Framleis lågt antibiotikaforbruk til dyr i Noreg

Noreg var det landet i Europa med lågast sal av antibiotika til matproduserande dyr i 2024, viser ein ny rapport frå Det europeiske legemiddelbyrået. For hund og katt er det likevel fleire land med lågare sal enn Noreg.

Fjørfe. Foto: Colourbox
Fjørfe. Foto: Colourbox

Data for 2024 frå eit overvakingssystemet for sal og forbruk av antibiotika til dyr i Europa er no publisert i rapporten European Sales and Use of Antimicrobials for Veterinary Medicine (ESUAvet).

Lågt forbruk av antibakterielle midlar til dyr i Noreg

ESUAvet rapporten viste at samanlikna med EU land er Noreg blant dei  landa med lågast sal av veterinære antibakterielle midlar til matproduserande dyr når ein ser forbruk i samanheng med dyrepopulasjonen. Det var noko høgare sal (fem prosent) av antibakterielle midlar til matproduserande dyr totalt i EU, Island og Noreg i 2024 samanlikna med 2023. Salet i Noreg var stabilt i same peride. For hund og katt hadde seks land lågare sal av antibakterielle enn Noreg. Salet til desse artane i Noreg var likevel under snittet for EU land: 26 mg/kg mot 34 mg/kg dyrebiomasse.

-Dette kan tyde på at det er eit potensiale for vidare reduksjon av forbruket til hund og katt, seier fagansvarleg for legemiddelforbruk ved Veterinærinstituttet, Kari Olli Helgesen. Ho påpeikar likevel at populasjonsdata for hund og katt er meir usikre enn dei same dataa for produksjonsdyr.

Frå frivillig til lovpålagd rapportering

Frå og med 2023 blei det lovpålagt for alle EU-land og dessutan Island og Noreg å rapportere sal og forbruk av antibakterielle legemiddel til dyr til Det europeiske legemiddelbyrået (EMA). I Noreg rapporterer legemiddelgrossistar sal av veterinære antibakterielle midlar til Folkehelseinstituttet, medan forbruksdata blir rapportert av apotek og veterinærar til Mattilsynet. Veterinærinstituttet analyserer sals- og forbruksdata og rapporterer desse til EMA på oppdrag frå Direktoratet for medisinske produkt og Mattilsynet.

Rapportering av forbruksdata er på dyreartnivå, og for 2024 gjaldt det storfe, gris, kylling og kalkun.

Datakvalitet forbruksdata

Alle 27 EU land, Island og Noreg rapporterte forbruk av antibakterielle midlar til EMA for storfe, gris, kylling og kalkun for 2024. Dekningsgraden varierte betrakteleg mellom dyreartane og mellom landa. For Noreg var rapportert dekningsgrad for forbruksdata om lag 78 %. Forbuksdataene i ESUAvet rapporten må derfor tolkast med stor aktsemd, då dei ikkje representerer heile det reelle forbruket.