Kan parasittar hos svalbardrype påverke unge fuglars overleving?
Ein ny studie, RypeHóp, undersøkjer om parasittar, særleg koksidier, påverkar ungfuglbestanden negativt. Eit avgrensa datagrunnlag peikar mot at koksidier speler ei rolle. Forskerene tilrår overvaking av parasitten over tid for å forstå betydninga av parasitten.
Svalbardrypa har vore overvakt sidan slutten av 1990-talet, og bestanden verkar stabil til aukande ved vårteljing, truleg som følgje av mildare vintrar som gir betre overleving. Samtidig har andelen ungfugl i haustjakta gått ned, utan at årsaka har vore klar.
Tarmparasittar som særleg rammar ungfugl
Koksidier er eincella tarmparasittar som kan gi alvorleg sjukdom ved høge infeksjonsnivå, spesielt hos ungfugl før immuniteten er utvikla. Forskarane analyserte avføringsprøvar frå både ville svalbardryper og svalbardryper i fangenskap samla inn i 2024 og 2025, vurderte parasittbelastninga, identifiserte parasittartane genetisk og testa korleis temperatur påverkar smittegrad av koksidier i miljøet.
Indikerer at koksidier er utbreidd
Studien antydar at koksidier er utbreidd både hos ville svalbardryper og hos svalbardryper i fangenskap. Éin art, Eimeria uekii, dominerte og er kjend for å gi sjukdomsutbrot i fangenskap. Enkelte ville fuglar kan ha parasittnivå som potensielt kan påverke helsa, ettersom liknande nivå i fangenskap fører til sjukdom. Samtidig kan skilnader i tettleik, stress og kosthald mellom ville bestandar og fuglar i fangenskap påverke både smittepress og sjukdomsutvikling, og det er derfor ikkje gitt at same parasittnivå har lik effekt hos ville fuglar.
Avgrensa datamateriale – tilrår langvarig overvaking
Datagrunnlaget er førebels avgrensa, og forskarane kan ikkje konkludere med kva betydning dette har for overlevinga til ungfuglane i felt. Resultata peikar likevel på at koksidier kan vere éin av fleire faktorar som påverkar populasjonsdynamikken.
Parasitten sporulerer, utviklar seg til eit smittsamt stadium, raskt i miljøet ved 15–25 °C, men også ved låge temperaturar, og toler kortvarig frysing. Desse sporuleringsforsøkene viser at eit varmare klima kan føre til auka smittepress, noko som særleg vil ramme unge, ikkje-immune ryper. Forskarane tilrår derfor langvarig overvaking av parasittar hos svalbardrype for betre å forstå både bestandstrendar og effektane av klimaendringar i åra framover.
Studien er eit samarbeid mellom Veterinærinstituttet, Norsk polarinstitutt og UiT Noregs arktiske universitet, finansiert av Svalbards miljøvernfond.