Varmare sjø gir nye helse- og velferdsutfordringar i fiskeoppdrett

Høgare sjøtemperaturar bidrog til rekord i talet på lusebehandlingar i oppdrettsnæringa i 2025. Dette gav likevel ikkje utslag i auka dødelegheit for oppdrettslaksen, noko som indikerer at den generelle helsetilstanden kan ha vore betre i 2025.

Redaktør for Fiskehelserapporten, Torfinn Moldal, og avdelingsdirektør for fiskehelse og fiskevelferd ved Veterinærinstituttet, Ingunn Sommerset. Moldal og Sommerset presenterer Fiskehelserapporten for 2025 under eit arrangement på Vilvite-senteret i Bergen 11. mars 2026. Foto: Asle Haukaas, Veterinærinstituttet
Redaktør for Fiskehelserapporten, Torfinn Moldal, og avdelingsdirektør for fiskehelse og fiskevelferd ved Veterinærinstituttet, Ingunn Sommerset. Dei presenterer Fiskehelserapporten for 2025 under eit arrangement på Vilvite-senteret i Bergen i dag 11. mars 2026. Foto: Asle Haukaas, Veterinærinstituttet.

Dette kjem fram i Fiskehelserapporten frå Veterinærinstituttet som gir ei årleg oversikt over helse- og velferdsutfordringane i norsk oppdrett. Rapporten for 2025 byggjer på offentleg statistikk, data frå diagnostiske laboratorium, resultat frå ei årleg spørjeundersøking og data om dødsårsaker som er gjorde tilgjengelege frå industriinitiativet AquaCloud.

– Periodar med varmare sjø gjer at lakselus og andre skadelege parasittar og mikroorganismar formeirar seg raskare og kan få fotfeste i nye område. Dette ser vi allereie ved at sjukdommar som har vore vanlege i sør no òg er til stades lenger nord. Mykje tyder på at klimaendringane er i ferd med å endre produksjonsforholda for oppdrettsfisken langs kysten, seier Ingunn Sommerset, avdelingsdirektør på Veterinærinstituttet.

Klimapåverknad

I den årlege spørjeundersøkinga blant fiskehelsepersonell blei det spurt om korleis klimaendringar og miljø påverkar fiskehelse og fiskevelferd i deira område. 81 prosent oppgav at dei opplever eit auka behov for lusebehandlingar. 39 prosent svarte at dei òg merka ein auke i førekomst av nye infeksjonssjukdommar. Ein av desse er amøbegjellesjukdom (AGD). Den blei påvist i Noreg første gong i 2006. I 2025 var det 99 tilfelle, noko som er ein markant auke frå tidlegare år. Parasitten som forårsakar AGD trivst i varmare vatn, og er påvist så langt nord som Troms i 2025. Sjukdommen pasteurellose har dei siste åra hovudsakleg vore eit problem for lakseoppdrettarar på Vestlandet, men i 2024 og 2025 var det fleire utbrot nord i Trøndelag og enkeltilfelle opp til Andfjorden-Senja-området.

Rekord i lusebehandlingar

Lakselus er framleis den største parasittutfordringa for norsk oppdrett. I 2025 hadde næringa 3918 behandlingsveker, 700 fleire enn året før, og rekord i ikkje-medikamentelle lusebehandlingar. Det er kjent at høge sjøtemperaturar gir meir lus. I spørjeundersøkinga er skade i samband med handteringskrevjande avlusingsoperasjonar rangert høgast som årsak til dødelegheit og redusert velferd hos matfisk av laks.

Auke for virussjukdommen IPN

I 2025 blei det registrert 40 tilfelle av infeksiøs pankreasnekrose (IPN). Det er omtrent ei tredobling frå året før. Auken i 2025 viser seg òg i spørjeundersøkinga, der IPN blir rangert blant dei ti største helseproblema både i setjefiskfasen og matfiskfasen for laks. Viruset angrip bukspyttkjertelen på fisken og kan gi auka dødelegheit, dårleg tilvekst og redusert velferd. Tidlegare var IPN ei stor utfordring næringa, men avlsarbeid som har ført til fisk som er meir motstandsdyktig mot sjukdommen (IPN QTL), utrydding av såkalla husstammar og vaksinasjon har bidrege til færre påvisingar dei siste åra.

Laks i merd. Foto: Rudolf Svensen
Laks i merd. Foto: Rudolf Svensen

Dødelegheit i sjøfasen og setjefiskfasen

Kategorien «dødfisk» utgjer den største tapskategorien i sjøfasen. 54,9 millionar laksar blei rapporterte som døydde under oppdrett i sjø, noko som er noko lågare enn i 2024 og 2023 då høvesvis 57,8 og 62,8 millionar laksar blei registrerte som døydde. Berekna som årleg dødelegheitsrisiko, gir dette ei dødelegheit for laks i sjøfasen på 14,2 prosent i 2025, mot 15,4 i 2024 og 16,7 prosent i 2023.

Talet på døde setjefisk (over 3 gram) blei i 2025 rapportert å vere 43,3 millionar laksar, ned frå 46,3 millionar i 2024. For regnbogeaure er tala 2,84 millionar i 2025 og 3,45 millionar i 2024. 2,44 millionar torsk døydde i setjefiskfasen. Det er opp frå 1,68 millionar i 2024. Måten dataa blir rapporterte inn på, vanskeleggjer ei berekning av årleg prosent dødelegheit i setjefiskfasen.

Årsaker til dødelegheit

For oppdrettslokalitetar som registrerer dødsårsaker i AquaCloud, utgjorde «Skadar» ca. 33,5 prosent av totalen, «Infeksjonssjukdommar» ca. 28 prosent, «Ukjend årsak» ca. 27 prosent og «Miljøforhold» ca. 4 prosent, medan dei andre kategoriane utgjorde ein mindre del. Samanlikna med 2024, blir skadar rekna å ha meir å seie for dødelegheit, medan infeksjonssjukdommar og miljøforhold blir tillagde mindre betydning. Blant infeksjonssjukdommane, står hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (HSMB) og kardiomyopatisyndrom (CMS) for ein større del av registreringane i 2025 enn førre år, medan vintersår forårsaka av Moritella viscosa blir tillagt mindre betydning.

Samanlikna data for laboratorieundersøkingar viser at både HSMB og CMS blei påvist på fleire lokalitetar i 2025, samanlikna med 2024. I spørjeundersøkinga blir HSMB rangert på ein tredjeplass over helseproblem som gir størst utfordringar for laks i matfiskfasen, medan CSM er på femteplass.

Det blei påvist klassisk vintersår forårsaka av bakterien M. viscosa på 246 lokalitetar med laks i 2025, mot 289 lokalitetar i 2024 og 320 lokalitetar året før. Den moderate nedgangen for vintersår blir òg spegla i spørjeundersøkinga. Nær all laks i setjefiskfasen blei vaksinert med ny vintersårvaksine i 2025.

– Det er ein stor styrke at data frå ulike kjelder som AquaCloud, laboratorieundersøkingar og spørjeundersøkinga peikar i same retning, seier redaktør for Fiskehelserapporten, Torfinn Moldal.

Meldepliktige sjukdommar

Infeksiøs lakseanemi (ILA) blei stadfesta på 18 lokalitetar i 2025. I tillegg oppstod mistanke om ILA på tre lokalitetar til i løpet av året, og eit landbasert stamfiskanlegg med mistanke frå januar 2024 stod framleis med mistanke ved utgangen av 2025. Det var forholdsvis mange utbrot i Vesterålen, og fleire utbrot kunne knytast til ILAV HPR0 i setjefiskfasen. Det var 44 nye tilfelle av pankreassjukdom (PD), samanlikna med 48 tilfelle i 2024, 58 tilfelle i 2023 og 98 tilfelle i 2022. Alle tilfella i fjor var innanfor endemisk sone. Bakteriell nyresjuke (BKD) forårsaka av Renibacterium salmoninarum blei påvist på ein sjølokalitet på Sunnmøre, medan det var mistanke om BKD på eit anlegg i Trøndelag. Bakteriesjukdommen piscirickettsiose blei listeført sommaren 2025. Det blei meldt om tre mistankar i Nord-Noreg i løpet av hausten, men ingen av desse blei stadfesta. Flavobacterium psychrophilum blei påvist på to anlegg med regnbogeaure i fjor, medan francisellose blei påvist på ein lokalitet med torsk.

Slaktekvalitet

Del superiorlaks (altså høgaste kvalitet, utan sår og skadar) auka frå 80,6 % til 86,9 % i 2025. Den vanlegaste årsaka til nedklassifisering for laks er sår og skader, og høgare del av superiorlaks tyder på betre velferd.

→ Her finn du Fiskehelserapporten 2025.

Kontaktpersonar: