Fugleinfluensa (aviær influensa)
Fugleinfluensa skuldast infeksjon med influensa A-virus og kan føre til sjukdom hos mange ulike artar av både ville og tamme fuglar. Ved høgt smittetrykk kan òg pattedyr bli smitta.
Høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) hos ville og tamme fuglar er ein liste 1-sjukdom. Mistanke om eller påvising av sjukdomen skal straks meldast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
Fugleinfluensa (aviær influensa) kjem av infeksjon med influensa A-virus, som høyrer til virusfamilien Orthomyxoviridae. Influensa A-virus blir delt inn i subtypar basert på dei to overflateproteina hemagglutinin (HA) og neuraminidase (NA). Hos fuglar er det globalt identifisert 17 ulike HA-subtypar (H1-H16, H19) og ni ulike NA-subtypar (N1-N9), som kan kombinerast på ulike måtar. Arvestoffet til influensa A-virus, som består av åtte gensegment av RNA, endrar seg ofte, både gjennom mutasjonar og ved utveksling av gensegment mellom ulike subtypar, kjent som reassortering. Dette gjer at slike virus har stor evne til å endre seg.
Fugleinfluensavirus kan vere høgpatogene eller lågpatogene. Høgpatogene aviære influensavirus (HPAIV) er vanlegvis svært sjukdomsframkallande og kan føre til høg dødelegheit hos høns, men òg hos fleire andre fugleartar. Historisk sett blei sjukdommen derfor kalla hønsepest (fowl plague). Alle kjende HPAIV har vore av subtype H5 eller H7. Frå 2020 fekk særleg H5-virus i klade 2.3.4.4b ei omfattande utbreiing blant villfugl i store delar av verda, også i Noreg. Dette har endra smittesituasjonen ved at viruset i større grad blir vedlikehalde og spreidd av villfuglpopulasjonar enn det som tidlegare var vanleg.
Lågpatogene aviære influensavirus (LPAIV) sirkulerer naturleg blant villfugl, særleg blant ande-, måke- og vadefuglar, og er vanlegvis lite sjukdomsframkallande. Nokre LPAIV er òg etablerte hos fjørfe i delar av verda, særleg H9-virus i delar av Asia, Midtausten og Afrika. LPAIV av subtype H5 eller H7 som blir overførte frå villfugl til fjørfe, kan gjennom mutasjonar utvikle seg til å bli høgpatogene.
Influensa A-virus er kappevirus, noko som betyr at viruspartiklane er omgitt av ei ytre feittliknande hinne (lipidmembran). Denne lipidmembranen gjer viruset relativt følsamt for desinfeksjonsmiddel, så lenge viruspartiklane ikkje er beskytta av organisk materiale. Kappevirus overlever generelt dårleg i tørre og varme miljø og ved eksponering for sollys (UV-stråling). Aviære influensavirus overlever likevel lenge ved låge temperaturar og kan halde seg smitteførande over lengre tid i kaldt vatn.
Aviære influensavirus blir skilde ut i store mengder via avføring. Smitte frå villfugl til fjørfe, eller mellom fjørfeflokkar, kan skje gjennom direkte kontakt eller indirekte via til dømes persontrafikk, flytting av dyr, forureina fôr, vatn eller utstyr. Når sjukdomen først er etablert i ein fjørfeflokk, spreier han seg vanlegvis svært raskt.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Utbrot av HPAI hos fjørfe blir vanlegvis karakterisert av ei brå og kraftig auke i dødelegheit, der mange individ dør på kort tid utan nødvendigvis å vise tydelege sjukdomsteikn på førehand. Dyra kan i nokre tilfelle ha respirasjonssymptom som gaping, kvesande pust og tydelege pustevanskar. Nokre dyr utviklar nevrologiske symptom som balanse- og koordinasjonsproblem, noko som kan føre til tap av evne til å fly hos villfuglar. I fjørfeflokkar kan ein sjå betydeleg nedgang i eggproduksjon, redusert inntak av fôr og vatn, og kraftig nedsett allmenntilstand. Dødelegheita kan nå opp mot 100 % i ein fjørfeflokk, men dette avheng av faktorar som virulensen til viruset, alder en på dyra og motstandskrafta deira. Sjukdomsteikn og dødelegheit er mest tydeleg hos kalkun og høns, men kan vere mykje mildare hos ender og gjæser. Inkubasjonstida er kort, vanlegvis ein til tre dagar.
Ved infeksjon med LPAIV kan fjørfe vere smitta utan å vise sjukdomsteikn. I nokre tilfelle kan ein sjå nedsett allmenntilstand, redusert fôropptak, nedgang i eggproduksjonen og milde luftvegssymptom.
Ved infeksjon med HPAIV kan omfanget av patologiske endringar vere avgrensa på grunn av den raske sjukdomsutviklinga. Likevel kan ein finne ødem, punktforma blødingar og nekrosar i fleire organ. Ved infeksjon med LPAIV kan ein finne mild til meir uttalt betennelse i øvre luftvegar, og eventuelt også i lunger og luftsekker.
Smitte til pattedyr og menneske
Sjølv om fugleinfluensa framleis hovudsakleg er ein sjukdom hos fuglar, har det sidan 2020 vore ei auke i smitte frå fuglar til pattedyr globalt. HPAIV er påvist hos fleire pattedyrartar. På verdsbasis omfattar dette både viltlevande pattedyr, gårdsdyr og kjæledyr, medan påvisingane i Noreg så langt hovudsakleg er gjort hos viltlevande pattedyr. Denne utviklinga vekkjer uro fordi influensavirus har stor evne til å endre seg, og omfattande smitte hos pattedyr kan auke sannsynlegheit for vidare tilpassing til nye vertar, inkludert menneske.
I sjeldne tilfelle har menneske blitt smitta med fugleinfluensavirus. Det er ikkje rapportert om nokre tilfelle i Noreg. Folkehelseinstituttet har vurdert at risikoen for smitte til menneske frå fugleinfluensavirus som sirkulerer i Noreg, er svært lav.
Les meir om fugleinfluensa hos menneske hos Folkehelseinstituttet.
Ville pattedyr kan bli smitta med fugleinfluensa, særleg i periodar med utbrot hos villfugl. Smitte skjer oftast etter kontakt med sjuke eller døde fuglar. På verdsbasis er det særleg rovpattedyr og sjøpattedyr som blir ramma. I Noreg blei fugleinfluensa hos ville pattedyr påvist for fyrste gang i 2022. Oppdatert oversikt over førekomst av HPAI hos ville pattedyr i Noreg finst her.
Pattedyr som blir smitta med fugleinfluensavirus utviklar gjerne sjukdom i lunger eller hjerne. Kliniske teikn på kan vere nedsett allmenntilstand, unormal åtferd, skeiv hovudstilling, sirkelgange, krampar, nedsett balanseevne, lamming i fram- eller bakbein og pustevanskar. Smitta dyr kan òg vere mindre sky og vise mindre frykt for menneske enn det som er vanleg.
Storfe kan bli smitta med fugleinfluensavirus, men sjukdomen er vanlegvis mindre alvorleg enn hos fjørfe. I USA blei høgpatogen fugleinfluensa H5N1 påvist hos mjølkekyr for første gong våren 2024, og smitta har sidan vore funnen i fleire delstatar. Våren 2026 blei antistoff mot H5N1 påvist i ein buskap med mjølkekyr i Nederland. Dette var den første påvisinga av H5N1-antistoff hos storfe i Europa. Funnet i Nederland er ikkje knytta til dei storfeassosierte virusvariantane som har sirkulert i USA, men blir rekna for å vere eit resultat av smitte frå H5N1-virus som sirkulerer i Europa.
Fugleinfluensaviruset H5N1 kan binde seg til reseptorar i juret hos storfe, formeire seg i mjølkekjertelen og gi akutt jurbetennelse hos mjølkeproduserande kyr. Viruset skiljast ut i mjølka hos smitta kyr.
Storfe som er smitta med fugleinfluensa viser generelt få kliniske symptom, men nokre dyr får nedsett mjølkeproduksjon, jurbetennelse, høgt celletal i mjølka, nedsett allmenntilstand, nedsett matlyst, feber, naseflod og klissete eller laus avføring. Så langt er det ikkje rapportert nevrologiske symptom hos storfe, slik ein gjerne ser hos andre pattedyr og fuglar. Det er særleg aktuelt å mistenkje fugleinfluensa hos storfe dersom fleire dyr i ein buskap har symptom som er foreinlege med sjukdomen, utan at ein finn andre sannsynlege årsaker.
I 2025 blei HPAIV H5N1 påvist hos ei søye med jurbetennelse i England, i samband med utbrot hos fuglar på same gard. Etter påvisingane av HPAIV hos storfe i USA blei 220 vaksne sauer i Vadsø i Finnmark prøvetekne i 2024. Sauer i dette området hadde hatt direkte kontakt med daude og sjuke krykkjer på beite sommaren 2023 under det store HPAI H5N1-utbrotet på Ekkerøy. Det blei ikkje observert sjukdomsteikn hos sauene, men det blei påvist antistoff mot H5-virus hos ei av søyene.
Svin kan smittast med ulike influensa A-virus og er av særleg interesse fordi ulike influensavirus kan utveksle gensegment hos denne arten. Så langt har svin likevel ikkje hatt ei sentral rolle i den pågåande H5N1-situasjonen.
Fugleinfluensa hos smådyr er uvanleg, men sjukdomen er påvist hos særleg katt i fleire land, inkludert i Europa. Kattar kan bli smitta dersom dei kjem i kontakt med sjuke eller døde fuglar som er smitta med fugleinfluensa. Dei kan og bli smitta dersom dei får i seg mjølk frå smitta kyr som ikkje er pasteurisert eller rått kjøt eller rått kjæledyrfôr frå fuglar som er infisert med fugleinfluensavirus.
Kattar som er smitta med fugleinfluensa har gjerne nedsett allmenntilstand, augebetennelse, nevrologiske symptom og respirasjonsvanskar. Mange av dei rapporterte tilfella har hatt eit alvorleg sjukdomsforløp, og sjukdomen kan vere dødeleg.
Hundar kan òg bli smitta, særleg dersom dei kjem i kontakt med sjuke eller døde fuglar, men sjukdom er sjeldan rapportert.
Diagnostikk
Diagnosen blir stilt ved påvising av virus ved hjelp av molekylærbiologiske metodar basert på prøver frå luftvegar, endetarm eller organ. Differensiering mellom HPAIV og LPAIV skjer ved sekvensundersøking av delar av hemagglutinin-genet.
Påvising av antistoff i serum kan vere til støtte i sjukdomsutgreiinga. Ved infeksjon med HPAIV hos fjørfe er sjukdomsforløpet oftast så kort at dyra ikkje nødvendigvis rekk å utvikle ein målbar antistoffrespons.
Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for aviær influensa.
Førekomst
Høgpatogen fugleinfluensa blei for fyrste gong påvist i Noreg hos ei kortnebbgås i Sandnes kommune i Rogaland i november 2020. Sidan den gong har virussjukdommen forårsaka dødelegheit hos villfugl i store delar av landet.
Sjå oppdatert oversikt over fugleinfluensa hos villfugl i Noreg.
I november 2021 vart høgpatogen fugleinfluensa for fyrste gong påvist i ei kommersiell fjørfebesetning i Noreg. Sjå oppdatert oversikt over fugleinfluensa hos fjørfe og fugl i fangenskap i Noreg.
I Noreg blei fugleinfluensa hos ville pattedyr påvist for fyrste gong i 2022, hos ein raudrev. Sjå oppdatert oversikt over fugleinfluensa hos pattedyr i Noreg.
Statusrapportar som omtalar smittesituasjonen, finn du her.
Overvaking
På oppdrag frå Mattilsynet gjennomfører Veterinærinstituttet overvakingsprogram for fugleinfluensa hos fjørfe og ville fuglar.
Les meir om overvaking av fugleinfluensa.
Tiltak
Høgpatogen aviær influensa hos alle fuglar, og infeksjon med lågpatogent H5- eller H7-virus hos fjørfe og fuglar i fangenskap, er liste 1-sjukdom. Det finst inga behandling mot sjukdommen.
Ved påvising av sjukdom hos fjørfe og fuglar i fangenskap vil det bli innførte ei rekkje tiltak for å nedkjempe utbrotet og forhindre vidare smittespreiing. Les meir om tiltak og handtering av utbrot hos Mattilsynet.
Det er forbode å vaksinere mot fugleinfluensa, men i særskilte tilfelle kan vaksinasjon likevel vere aktuelt. Slik vaksinasjon må søkjast om til Mattilsynet og gjennomførast og følgjast opp i samsvar med EU sitt dyrehelseregelverk. Vaksinerte fuglar er til ein viss grad verna mot sjukdom. Dei skil ut mindre virus samanlikna med ikkje-vaksinerte smitta fuglar, men kan framleis vere smitteberande. Ved bruk av enkelte vaksinar kan laboratorieundersøkingar skilje mellom vaksinerte og smitta fuglar.