(Tabell over funn i 2006 finst nederst i artikkelen)
Last ned hele den engelske rapporten Surveillance and control programmes for terrestrial and aquatic animals i Norway.
Last ned den norske kortversjonen Overvaking og kontroll av fisk, dyr og skjel i Noreg.
Overvakingsprogrammet for bovin virus diaré (BVD) starta i desember 1992. Målet med programmet er nå nådd. Restriksjonane på den siste bandlagte besetningen vart oppheva i 2006 og ingen nye besetningar vart bandlagt pga. BVD dette året.
I åra 2000 til 2006 har meir enn 120 000 storfe blitt testa for kugalskap (BSE). Alle prøver har vore negative. Klassisk skrapesjuke vart diagnostisert i ein besetning og skrapesjuke Nor98 vart påvist i åtte besetningar i 2006. I ein geitebesetning vart det for første gong i Noreg påvist skrapesjuke Nor98. Det vart testa 211 prøver frå ville hjortedyr og oppdrettshjort for chronic wasting disease. Alle prøvene var negative.
Mædi vart i 2002 diagnostisert i ein sentral avlsbesetning i Trøndelag. Oppfølgjande undersøkingar avdekka seropositive dyr i 45 kontaktbesetningar. I eit nasjonalt overvakingsprogram er det i åra 2003 til 2005 funne seropositive dyr i fire avlsbesetningar. Ingen prøver var positive for mædi i 2006.
Overvakingsprogrammet for spesifikke svinevirus (Aujeszky’s disease (AD), smittsam gastroenteritt (TGE), porcine respiratory reproductive syndrome (PRRS) og svineinfluensa) gir ingen positive funn i 2006. Desse resultata saman med resultat frå tidlegare år stadfestar at Noreg har ein unik status i internasjonal samanheng når det gjeld meldepliktige sjukdomar på svin.
Influensa A vart påvist i 85 ville fuglar av 1274 undersøkte. Ingen av dei 84 var positive for høgpatogene virusstammar. Det vart og testa 3199 fjørfe frå 306 flokkar. Ingen prøver var positive for høgpatogene influensa virusstammar. Det vart heller ikkje påvist infeksiøs laryngotrakeitt hos fjørfe i 2006.
Førekomsten av Campylobacter positive slaktekyllingflokkar vart redusert frå 7,7 % i 2001 til 3,3 % i 2005. Dei to siste åra har det derimot vore ein aukande prevalens med 3,6 % i 2005 og 4,9 % i 2006.
Resultata frå salmonellaprogramma i 2006 bekreftar resultat frå tidlegare år. Norske storfe, svin, småfe og fjørfebesetningar er berre sporadisk smitta med Salmonella sp.
Med bakgrunn i eit utbrot av Echerichia coli (E. coli) hos menneske i 2006, vart det laga eit overvakingsprogram for førekomst av humanpatogene stammar av E. coli hjå sau. Det vart teke ut prøver hausten 2006. Desse vil bli analysert saman med prøver tatt ut i 2007.
Mycobacterium avium subsp. paratuberculosis ser ut til å finnast endemisk i geitebesetningar i seks fylker i Noreg der meir enn halve geitepopulasjon er. Paratuberkulose vart påvist i to geitebesetningar i 2006. To positive sauebesetningar vart påviste som følgje av oppfølgingsprøver frå positive geitebesetningar, mens ingen storfebesetningar var positive for paratuberkulose i 2006.
I alt 69 prøver (1,9 %) frå dyr og ubehandla produkt frå dyr vart klassifisert som positive for følgjande grupper: A2 tyreostatika, A3 steroider, B2b koksidiostatika, og B3c tungmetall.
Fiskesjukdommane viral hemoragisk septikemi (VHS) og smittsam hematopoietisk nekrose (IHN) og for skjelsjukdommane bonamiose og marteiliose. Resultata frå overvakningsprogramma for 2006 viser at desse sjukdomane framleis ikkje er påviste i Noreg. Gyrodactylus salaris vart påvist i to elvar i 2006, ei av desse vart behandla med rotenon i 2003. I det andre vassdraget er parasitten påvist for første gong, noko som gjer at talet på norske elvar der infeksjon med G. salaris er påvist aukar til 46.