Rensefisk bør avviklast om ikkje god dyrevelferd kan dokumenterast, meiner forskarar
Høg dødelegheit hos rensefisk i merd kombinert med varierande evne til å ete lus, får forskarane til å konkludere med at bruk av rensefisk bør fasast ut i løpet av få år. Dyrevelferda er for dårleg, viser ein ny oversiktsartikkel.
Studien har vært eit samarbeid mellom forskarar frå Deakin University i Australia, Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet.
‒ Rensefisk vart teken i bruk i storskala basert på eit for dårleg kunnskapsnivå, etter at småskala forsøk viste lovande resultat. Fokuset var på korleis laksen skulle få mindre lus, dermed vart det ikkje tatt nok omsyn til dyrevelferda til rensefisken, seier forskar Frode Oppedal frå Havforskningsinstituttet.
‒ På slutten av 1980-talet vart villfanga rensefisk introdusert og vanleg å bruke i oppdrettsanlegg for laks, fortel han.
På den tida auka problema med lakselus på oppdrettslaksen samstundes som det blei problem med at lakselusa utvikla resistens mot avlusingskjemikaliar.
‒ Då vart det testa om norsk leppefisk ville snappe lusa rett frå laksen sidan det i andre land var kjent at tilsvarande fisk kunne nappe parasittar frå andre artar. Tilsynelatande såg dette ut til å fungere veldig bra, fortel Oppedal.
Frå 2012 vart ein ny rensefisk, rognkjeks, oppdaga, og omfattande oppdrett og utsetting i merdar følgde.
I løpet av det siste tiåret er det sett ut omlag ein halv milliard villfanga og oppdretta rensefisk i norske merdar.
Har det ikkje bra i oppdrettsanlegga
‒ Mange meinte at rensefisk i stor grad nappa lakselusene av oppdrettslaksen, seier Kathy Overton, hovedforfatter fra Deakin Universitet.
I løpet av åra etter at rensefisk blei teken i bruk, har forsking vist at dei slett ikkje er dei dyktige luseetarane mange trudde.
‒ Fleire studiar har vist at berre eit fåtal av rensefiskane faktisk spisar lus, og effekten varierer kraftig mellom artar, lokalitetar og miljøforhald, seier Overton.
Samtidig er det dokumentert at rensefisk har dårleg velferd i merdane.
‒ Det er dokumentert gjennomgåande høg dødelegheit eller tap på desse fiskane, seier fagansvarleg for dyrevelferd Kristine Gismervik, frå Veterinærinstituttet.
Ho slår fast at produksjonsforhalda i laksemerdane ofte ikkje er tilpassa fysiologien og behova til rensefiskane.
‒ Vi ser at sjukdom, handtering og miljøbelastning er sentrale årsaker til den dårlege velferda, seier Gismervik.
Brukar færre rensefisk no enn før
Frå 2008 til 2019 auka bruken av rensefisk frå år til år.
‒ Veksten skuldast mangel på andre metodar, og at torskeoppdrett hadde kollapsa. Det førte til mange ledige marine fiskeyngelanlegg gjekk over til å produsere rensefisk.
I toppåret 2019 blei det satt ut over 61 millionar rensefisk. Deretter har talet gått nedover, og i 2024 var det redusert til 22,5 millionar.
‒ Årsaka til denne nedgangen skuldast mellom anna at vi har fått nye og meir effektive metodar for avlusing, at den lusespisande effekten er låg, samstundes at det har blitt meir fokus på korleis rensefisk har det i anlegga.
Også strengare regelverk til dyrevelferd, obligatorisk sortering før behandling og at forvaltinga i større grad har handheva reglane har gjort praksisen med å bruke rensefisk meir krevjande.
Fleire store aktørar har allereie slutta å bruke rensefisk.
Forskarane vil fase ut bruk av rensefisk
Forskargruppa bak den nye publikasjonen er tydelege på at oppdrettsnæringa bør slutte å bruke rensefisk. I artikkelen konkluderer dei med følgande:
- Rognkjeks bør fasast ut innan 2029.
- Villfanga leppefisk bør fasast ut innan 2029.
- Dersom oppdretta berggylt skal brukast, må næringa dokumentere tydeleg effekt i full skala og samstundes redusere dødelegheita til 5 prosent innan 2029. Ifølge kunnskapsgrunnlaget for forskarane, er det lite truleg at desse krava kan oppfyllast.
Les heile artikkelen her: The rise and fall of cleaner fish use in Norwegian salmon farming.