Fastlands-Noreg framleis utan revens dvergbendelorm

Resultata frå det nasjonale overvakings- og kontrollprogrammet for revens dvergbendelorm (Echinococcus multilocularis) for 2025 viser at Fastlands-Noreg framleis er utan denne parasitten.

Rødrev. Foto: Inger Sofie Hamnes, Veterinærinstituttet
Rødrev. Foto: Inger Sofie Hamnes, Veterinærinstituttet

I den nye rapporten «The surveillance programme for Echinococcus multilocularis in red foxes (Vulpes vulpes) in Norway 2025», kjem det fram at 505 avføringsprøvar frå raudrev og éi avføringsprøve frå ulv blei undersøkte for førekomst av revens dvergbendelorm. Parasitten blei ikkje påvist i nokon av desse prøvane. Totalt har det sidan overvakingsprogrammet blei starta i 2002, blitt undersøkt meir enn 9600 prøvar frå raudrev.

Veterinærinstituttet gjennomfører det nasjonale overvakingsprogrammet for Echinococcus multilocularis hjå raudrev på oppdrag frå Mattilsynet. Formålet er å dokumentere fristatus for denne parasitten i Fastlands-Noreg. På bakgrunn av Noregs fristatus krev norsk regelverk at hundar som reiser inn til Noreg frå endemiske område, skal behandlast mot denne parasitten for å unngå at han blir innført via hundar. Parasitten kan forårsake alvorleg sjukdom hjå menneske.

Bakgrunn

Echinococcus multilocularis er endemisk i store delar av den nordlege halvkula, inkludert austlege og sentrale delar av Europa. Parasitten blei første gong påvist på Svalbard og i Danmark i 1999, og i Sverige i 2011. Spreiing av parasitten til nye område kan skje både via ville hundedyr (i Noreg primært raudrev og ulv), infiserte smågnagarar som blir frakta med transport, eller via hundar som blir importerte frå område der smitten finst.

→ Her kan du lese heile rapporten.