Sviknott

Sviknott (slekta Culicoides) er blodsugande insekt som kan overføra sjukdommar mellom dyr.

I Noreg i dag er blåtunge den mest aktuelle sviknott-overførte sjukdommen.

Smittestoff og smittevegar

Sviknott (Ceratopogonidae) inneheld ca. 60 slekter, og det finst om lag 5000 artar på verdsbasis. Dei fleste artane er rovdyr, ektoparasittar på andre insekt eller blodsugarar på vertebratar. Det finst fire slekter som er blodsugarar på vertebratar, og av desse er slekta (Culicoides) størst, med om lag 1000 artar. Det er i denne slekta ein finn dei artane som er av veterinærmedisinsk interesse i tempererte strok. I Noreg er det berre Culicoides-artar som er blodsugande på vertebratar. Culicoides-artane er små, ofte mellom 1 og 5 mm lange, dei fleste mindre enn 1.5 mm. Godt og vel 20 artar er registrert her i landet, men ein reknar med at det finst rundt 40 artar her.

Ulike Culicoides-artar kan vera vektorar for mange virus og andre patogen: Mansonella spp., Onchocerca gibsoni og O. cervicalis, Leucocytozoon, Plasmodium agamae, Haemoproteus, Blåtungevirus (BTV) African horse sickness, Bovine ephemeral fever, Akabane virus.

Livssyklusen til Culicoides inkluderer egg, 4 larvestadium, puppestadium og vaksne sviknott. Hos dei fleste sviknott treng hoa eit blodmåltid før ho legg egg, men hos enkelte artar kan hoa leggja sitt første kull egg utan å ha innteke eit blodmåltid (autogeny). Hoa legg ofte 40-60 egg per kull. Sviknottlarvane lever i ulike slag fuktige miljø; fuktig jord, vatn, myr, sopp, avføring (sauemøk, hestemøk, kumøk), daude tre, kompost osv. Larvestadiet kan vara frå få dagar til fleire månader, avhengig av sviknottart, temperatur og fukt.

Vaksne sviknott flyg ofte frå seint på ettermiddagen og utover kvelden, men kan vera i aktivitet heile dagen, særleg på overskya og fuktige dagar. Sviknott flyg også inn i husdyrrom og syg blod av dyra mens dei står inne. Sviknott kan til dømes følgja etter mjølkekyr inn i fjøset når dei blir tekne inn frå beitet om ettermiddagen/kvelden. Det er berre hoa som stikk og syg blod. Dette gjer ho omlag kvar 3. dag. Vaksne sviknott lever i gjennomsnitt omlag 10-20 dagar, men kan leva i opptil 3 månader. Vanlegvis er det berre ein generasjon i året i tempererte strok.

For at ein sviknott skal kunna overføra blåtungevirus (BTV), må den først suga blod av ein vert som har viruset sirkulerande i kroppen. Viruset blir oppformert i sviknotten. Dette tek 4-20 dagar, avhengig av temperaturen. Viruset finst då i sviknotten sine spyttkjertlar og blir overførde til nye mottakelege vertar ved (neste) blodsuging.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sviknott (Culicoides spp.) kan være en plage i seg selv, ettersom stikket forårsaker intens svie og kløe på stikkstedet.

Allergiske reaksjoner mot komponenter i spyttet hos enkelte sviknottarter kan gi ”sommereksem” hos hest, tilsvarende sykdom hos hest i Storbritannia og Australia kalles henholdsvis ”sweet itch”/”Summer dermatitis" og ”Queensland itch”.

Sviknott (Culicoides spp.) kan vera ei plage i seg sjølv fordi stikket gir intens svie og kløe på stikkstaden.

Allergiske reaksjonar mot komponentar i spyttet hos enkelte sviknottartar kan vera årsak til «sommareksem» hos hest. Tilsvarande sjukdom hos hest i Storbritannia og Australia blir kalla «sweet itch»/«summer dermatitis» og «Queensland itch».

Diagnostikk
Veterinærinstituttet kan artsidentifisera sviknott.

Førekomst

I ulike delar av verda er ulike Culicoides-artar hovudvektorar for BTV; i Søraust-Asia og Australia er det C. brevitarsis, i Nord-Amerika C. variipennis sonorensis, i Sør-Amerika C. insignis, i Afrika, Middelhavsområdet og Sør-Europa Culicoides imicola.

Ingen av desse sviknottartane er påviste i Mellom- og Nord-Europa, og i samband med utbrota av blåtunge i desse landa i 2006-2008 er ei rekkje «nye» Culicoides-artar funne å kunna fungera som vektorar for BTV; C. absoletus, C scoticus, C dewulfi, C chiopterus og C. pulicaris sensu stricto. Alle desse 5 sviknottartane finst i Noreg.

På grunn av vektoraktiviteten opptrer blåtunge sesongmessig med flest tilfelle om hausten.

Overvaking

I Europa brukast for det meste såkalla Onderstepoort-type blacklight traps til vektorovervaking. Dette er straumdrivne feller med UV-lys og vifte som tiltrekkjer seg insekt og blæs dei ned i ein oppsamlingsbehaldar. Insektfangsten blir så konservert i alkohol og analysert. Slike lysfeller blir også brukte i Noreg.

I perioden 2007-2009 blei sviknottfeller utplasserte og overvaka i samband med blåtungeutbrotet i Europa og Noreg. Sviknott blei igjen overvaka frå 2011.

Gå til overvakingsprogrammet for blåtunge hos storfe, sau og geit 

Les siste nytt fra Veterinærinstituttet

 
Alle nyheter