Skrapesjuke Nor98 i Hedmark
Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ei fem år gammal søye av rasen norsk kvit sau frå ein flokk med om lag 50 vinterfôra sauer i Os kommune i Hedmark. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.