg blir undersøkte for antistoff mot virus. Alle prøvene – bortsett frå prøver frå dei fire positive buskapane frå 2009 – har vore negative.

Gå til overvakingsprogram

Tiltak

Blåtunge er ein liste 1-sjukdom. Forebyggande tiltak er vanskelege å gjennomføra då smitten er overført med vektorar. I sviknottsesongen blir det tilrådd å setja dyra inn.

Sjuke dyr blir ofte avliva av dyrevernmessige grunnar.

Ein inaktivert vaksine blei utvikla mot blåtunge serotype 8 i 2008, og mange land med smitte gjennomførte store vaksinasjonskampanjar. Noreg valde å ikkje vaksinera mot blåtunge. 

Prøvetaking for blåtunge ved kjøp og salg

Les mer her

Relevante lenker

Spørsmål og svar om blåtunge

Spørsmål og svar om vaksinering mot blåtunge

Informasjon og bilder av symptomer på blåtunge

Status blåtunge

Status blåtunge

Her finner du oppdatert status på blåtunge i Norge med kart og tall

Les siste nytt fra Veterinærinstituttet

 
Alle nyheter