Nytt forskingsprosjekt om Piscirickettsiose i Nord-Atlanteren

Sjukdommen piscirickettsiose har vore eit aukande problem hos oppdrettslaks i Skottland og Irland. Utbrot på fleire norske anlegg i 2024 fekk varsellampane til å lyse òg her. Eit nytt prosjekt skal skaffe meir kunnskap om sjukdommen.

Duncan Colquhoun ved Veterinærinstituttet leier eit nytt forskingsprosjekt om bakterie som er årsaka til det meste av antibiotikabruken i Chile. Foto: Silje Katrine Robinson
Duncan Colquhoun ved Veterinærinstituttet leier eit nytt forskingsprosjekt om bakterie som er årsaka til det meste av antibiotikabruken i Chile. Foto: Silje Katrine Robinson

Piscirickettsiose er årssaka av bakterien Piscirickettsia salmonis. Sjukdommen er ikkje ny i Noreg, men før utbrotet i fjor har han vore nesten fråverande sida 2002.

– I Noreg blir det knapt brukt antibiotika i oppdrett, medan det i Chile blir brukt store mengder og rundt 85 % av dette blir brukt mot piscirickettsiose. Derfor må vi vere på vakt, seier seniorforskar og prosjektleiar Duncan Colquhoun ved Veterinærinstituttet.  

Det toårige prosjektet som no er i gang har fått namnet «PisciNor» og er finansiert av FHF og blir leidd av Veterinærinstituttet.

Vaksineutvikling

Stammane av P. salmonis som er karakterisert frå Nord-Europa ser ut til å vere noko annleis enn i Chile, men bakteriane som årsaker piscirickettsiose i Irland, Skottland og Noreg har aldri blitt genetisk samanlikna i ein samla studie. Forskarane veit derfor ikkje kor like eller ulike dei er. Piscinor-prosjektet vil derfor undersøkje likskapar og skilnader mellom bakteriane involverte, og mellom anna identifisere stammar eigna til vaksineutvikling.

Fisk med teikn til piscirickettsiose. Bakteriar kan finnast i dei fleste organ, men under norske forhold har teikna ofte vore lyse, ofte ringforma og delvis blodige, område i lever. Foto: Lea Rønning, Stim
Fisk med teikn til piscirickettsiose. Bakteriar kan finnast i dei fleste organ, men under norske forhold har teikna ofte vore lyse, ofte ringforma og delvis blodige, område i lever. Foto: Lea Rønning, Stim

Beste praksis

Prosjektet vil òg utarbeide ein ’beste praksis’-rapport om praktiske diagnostiseringa og handteringa av sjukdommen under nord-europeiske forhold. Prosjektet ønskjer òg å finne ut meir om naturlege reservoar for bakterien. Maneter, plankton og pukkellaks er blant moglege kandidatar, men dette skal altså undersøkjast i tida som kjem.

– Alt-i-alt er tanken at kunnskapen som kjem ut av dette prosjektet skal kunne betre biotryggleiken knytt til piscirickettsiose i oppdrettsnæringane primært i Noreg, men også i Irland og Skottland, seier Colquhoun.

Samarbeidspartnarar er Patogen AS, Marin Institute, Galway, Ireland, Marine laboratory, Aberdeen, Scotland, ADLE diagnostikk, Chile og NCE Aquaculture.