To nye tilfelle av harepest
To tilfelle av harepest (tularemi) er diagnostisert hjå hare frå Sør-Noreg; eitt i Sogn og Fjordane og det andre i Vest-Agder. Dette er dei første tilfella av denne sjukdommen som er påvist hjå hare i år. I det eine tilfelle vart smitta også overført til menneske, og jegerar bør vera merksame på harepest no i jakttida.